Gratulerer med dagen, Helge!

Jubilant Helge Torvund (foto: Morten Brun)

Helge Torvund fyller 70 år i dag. Bok365 gratulerer.

I samband med dagen gir Aschehoug ut Lyset du treng finst – Dikt i utval.

Tidligare forlagssjef Trygve Åslund har stått for utvalet i samarbeid med forfattaren.

Helge Torvund er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen (Samlaget) og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay. Torvund er også diktlærar i Diktkammeret.

I 2011 kom han til Aschehoug og gav ut Alabama? Den neste samlinga, Alt brenner, vekte stor fagnad hjå kritikarane og hausta fleire 6-arar og mykje merksemd hjå lesarane. Samlingane Tidslys og Liljevilje stadfesta Torvund sin posisjon som ein av dei mest populære poetane våre.

Torvund har mellom anna mottatt Nynorsk litteraturpris (1989), Samlagsprisen (1996), Rogaland fylkes kulturpris (2014), Stavanger Aftenblads kulturpris (2011) og Doblougprisen (2018).

Lyset du treng finst hentar i hovudsak dikt frå Torvunds seinaste samlingar, men eit kresent utval dikt frå tidlegare samlingar er òg med. I tillegg er det gitt plass til eit tital nyskrivne dikt.