Humoristisk om ein fri murar

Arkitekt Kjersti Aase Winjum og far, gråsteinsmuraren, Haakon Aase. (foto: Morten Spaberg)

MELDT: Inga tørr fagbok om tørrmuring, men ein saftig og kjærleg historie. Jan Nyberg om Kjersti Aase Winjum si debutbok «Mur, far og dotter - Ei bok om tørrmuring» (Skald).

Arkitekt Kjersti Aase Winjum har skrive ei bok om sin far, gråsteinsmuraren, som han kallar seg sjølv, Haakon Aase. Det er inga tørr fagbok om tørrmuring, men ei saftig og kjærleg historie om ei akademikardotter som vil lære seg farens handverk gjennom eit års praksis. «Ein må gjere for å lære», seier Winjum.

«Før såg eg berre på damer når eg var ute og gjekk, men etter at eg vart kjent med deg Haakon, ser eg berre på murar», sa ein ung mann som hadde vore på murarkurs med Haakon Aase.

Aase er ein av landets fremste tørrmurarar, og har undervist og kursa folk i denne eldgamle kunsten landet rundt.


Kjersti Aase Winjum
Mur, far og dotter – Ei bok om tørrmuring
Sakprosa
Skald forlag
191 sider
Kristian Krohg-Sørensen (Illustratør) og Morten Spaberg (foto)

Tørrmuring, muring utan bruk av mørtel, er ein av dei eldste byggjeteknikkane til menneska. I tusenvis av år har folk rydda landskap for stein, bygd murar, vegar, gjerder og bruer med denne teknikken.  All stein kan brukast, og den skal helst vere kortreist og stadeigen, er Aases filosofi. Du må berre vite korleis du skal bruke han. Kveiter, humpalompaer, rufsetroll, ruballar, grisetryner, hundesnutar og meir fjollete stein som mest er for fin på det, er nemningar Aase brukar på steinane. Kunsten er å lese steinens kvalitetar og vite korleis du skal legge han i muren. Dei gamle sa at ein stein skal vendast minst sju gonger før du finn ut korleis han skal ligge i muren. Det kan ta eitt år å lage ein mur, men det kan ta ti år å pinne han, dvs tette små opningar melllom steinane, er eit anna ordtak.

Winjums bok er ei levandegjering av såkalla taus kunnskap, som er blitt overlevert frå generasjon til generasjon. I tillegg til grundig innføring i tørrmuringas historie, ulike byggjeteknikkar og bruk av nødvendig reidskap som holsett, piggsett, slegge, spett, steinhammar, meisel, vater og rettholt,  er boka bygd opp som en nærmast platonsk dialog mellom far og dotter gjennom korte arbeidsøkter gjennom eit år på farens gard i Litlebergen. Gradvis greier dottera å tileigne seg farens kunnskap etter kvart som muren reiser seg, mens «tankane fyk og kjeften går», som Winjum skriv.

«Sjå kor lett det går! Det er så jævlig lett! Det er så innihelvete lett! No kan dei undre seg på – korleis dei har fått dette til, ein gammal tufs og eit kvinnfolk?», seier Aase.

For tørrmuring er ikkje nødvendigvis berre mannnfolkarbeid. Du må ikkje vere stor og sterk for å byggje ein mur. Det er ti prosent styrke og nitti prosent hjernearbeid, meinte dei gamle. Det er kanskje å ta litt sterkt i, men det finst fleire dugande kvinnelege tørrmurarar også her i landet. Berit Bruvik til dømes, som saman med Aase, har attreist det såkalla Torvhuset i Vågsbotn i Åsane. I dag ligg det som ein vakker skulptur like ved det store vegkrysset langs motorvegen inn til Bergen.

Og skulle arbeidet bli tungt, hjelper det alltid med ein trall:

«Rett som det er bryt far min ut i song. Ein salme, ein revolusjonær klassikar, eit stev, ein sørafrikansk frigjeringssong, eller ein eller annan smørsongarslager frå tiåra mellom 1900 og 1940», skriv Winjum.


Sjølv Andre Bjerke forsto løyndomen bak pyramidanes byggjeteknikk i diktet «Pyramiden»:

I Egypten bodde egypterne
for lenge, lenge siden.
De bygget så høyt, egypterne,
og vet du hvordan egypterne
fikk bygget pyramiden?

De tenkte som så, egypterne:
”Av stener bygger vi den.
Vi samler sten: først én, så én,
og enda flere siden,
og legger sten på sten på sten,
så har vi pyramiden!”

Men der tok de feil, egypterne,
ja, skammelig feil, egypterne,
for stenen var så tung og svær
at ingen kunne få lagt den der,
nei, ikke engang egypterne!

Da var det at en av egypterne,
den klokeste mann av egypterne,
fikk en idé. Han sa: ”Vi vil
forsøke det med fløytespill,
så får vi pyramiden til!”
Det sa han til egypterne.

Så spilte de fløyter egypterne,
ti tusen fløyter, egypterne,
og stenene gikk
for full musikk
til værs: først én, så én, så én,
og enda flere siden,
og la seg flyvende sten på sten
og ble til pyramiden!

De fikk det til, egypterne,
med fløytespill, egypterne,
engang i egyptertiden.
Nå vet du hvordan egypterne
fikk bygget pyramiden.

 Ein annan løyndom med rett lagde tørrmurar, er at dei til ein viss grad er elastiske og kan ta opp i seg setjingar og små endringar i fundamentet, utan at dei bryt saman, får vi vite. Ein godt lagd tørrmur skal ha kontakt mellom første steinen nederst til høgre og øverste steinen opp til venstre, uansett kor lang den er. «Det viktigaste i ein mur er det du ikkje kan sjå», altså den innvendige konstruksjonen, som gjer at dei er like fine i hundrevis av år, heiter det.

Der eg sjølv kjem frå, i Nordfjord, står ein to kilometer lang steingard nesten like fin som då han blei bygd på midten av 1800-talet. Den blei laga i løpet av sju somrar, i utmarka, som skilje mellom to grendelag. Klokkaren i bygda, som var ein av dei få som var både skrive- og reknekunnig, vart utnemnd til arbeidsleiar og fekk i oppgåve å rekne ut kor mange famner kvart bygdelag skulle ha ansvar for. Då dei omsider var ferdige, sto det ei famn att. Den greidde dei ikkje å bli samnde om kven som skulle byggje. Den dag i dag kallast åpninga berre Klokkarholet.

I dag har tørrmuring fått ein slags ny renessanse i form av store vegprosjekt i offentleg regi, men også i privat byggeri. Aase er ikkje like imponert over alt han ser, som han meiner ofte er overdimensjonert og med langreist, ferdigskoren stein frå Kina. Maskinstabling er ikkje hans greie.

Du treng ikkje vere murarnerd for å ha glede av «Mur, far og dotter». Boka er gjennomillustrert med både foto og illustrasjoner og skrive med lett penn om tunge løft.

«Kven skulle tru at setninga handlingsboren kunnskapsoverføring av tradisjonshandverket tørrmuring, nokon gong skulle gje meg ekte glede? Ja, gje meg noko i det heile», skriv Winjum.

Kanskje kan denne boka også gj lesaren ekte glede og inspirasjon til å lage sin eigen mur.

Olav H. Hauge har også skrive noko om murens løyndom i diktet «Mur» frå Dropar i austavind:

Det kan verta ein god mur
av gamal stein,
når ein legg han godt
og måtar han til.
Men han er kanskje feil hoggen
og ulagleg, kalk etter gamal fuging
heng att, ein ser han har vore i mur fyrr.
Best er det å skjota ut ny stein,
hogga han til slik ein vil ha han,
so ein fær gode band
og god vis.
Då fær du ein stød mur.
Og du kan segja han er din.


JAN NYBERG

0 Delinger