Julias Brage-vinner: «Herleg ekkel»

BRAGEPRISEN – BARN OG UNGDOM: Brage-juryen lot seg forføre av Julia Kahrs’ annerledes-fortelling om familien Brattbakk.

Årets Bragepris-utdeling er i gang på Dansens Hus i Oslo. Kveldens første pris går til Julia Kahrs, i kategorien Barne- og ungdomsbøker, for Familien Brattbakk (Gyldendal).

– Takk til de to forlagene som refuserte meg da jeg var 16, sier Kahrs fra scenen. Hun la til:

Julia Kahrs på scenen under Brageprisen.

– Fra sjokk til takk! Denne prisen betyr enormt mye for forfatterskapet mitt, sa Kahrs. Hun takket far, mor, bror, kone lokalbibliotekar i Son og skrivelærer Stig Elvis Furseth.

«Grøssande gyseleg»

«Julia Kahrs sin forfattarskap skriv seg inn i glipene i røynda, inn i dei små romma mellom det kjende og det ville, det sjølvsagte og det vanvitige. I denne vesle, men ikkje uviktige forskyvinga, finn ein dei mest utrulege historier, og magien i det er at ein ser si eiga verd og sitt eige tilvære med eit friskare, meir nyfikent blikk,» heter det i begrunnelsen frå Brage-juryen, som legger til: «Slik er historia om familien Brattbakk: Uføreseieleg, ja – men mest herleg ekkel. Underleg. Grøssande gyseleg. Og full av dei snålaste vendingar. Når Sam Brattbakk vert kasta i elva av klassekameratane, får mor nok, og dei flyttar. Men det er noko med denne flyttinga. Noko rart, som om det finst ein plan ein stad som ikkje verkar vera heilt god.»

«Vill og sanseleg»

Videre heter det: «Romanen er godt komponert, susande i språket og driven fram av eventyr og overraskingar. Men kanskje viktigast likevel er Kahrs si evne til å skriva fram store rom for barnelesaren. Slik vert lesaren ein slags detektiv midt i alt det snurrige som hender, barnet ser samanhengar før hovudpersonen Sam gjer det sjølv. Her er barn som forsvinn, skuggar mellom trea og ein stor storm i emning. Mykje står på spel, og løysinga ligg i barnet som ikkje gjev opp.

Kva romanen handlar om? Å høyra til. Gøymde sanningar. Finna ut kven ein er. Kjærleik. Alt det viktige i ei vill og sanseleg innpakning.»

De øvrige nominerte i kategorien var Hilde Myklebust: Splintra (Samlaget), Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig (ill.): Grisaldo (Cappelen Damm) og Tyra Teodora Tronstad: Oppskrift mot ånder som knuser ting (Aschehoug).