I anledning 10-årsjubileet for Herborg Kråkeviks tradisjonsrike Juleroser, kommer magasinet for første gang til live på scenen tre søndager i advent.
I år feirer «Juleroser» 10 år, og i den anledning har Det Norske Teatret og Samlaget sammen med Herborg Kråkevik trommet saman noen av de som har bidratt til heftet gjennom alle desse årene.
I årets julehefte finner vi bidrag fra blant andre Jon Fosse, H.K.H. Mette-Marit, Paul Auster, Jo Nesbø, Sondre Lerche og Carsten Jensen. De tre sistnevnte blir også å se på scenen på Det Norske Teatret.
Juleheftet Juleroser ble først utgitt i 1881, og var det første juleheftet som kom ut regelmessig i Norden. Etter en pause på over 70 år, ble tradisjonen vekket til live i 2015, denne gang med artist og skuespiller Herborg Kråkevik som redaktør.
Her er Juleroser-programmet ved Det Norske Teatret:
1. desember med Vigdis Hjorth, Sondre Lerche og Carsten Jensen
Sondre Lerche har skrive og komponert årets julesong i Juleroser; Den sanne jul. Med seg på scenen har han Oslo Filharmoniske kor.
Carsten Jensen har bidratt med ein tekst til årets Juleroser, som han vil framføre sjølv.
Vigdis Hjorth skreiv novella Julaften til Juleroser i 2015. Den handlar om ei mor sin kamp for å halde seg edru på julekvelden.
8. desember med Linda Eide og Janove Ottesen
Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra komponerte låta Carnaby jul til Juleroser i 2022. Songen handlar om å skape gode minne for barna, inspirert av kona sine barndomsminne frå reiser til London i desember. Om barnet som tek inn i storbyen med alle sansar og held mor trygt i handa.
Linda Eide skreiv teksten Jolatantene prøver seg på ein vri til magasinet i 2018, der ho spør om det er mogleg å lage heilt nye juletradisjonar i vaksen alder, eller om det berre fører til sorg, sinne og skilsmisse.
15. desember med Jo Nesbø og Vetle Lid Larssen
Jo Nesbø har skrive teksten Hoppbakken til årets hefte, om den jula han og broren fekk hoppski til jul, om lyden av is i sporet og frykta for å skuffe pappa.
Vetle Lid Larssen skreiv novella Den magiske øsen for Juleroser i 2016. Den handlar om ein mann som er lei julemaset og dreg til Venezia i staden. Men den magiske ausa heimsøker han.
Skodespelarane Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen og Morten Svartveit deltar alle kveldar, i tillegg til musikarar frå Det Norske Teatret.