Arne Ruset

Hekta på lokalhistorie - og Malin

Novelleaktuelle Arne Ruset bruker framleis blyant, viskelær, blyantspisser og penal – til første utkast. Og han drøymer stadig om Malin frå Saltkråkan.

Forfattaren denne veka er hekta på lokalhistorie, noko novellesamlinga Berg brest er sterkt prega av. Arne Ruset er psykiater av yrke, men har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar. Med blyant.

 

Forfatter: Arne Ruset, f. 1951

 

Aktuell med: Berg brest, Bokvennen forlag.

Novellekrans med tema frå mellomkrigstida, korleis ei naturkatastrofe verker inn på folka.

 

rusetcover

Hvorfor skrev du akkurat denne boken? Historier som har følgd meg heilt frå barndommen. Dessutan tidsaktuelt med kollektive traumer.

 

Tre favoritter: 

  • Olav H. Hauge – Dikt i samling – livspoesi
  • James Joyce – Ulysses – galskapen lenge leve
  • Bibelen – litterært prosjekt hinsides det meste

 

Sjekk ut:

  • Joakim Kjørsvik, debuterte i 2007 med Åpenbart ingen nabo. Skal bli veldig spennende å lese boka hans frå 2013.

 

Sist leste bok?

  • Romsdals sogelag – Årsskrift 2013. Eit årleg must, når ein er hekta på lokalhistorie.

 

Hvordan jobber du?

  • Klarer kun å skrive når eg er fri frå hovudyrket mitt. Står då tidleg opp og går ein 2-timers tur der eg tenkjer gjennom det eg skal skrive. Når det gjeld første utkast bruker eg kladdebok, blyant, viskelær og blyantspisser. (Eg har jamvel penal). Så skrive eg 2. versjon inn på PC, jobber då mykje med språket.

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med? Utan tvil Malin i Saltkråkan.

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur? Jon Fosse er allereie nemnd, og det ville vere fint både for norsk litteratur og det nynorske skriftsspråket.

 

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera? Sikkert ein fest, så lenge eg sjølv slepp å delta.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet: Her er det knallhard konkurranse om førsteplassen mellom Nettbanken og Yr.no.

 

På bar med Knausgård eller middag med Dag Solstad? Begge to er jo nokre skikkelege humørspreiarar, men vis eg må velge blir det nok Solstad.