Hårete bok fra Røssland

BARNEBOKPROFIL: Ingelin Røssland savnet å formidle naturvitenskap til barn. Det gjør hun i sin høstaktuelle bok - på en hårete måte.

Ingelin Røssland er forfatter og journalist. Hun har utgitt flere ungdomsromaner, men denne høsten tar hun for seg sakprosasegmentet for yngre – på et svært hårete vis.

 

Forfatter: Ingelin Røssland

Aktuell med: Hårete fakta (Gyldendal)

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg er utdanna journalist og jobba fleire år i Newton i NRK. Derfor var det eit sakn i meg om å få formidla naturvitskap til born. Hår er eit tema som er naturvitskaplig på fleire plan.

Tre barnebok-favoritter:

– Mine fagbokfavorittar: Søppel av Max Estes, Bjørn Ouslands Polarserie, og Ville dyr i byen av Jan Christopher Næss.

Sjekk ut:

– Bokserien Djuren i skogen av Sarah Sheppard. Eg er stor fan av måten ho formidlar fakta på.

Hvordan jobber du?

– Når eg skriv fakta så tenker eg først på kva eg synest er rart, fasinerande eller lurer på når det gjeld temaet eg skal skriva om, etter det kjem researchfasen og då leitar eg opp svara på det eg lurer på, samt sjekkar at det eg trudde var fakta, faktisk stemmer. Eg jobbar etter same prinsipp som eg hadde som journalist, spesielt i Newton: Dyrk nysgjerrigheita. Siste fase er å plukka ut kva som skal med i boka og korleis ein skal formulera det på ein artig måte. OG eg skriv om og om igjen. Sidan dette er ei illustrert bok var det viktig å gi plass til illustratøren også. Jenny Jordahl har gjort ein fabelaktig jobb. Eg synest ho fortener minst 75% av æra for at boka blei så bra som den blei.

Din egen favorittillustrasjon?

– Eg elskar illustrasjonen Jenny Jordahl har laga til side 18 i Hårete fakta. Illustrasjonen heiter hår på kroppen:

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Eg har lese veldig mykje frå den dagen eg knakk lesekoden. Den boka eg huskar mest frå og som eg har brukt mest tid til å tenka på, er faktisk Bibelen. Den har både foraga og forundra.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Bukkene Bruse frå Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund sine bøker. Det hadde nok vore eit morosamt møte.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Viss eg les ei god bok, så vil eg som regel vera helten i den boka. Så det er ganske skiftande.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Viss me no held oss til fakta, så vil eg seia noko som pirrar nyfikenheita, som engasjerer og begeistrar, noko som ein ikkje visste frå før.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Kanskje ein tur på dei sju hav? Eg likar lukta av salt sjø og livet er godt å leva med god vind i segla.

 

(Hovedfoto: Privat)