Kan bli Årets bibliotek

Tilsette ved Trøndelag Fylkesbibliotek på skogstur, men openberrt ikkje på bærtur sidan dei er nominert til utmerkinga Årets bibliotek. Foto: Randi Sakshaug

Denne gjengen frå Trøndelag er nominert saman med Grimstad og Grünerløkka.

Ein jury nedsett av Norsk Bibliotekforening har no nominert tre bibliotek til å vinne den gjeve prisen «Årets bibliotek»:

 Juryen har vore:

Vebjørn Rogne, redaktør BOK365

Bente Riise, generalsekretær i Norsk tidsskriftforening

Jo Straube, fotograf

Trud Berg, leiar Stormen bibliotek, fjorårets vinnar

Mariann Schjeide, leiar Norsk Bibliotekforening

 

Deichman Grünerløkka

NOMINERT: Deichman Grünerløkka. Foto: Marco Heyda

Dette er Noregs eldste bibliotekbygning, og første bygning bygd for å vere nettopp eit bibliotek. Bygget er laga etter same mal som Bergen Offentlege Biblioteket, og var nok moderne for si tid. Men det måtte gjerast nokre drastiske grep for å få bygget innvendig til å framstå som tidsriktig for ei moderne bibliotekdrift i vår tid. Grünerløkka er forfriskande tradisjonelt! Det historiske biblioteket er tatt vare på, men biblioteket er raust, attraktivt og fleksibelt. Biblioteket er fylt med plantar, og området ute er staden for urbant landbruk, midt på hippe Grünerløkka! Romma er betre å vere i etter renoveringa, sjølv med ei femti prosent auke i besøkstalet. Og ein heil etasje for barn og unge der fleire aldersgrupper fungerer saman i same rom.

 

Grimstad bibliotek

NOMINERT: Grimstad bibliotek. Foto: Helge Eek.

Biblioteket flytta inn i nye lokale på bryggekanten i Grimstad i 2017. Og som så mange andre stader med nye bibliotek har både besøkstal, utlånstal og arrangement auka kraftig. Frå å vere bekymra for om nokon kom i det heile tatt i det gamle biblioteket, til å no oppleve at kapasiteten til tider er sprengt for kor mange dei greier å ta imot til arrangementa. Grimstad bibliotek er eit typisk bybibliotek i Noreg som har fått oppleve den forvandlinga i kvardagen eit nytt bibliotek med moderne fasilitetar kan føre til. Men dei opplever også at bemanninga og talet på tilsette er det same, og at driftsbudsjett ikkje er det same som investeringsbudsjett. Likevel har biblioteket blitt Grimstads nye storstove, og er nok eit døme på at nybygg og satsing fører til eksplosjon i besøks- og utlånstal. Dette er god stadutvikling!

 

Trøndelag fylkesbibliotek

Fylkesbiblioteket er særleg nominert for arbeidet som har blitt lagt ned for samisk språk generelt og sørsamisk språk generelt. Dette er av stor og livsviktig betydning for for dei små samiske språka i Sapmi. Dei har ved fylkesbiblioteket i Trøndelag utvida oppdraget sitt til å drive med språkreddingsarbeid til stor inspirasjon for både språkinteresserte, bibliotek, samiske språkmiljø, samiske lesarar og komande samiske lesarar. I dette arbeidet samarbeider fylkesbiblioteket tett med språkbrukarar, tolkar, forlag og samiske miljø på ein heilt unik måte. Materialet blir tidvis presentert på ein interaktiv måte slik at ein skaper interesse blant den sørsamiske befolkninga og andre interesserte. Særleg har det vore viktig å nå dei minste som skal vere dei framtidige brukarane av dette utsette språket. Dette arbeidet passar særleg godt inn i FN sitt år for urfolksspråk. Dette er eit arbeid i verdsklasse.