Piano mot skrivesperre

Line Dybedal (foto: Helle Frogner)

BARNEBOKPROFILEN: – Det dukkar naturligvis opp ei skrivesperre no og då, og då kan det hjelpe å setje seg ved pianoet og berre spele fritt.

Line Dybedal er låtskrivar og musikar frå Nordfjord. Eit hjarte til jul er den første boka hennar. Her møter vi Nora og mammaen hennar, som er sjuk og treng eit nytt hjarte. Boka er illustrert av Line Renslebråten.

Forfattar: Line Dybedal

Aktuell med: Eit hjarte til jul (Samlaget)

 

– Kvifor skreiv du akkurat denne boka?

– Eg fekk henvendelse frå redaktør i Samlaget som spurte meg: «Har du vurdert å skrive barnebok?» «Nei», sa eg, «men eg kan prøve!». Jammen glad eg hoppa på den!

– Eg starta å skrive i juletider, eg elsker jul, så eg henta mykje inspirasjon frå jul, vinter og spenninga som ligg rundt denne tida. Farmor er ein viktig skikkelse i Eit hjarte til jul. Mi eiga farmor var ein viktig person i oppveksta mi, så det vart tidleg klart at ho måtte vere med.

– Mora mi hadde ei sjuk mor, og dette er noko eg har tenkt mykje på, spesielt etter at eg vart mor sjølv. I tillegg har eg i veldig mange år vore oppteken av organdonasjon.

– Det er heldigvis ikkje så mange som kan kjenne seg att i problemstillinga, at nokon nær oss ventar på eit organ, men å vere engstelig for våre kjære, det er noko vi alle kjenner oss att i.

– Tre barnebok-favorittar:

– Vi i Bakkebygrenda, Klatremus og Disney-bøkene frå 90-talet.

– Sjekk ut: 

Ylva og villgeitene av Hilde Myklebust.

– Korleis arbeider du?

– Eg har arbeidsplass heime i huset mitt, men skriv absolutt best dersom eg tek med meg datamaskina ein heilt annan stad. I bilen på ein parkeringsplass, på ein kafé, på fjellet, på havet, og så vidare. Eg les ofte høgt når eg skriv. Då høyrer eg musikken i orda og setningane godt.

– Det dukkar naturligvis opp ei skrivesperre no og då, og då kan det hjelpe å setje seg ved pianoet og berre spele fritt. Kanskje dukkar det også opp ei ny låt i same slengen. Eg likar også å lese det foreløpige manus for både vaksne og born. Då høyrer eg teksten på ein annan måte. Litt som om eg tek på meg andre sine øyrer.

 

Mamma på sjukehuset i «Eit hjarte til jul», illustrert av Line Renslebråten.

– Kva for barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn? 

Ronja Røverdatter. Eg tok med meg ord, utrykk og situasjonar i leik. På den måten vart det mykje meir som plutseleg var «lov».

– Kva for ein barnebokskikkelse ville du helst møtt?

– Kvitebjørn Kong Valemon!

– Og kven ville du helst ha vore?

– Ronja Røverdatter. Eg skulle gjerne ha vore villare, modigare og galnare.

– Kva må ei god barnebok innehalde?

– Aller fyrst må det vere eit spanande omslag. Det hjelper ikkje om boka er god boka om omslaget ikkje apellerar til borna. Eg har ein gut på 5 år som elsker å bli lest for. Stilige bilete er å foretrekke, men om skildringane er med ein ny vri eller ein snert, så lagar han heilt fint sine eigne bilete.

– Eg liker både bøker med moral og tyngde som sit igjen i tankane og kjenslene lenge etterpå, og bøker som er lettleste og umiddelbart underhaldande.

– På eventyr med Potter eller over dei sju hav med Pippi?

– Sju hav med Pippi. Pippi har eit pågangsmot og ein type personlegdom som mange har noko å lære av. Det å tenkje nytt, tørre å prøve nye ting og det å vere seg sjølv.