– Humor og alvor er viktige ingrediensar

Martine Grande (Foto: Ragne Grande)

BARNEBOKPROFIL: Martine Grande mener humor og alvor er viktig i barnebøker, og er selv aktuell med barnebok om utanforskap.

Martine Grande er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon. I 2013 debuterte ho som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar. Denne våren er ho aktuell med ei bok om eit anna dyr.

 

 

Forfatter: Martine Grande

Aktuell med: Ørn (Samlaget)

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg ville skrive ei historie om utanforskap og einsemd fordi eg trur dette er viktige tema for både unge og vaksne. Samstundes ville eg lage ei historie som var spennande, slik at boka forhåpentlegvis også er fengande og god underhaldning.

Tre barnebok-favoritter:

Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Fart og sjølvtillit er Tonje Glimmerdal sine motto, og kan det bli betre enn det? Neppe! Tonje er etter mi meining den perfekte heltinna, og eg håper døtrene mine ser opp til ho når dei blir større. Boka er i tillegg klok og varm og ein fryd å lese.

Jeg er Døden av Elisabeth Helland Larsen og Marine Schneider. Boka opnar slik: ”Jeg er Døden. Akkurat som livet er livet, er jeg døden.” Det er så fint! Boka er poetisk og handfast på same tid, og dei nydelege illustrasjonane er med på å avdramatisere det dramatiske temaet. Ei nydeleg bok for store og små.

Prikkesyken (Reven og Grisungen) av Bjørn F. Rørvik og illustrert av Per Dybvig. Eg er fangirl av begge desse karane, så når dei samarbeider blir det jo GULL. Denne boka er artig for store og små lesarar, og teksten og illustrasjonane står saman på ein herleg tullete måte.

Sjekk ut:

Tidevann av Tuva Synnevåg. Ei bok nydeleg fortalt utan ord. Illustrasjonane er teikna med ein utroleg presisjon med penn. Legg merke til måten ho skildrar lys og skugge. Det er meisterleg!

Hvordan jobber du?

– Eg jobbar nok ganske systematisk. Eg vil gjerne vite cirka kvar eg skal ende før eg begynner å skrive. Samtidig er eg open for at ting kan endre seg undervegs, sjølv om dette gjer meg litt stressa. Sidan eg illustrerer bøkene sjølv lagar eg skisser medan eg skriv eller noterer i margen korleis illustrasjonane skal vere. Eg bruker mykje tid på ideen før eg set meg ned med Macen og skriv. Starten på eit prosjekt er det beste! Da har eg som oftast 1000 notat på iPhonen med setningar og ein slags disposisjon før det verkelege skrivearbeidet starter.

Martine Grandes favoritt illustrasjon, fra «Prikkesyken».

Din egen favorittillustrasjon?

– I boka Prikkesyken (nemnt over) er det eit oppslag der Reven teiknar prikkar på Grisungen. Så kul illustrasjon og eg har originalen heime på veggen.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Kanskje bøkene om Mummitrollet av Tove Jansson. Eg knakk litt saman den dagen eg som lita jente innsåg at det ”berre” var eit teikna univers og at eg sjølv aldri kunne dra dit. Eg syntest det var så magisk, og skulle gjerne utforska livet i Mummidalen sjølv.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Pippi Langstømpe. Eller Tonje Glimmerdal. Driftige damer begge to!

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg ville gjerne vere Ronja Røverdatter da eg var liten.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Eg er veldig glad i bøker som er tullete og morosame, og eg er veldig glad i bøker som har eit underliggande alvor. Dette er jo litt motstridande, men eg synast humor og alvor er viktige ingrediensar, både saman og kvar for seg.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Pippi, utan tvil! Eg blir med Pippi kvar hen ho vil ta meg!