Håper å skremme leseren

Åshild Moldskred (Foto: Hilde Wormdahl)

BARNEBOKPROFILEN: – Håper dei som les blir nesten like skremt som det eg sjølv var under skrivinga!, sier Åshild Moldskred.

 

Åshild Moldskred (f. 1978) jobber til daglig som ergoterapeut i Ålesund, men har i tillegg utgitt flere bøker for barn og unge de siste årene. Denne våren er hun aktuell med en nifs spøkelsesfortelling, Trollmoll (Samlaget).

 

 

– Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

– Fordi eg storkosar meg når eg kan dikte skumle forteljingar og eg diggar ei god spøkelseshistorie. Håper dei som les blir nesten like skremt som det eg sjølv var under skrivinga!

– Tre barnebok-favoritter:

– Tre av dei er: Harpa av Audhild Solberg, Bobla av Siri Pettersen, og Draumar betyr ingenting av Ane Barmen.

– Sjekk ut:

Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland. Skildringane var så levande at eg ikkje torde å ha den liggande på nattbordet. Det var nummeret før den hamna i frysaren!

– Hvordan jobber du?

– I starten brukar eg ein del tid på å bli kjend med karakterane. Viss eg ikkje kjenner personlegdommen til ein karakter, slit eg med å skrive fram ei truverdig scene. Eg lagar lister med så mange detaljar som mogleg; alt frå fobiar, til kva mat dei likar best. Dess meir glad eg blir i karakterane, dess meir tid har eg lyst til å tilbringe saman med dei, noko som sjølvsagt aukar sjansen for å fullføre eit manus.

– Tanken på at absolutt alt kan skje på det tomme word-dokumentet, kan fort gjere slik at den raude tråden blir til ein stygg floke. Derfor likar eg å lage eit kort handlingsreferat frå kvart kapittel, før sjølve skrivinga startar. Vegen kan svinge både hit og dit undervegs, og til og med ta ein skikkeleg usving (etter tilbakemelding frå redaktør), men eg likar å starte stukturert. Viss eg står fast, hjelper det ofte å kome seg ut og gjere noko heilt anna. Gjerne ein aktivitet som tek litt tid, som topptur på vinteren.

– Din egen favorittillustrasjon?

– Illustrasjonane til Rune Markhus i Når alle sover (av Nicolai Houm). Markhus har også laga omslaget til Trollmoll og eg synest han har fanga stemninga i boka på ein nydeleg creepy måte!

– Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Det må bli Den vesle vampyren. Som barn drøymde eg om at Rydiger von Schlotterstein skulle banke på soveromsvindauget mitt med ei ekstra vampyrkappe under armen. Og så skulle vi flyge ut i natta, i kvar si blodflekkete og muggstinkande kappe, og berre nesten bli tatt av Hildegard den Grusomme.

– Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Hadde vore koseleg å drikke te og høyrt røvarhistorier i hytta til Gygrid.

– Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Ei natt som Anton Bohnsack i Den vesle vampyren. Eller kanskje ein dag som Marikken, hugsar at eg synest ho var kul som barn.

– Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Den må i alle fall ha ein hovedkarakter som lesaren bryr seg om og heiar på, slik at ein berre må vite kva som skjer på neste side.

– På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Eventyr med Potter.