Med julelys og med norske flagg

Oddgeir Bruaset er aktuell med ei ny julebok – og denne gongen er det juletreet som står i sentrum.

Juletreet har ein sjølvsagt plass i norske heimar på julaftan – men kvar kjem eigentleg skikken frå?

Dei første juletrea vart reiste tidleg på 1500-talet, i eit område som den gongen var tysk og vart kalla Elsass, og som i dag er fransk og heiter Alsace. Skriftlege kjelder fortel at ulike handverkslaug sette opp eviggrøne tre, helst edelgran, eller Tannenbaum, anten inne i laugslokala eller på plassen utanfor. Trea vart pynta med små kaker og frukt, og når jula var over, vart dei hausta, og borna til laugsmedlemmene og fattifolk fekk ete ”pynten”, fortel Bruaset.

Oddgeir Bruaset har tidlegare utgitt fleire kulturhistoriske bøker, men mest kjent er han kanskje frå TV-serien «Der ingen skulle tro at nokon kunne bu». Han har tidlegare utgitt boka Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu, om julefeiring på avsidesliggjande stader. Denne hausten er han klar med historia om juletreet.

Heilt konkret var det forlaget, Vigmostad & Bjørke, som spurde om eg ville skrive ei bok om juletreet. Og når eg takka ja, var det fordi eg er ein juleromantikar og julenostalgikar, som er nesten like glad i høgtida i dag som eg var som barn. For å underbyggje påstanden kan eg nemne at eg også har skrive ei tredje julebok, Det lyser i stille grender, som handlar om historia bak eit tjuetal av dei mest kjende og kjære julesongane våre. Alle har det til felles at dei er blitt til på ein heilt forunderleg måte.

Dei første juetrea

–  Dei første juletrea var av verdsleg karakter. Laugsmedlemmene reiste trea for at familiane deira skulle hyggje seg, fortel Bruaset.

Etter reformasjonen fekk juletreet nytt innhald. For katolikkane var julekrubba det sentrale julesymbolet. Protestantane trong eit anna å samle seg om, og valet fall på juletreet. Treet var eviggrønt og kunne samanliknast med Livsens tre i Bibelen.

Tidleg på 1600-talet fekk juletreet plass i dei protestantiske kyrkjene, og samstundes vart det bore inn i private heimar. Men katolikkane tok lenge avstand frå juletreet. Først kring 1970 vart det akseptert av pavekyrkja, og den første julegrana vart tend på Petersplassen.

Gradvis vart juletreskikken kjend også i andre land, og det var gjerne tyske handelsmenn som tok han med seg. Til Noreg kom dei første juletrea for knapt 200 år sidan, og då fekk dei plass i storstovene til overklassen, som embetsmenn og godseigarar.

Kva skal på treet?

I dag er det kanskje ikkje så mange som lenger ser på treet som eit kristent symbol. Det blir like gjerne pynta med nissar som med englar, og lysa er til for å skape stemning og vere ei motvekt mot mørketida.

Kva som skal på treet og korleis ein pyntar det, varierer frå heim til heim – og spørsmålet om kven som skal pynte og når det skal pyntast, har forandra seg løpet av åra.

I tidlegare tider vart treet pynta om ettermiddagen julekvelden, og ofte var det dei vaksne som sytte for det, medan borna stod utanfor stovedøra og venta spent på openberringa. I dag er store og små som oftast saman om pyntinga, og seremonien er flytta til veslejulaftan, om ikkje fleire dagar før.

 Korleis er pynten heime hos deg?

I heimen vår har vi eit nostalgisk forhold til jula, og vi hengjer den same pynten på treet år etter år. Den aller kjæraste gjenstanden er ein gul fugl, endå han har mist stjerten, og fargen har bleikna. Historia bak er nærare 40 år gammal. Dei to eldste sønene våre var då 3 og 6 år gamle, og dei var med på pyntinga. Dei hadde endåtil fått kvar sin vesle fugl. Men minstemann var uheldig og miste fuglen sin. Han låg på golvet i tusen bitar, og gråten var sår, fortel Bruaset, men legg til at pyntinga fekk ei lykkeleg avslutning:

– Då var det at eldsteguten viste storsinn. Utan oppmoding sa han: ”Du kan få min.” Og gråten stogga. Sidan den gongen har fuglen hatt ein eigen glans, og han har sin faste plass på treet, nesten oppe ved stjerna.

Rundt om ein einebærbusk

Det kanskje mest underlege ved juletre-tradisjonen er at ein går rundt treet på julaftan og syng songar. Men kvifor gjer vi det?

Truleg kan skikken sporast tilbake til tida då laugsmedlemmene i Elsass dansa rundt treet. Men då treet vart eit kristent symbol, eit symbol på Jesus, vart gangen rundt det meir høgtideleg, og det vart naturleg å syngje julesalmar attåt. At folk heldt kvarandre i hendene, var uttrykk for nestekjærleik og solidaritet, som også vart oppfatta som kristne verdiar. Seinare fekk juletregangen på nytt innslag av leik, hos oss gjennom songleikar som ”Å jul med din glede” og ”Så går vi rundt om en enebærbusk”.

Men skikken som opphavleg handla om samhald og nestekjærleik, har også vore kontroversiell:

Dei mest konservativt kristne samanlikna gangen rundt treet med dansen rundt gullkalven, og mange brukte ord som avgudsdyrking og gudsspotting. I vår tid er interessa for juletregangen dalande. Berre 30 prosent av dei som feirar jul her til lands, går rundt juletreet, fortel statistikkane. Dessutan er juletrefestane blitt færre. Og i vår fleirkulturelle tid er gangen rundt treet igjen blitt kontroversiell. Fleire skular har dei siste åra kravd at foreldra skal gje skriftleg godkjenning før borna deira får gå rundt treet under juleavslutninga.

Ein juletrefest kan føre til mangt

Når ein skriv bok om noko mange har eit nostalgisk og kjærlig forhold til, kjem ein over mange hyggelege historier.

Kva var den mest morosame historia du kom over i ditt arbeid med boka?

Skal eg velje ei, kan det vere om guten frå Hjelmeland i Ryfylke, han som var for liten til å kunne vere med på juletrefesten som læraren heldt for elevane, men som likevel sneik seg inn. Treet stod pynta med appelsinar og eple og alt som godt var, og under haustinga skulle elevane få kvar si søte frukt. Fort oppdaga seksåringen at pynten, epla, pærene og appelsinane, ikkje var fleire enn det var elevar. Den vesle inntrengjaren stod tafatt og såg at alle fekk – alle utanom han. Då var det han kjende at nokon pikka han på ryggen. Der stod eine dottera til læraren og sa: ”Du kan få halvparten av appelsinen min.”

«Eg kunne ikkje gløyme henne for dette, og då eg vel var konfirmert, spurde eg om ho ville bli kona mi. Og ho svara ja.” Etter det drog guten til Amerika for å leggje seg opp pengar, og på heimreisa kjøpte han eit makelaust vakkert kjoletøy.  Det skulle ho ha til brurekjole. ”Og aldri har det stått ei fagrare brur i Hjelmeland kyrkje”, fortalde han på sine gamle dagar. Ein juletrefest kan føre til så mangt.

 

(Hovedfoto: Staale Wattøsw@smp.no. Foto Bruaset: Aadne Gloppestad, Firda Tidend.)