annonse

 «Kafka på stranda» til scenen

Haruki Murakamis mest kjente bok får noregspremiere 16. februar på Det Norske Teatret.

Haruki Murakami er Japans mest kjente og hylla forfattar her i Vesten, og namnet blir stadig nemnt mellom Nobelpris-kandidatane. No blir teaterversjonen av boka Kafka på stranda sett opp i Noreg for første gong, i ei dramatisering ved Frank Galati.

I Haruki Murakamis verd flyt draumar og verkelegheit over i kvarandre, spøkelse finst og menneske kan snakke med kattar. Derfor blir bøkene hans ofte omtalte som surrealistiske, mystiske og rare. Han er ikkje redd for å ta i bruk overnaturlege fenomen og let seg inspirere av både japanske og vestlege mytar og popkultur.

Rømmer frå skjebnen

15 år gamle Kafka Tamura (Morten Svartveit) blir fortalt at han ein dag skal drepe sin eigen far og ligge med den bortkomne mora og søstera si. For å sleppe unna faren og denne mørke ødipale profetien flyktar han frå heimen i Tokyo. På bussen møter han ei ung kvinne (Agnes Kittelsen), som kanskje er søster hans og som hjelper han med å finne ein plass å bu i ein liten småby. Her får han jobb ved eit bibliotek drive av den gåtefulle frøken Saeki (Ane Dahl Torp), som kanskje er mor hans? Er reisa hans bestemt av skjebnen, kan han komme unna fortida si, eller vil han bli innhenta av familiespådomen?

Kattar og parallelle univers

Vi møter også den gamle mannen Satoru Nakata (Lasse Kolsrud), som har evna til å snakke med kattar. Han kjem i kontakt med to mystiske kjeltringar; kattedreparen Johnnie Walker (Geir Kvarme) og ein kvitkledd hallik med tilgang til ei parallell verd. Dei mytiske motiva er gjenkjennbare, men er det søstera og mora han møter? Finst det ei løysing på alle gåtene?

Det er regissør Carl Jørgen Kiønig som i lag med komponist og tidlegare band-kollega Åsmund Feidje, skal gjenskape Murakamis univers på scenen i ein nedstrippa scenografi av Milja Saalovaara.

Noregspremiere fredag 16. februar kl. 19.30 på Det Norske Teatret, Scene 2.

Foto: Morten Svartveit skal spele Kafka Tamura, den 15 år gamle guten som rømmer frå far sin for å sleppe unna lagnaden. (Foto: Fredrik Arff / Det Norske Teatret)