Går av som kulturminister!

Diktviter: Sindre Ekrheim på hytta i Fusa (foto: privat)

DEN LYRISKE SOMMERGJESTEN: I dag banker vi på hos Krabben poesikritikks Sindre Ekrheim i Bergen, men Sindre er ikke hjemme.

Vi fanger ham imidlertid på telefon i Danmark.

Sindre Ekrheim (f. 1967) er blant de ledende i den eksklusive lille gruppen av kritikere som i hovedsak beskjeftiger seg med poesi. Han skriver blant annet for Dag og Tid, samt for det nystartede tidsskriftet Krabben poesikritikk.

Les: Krabben – nytt tidsskrift for poesikritikk

– Hvor tilbringer du ferien i år, Sindre?

Her i Danmark, på Nord-Jylland. Elles på hytta i Fusa. Der likar eg å vere. Hytta er så enkel og falleferdig at eg omtalar ho som eit slags telt med harde veggar. Eg er ikkje oppteken av asketisk romantikk, men hytta er funksjonell – og ho har svært få funksjonar. Der er ikkje innlagd vatn, men fibernett. Så no ventar eg berre på at eg kan laste ned drikkevatn frå internett.

– Hva må den gode sommerferien inneholde?

Eg har ikkje så strenge innhaldsforventingar til sommarferien. Også ein sommarferie som ikkje går slik ein trudde eller ønskte, kan vere fin, eller bli fin. Eg vil helst berre slappe av, men det varierer kva som gir avslapping.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Vanskeleg å svare på, eg har lese fleire bøker som er verkeleg gode, innanfor ulike sjangrar. Iblant kan bøker få lov til å vere slik dei er, gode på sine eigne måtar. No les eg – eller me skiftar på å lese høgt frå – boka En linje i verden av Dorthe Nors. Det er ei essaybok som handlar om topografi, mytar og stadar på Nord-Jylland. Etterpå skal eg lese Langsom marmor av Ole Robert Sunde.

– Hva ville vært tittelen på boken om ditt liv?

Dette er ikkje mitt liv. 

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

Eg les litt e-post innimellom i ferien, men ikkje så mykje frå standa.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Parmesanost, fenalår og flatbrød. Med øl til. Og fjas.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Viss eg skal vere litterær, kunne det gjerne ha vore Karl Kraus. Eller Pier Paolo Pasolini, viss han gadd å kome då. Gjerne også grannen min, vaktmeisteren.

– Ditt beste ferieminne?

Eit godt minne frå i år, er å fly med drage. Men elles trur eg det må vere turen til Romania for nokre år sidan. Eg var på togreise frå Oradea i Nord-Romania til Constanƫa ved Svartehavet. Der oppsøkte eg mellom anna staden der Ovid skal vere gravlagd, på ei lita øy i Ovidsjøen.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Mange kunne fått ein blome. Alle kompromisslause poesientusiastar.

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Gått av. – Eg fekk ikkje gjennomslag for å bruke pengar på kultur i staden for på våpen og militært forsvar.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

Eg er ikkje så glad i overskrifter. Men det er sjølvsagt fint med overraskande overskrifter som handlar om lyrikk og lyrikkutgjevingar.

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg?

Kvifor les du?

– Ja, og svaret på det er?

Det gjer at eg finst.