– Historia lét meg ikkje vere i fred

Foto: Rolf M. Aagaard

Runar K. Dahle høyrde om tragedien der 23 papirlause innvandrarar mista livet. Historia ga ham ikkje fred. No har han skrive ein roman om hendinga.

Forfatter: Runar K. Dahle

Aktuell med: Forskjellen på blomster og ugras, Gyldendal Norsk Forlag.

Boka tar utgangspunkt i ei grufull hending frå verkelegheita som fann stad i England i byrjinga av februar 2004. Omdreiingspunktet i romanen er ein umogeleg tryllekunst: Tjuetre menneske kjem til syne idet dei forsvinn.

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Eg skreiv eit dikt om denne hendinga rett før eg sjølv flytta til England i januar 2005. Sidan har diktet/tragedien, der tjuetre papirlause immigrantar mista livet, dukka opp i hovudet med jamne mellomrom. Historia lét meg ikkje vere i fred, eller for å seie det med ein amerikansk poet eg ikkje hugsar namnet på: Eg klør meg der det klør.

Tre favoritter:

Thomas Bernhard: Gamle mestere. Ein mann som ser på ein mann som ser på eit maleri av malaren Tintoretto. Slik byrjar Bernhards djupt alvorlege komedie, eit soleklart høgdepunkt i den sterkt avhengigheitsskapande bernhardske disiplinen utskjelling.

Michel de Montaigne: Essays. Ein mann trekkjer seg tilbake for å skrive så ærleg og inntrengjande han kan om livet sitt. Mannen heiter Montaigne, og hans ”kamp” gjekk føre seg på siste halvdel av 1500-talet. Dersom du er førespegla opphald på ei aude øy og berre kan ta med éi bok, kan det vere greitt å pakke med denne.

Roberto Bolaño: Chilensk nokturne. Usedvanleg vakker dødsralling frå ein prest som er fanga i ein malstraum av minne som inkluderer privatundervising i marxisme for Pinochet. Heilt i grenseland mellom skrivekunst og musikk. Omsett av den eminente Christian Rugstad.

Uslipt diamant:

Foto: Rolf M. Aagaard

Martin MacInnes: Infinite Ground. Debutroman frå Skottland. Ein mann reiser seg frå restaurantbordet under ein familiemiddag, går på toalettet og opphøyrer tilsynelatande å eksistere. Det absurde forsvinningsnummeret blir etterforska av ein avdanka etterforskar som følgjer sporet djupt inn i jungelen. Ein fantastisk feberdraum av ein roman.

Sist leste bok:

Einar Gerhardsen: Fellesskap i krig og fred: Erindringer 1940-45 og Samarbeid og strid: Erindringer 1945-55. Uhyre interessant frå ei tid då politikarane var danna i omgangstonen, og presis og veltalande i politiske spørsmål. Kva skjedde?

Hvordan jobber du?

Akkurat denne romanen kom av eit mareritt. Etterpå låg eg lenge vaken og tenkte ut historia. Ein time før klokka ringde stod eg opp og skreiv det ned som ein slags synopsis. Eg brukar veksle mellom bibliotek og heim når eg skriv.

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Det må bli mystiske Ylajali frå Hamsuns Sult, med atterhald om å møtast i hennar by, Kristiania.

Hvem blir den neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Dag Solstad.

Om du var kulturminister for en dag?

Har vi kulturminister? Då ville eg avskjediga vedkommande eg vikarierte for.

Facebook og sosiale medier, fest eller kolera?

Det var enkelt: Kolera. Ein uhyggjeleg epidemi.

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

Slettmeg.no.

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Lunsj med Linn. Er ikkje så glad i høgder.