Krabben – nytt tidsskrift for poesikritikk

Redaksjonsrådet i Krabben: Fra venstre, Stein Arnold Hevrøy, Hildegunn Dale og Katrine Heiberg

LYRISK: Krabben er navnet på det nye tidsskriftet for poesikritikk. Tidsskriftet er kommet til med støtte fra Fritt Ord og fra Bergen kommune. Vi tar en tur til Bergen for å slå av en prat med redaktøren.

Poesikritikken lever i trange kår. Det er i dag ytterst sjeldent at dikt får spaltemillimeter i dagspressen. Dette faktum ønsker Krabben bidra til å utligne. Det sterke redaksjonsrådet består av lyrikerne Katrine Heiberg og Hildegunn Dale, samt konservator Stein Arnold Hevrøy på Olav H. Hauge senteret i Nynorsk kultursentrum. Høvedsmann og redaktør er den kjente og erfarne litteraturkritikeren Sindre Ekrheim.

En katastrofe med utsikt til Flesland

Redaktør Sindre Ekrheim ved skrivepulten.

– Fortell om deg selv, Sindre.

– Eg er fødd i 1967, i Stavanger der eg vaks opp. Flytta til Bergen på 1990-talet og bur no i Landås bydel ved foten av Ulriken, med vidt utsyn. I horisonten kan eg sjå flya som landar på Flesland.

– Litt om din bakgrunn og erfaring? 

– Eg er litteraturkritikar og poet. Eg skreiv i fleire år bokmeldingar for Bergens Tidende, men skriv no fast lyrikkmeldingar i vekeavisa Dag og Tid. Eg livnærer meg elles på oppdrag og småjobbar, og har arbeidd laust som nattevakt sidan 1995. For meg er det fruktbart å ha denne kontakten med arbeidslivet.

– Og når du ikkje fordyper deg i dikt?

– Poesien har ein tendens til å blande seg i alt. Poesi er også ei haldning. Eg spring litt orientering, vel å merke på eit nivå som er så lågt og treigt at det kjennest som eg rører meg bakover i staden for framover. Eg er ein katastrofe. Men fordi ein har kart (papir) i handa, som ein heile tida må lese og sjekke, så tenkjer eg på orientering som ei form for kontorarbeid i skogen. Oftast får eg ingenting til å stemme. Eg liker det likevel. Når det kjem til dette med interesser, så kan eg interessere meg for absolutt alt, frå å file tennene på eit motorsagkjede til italienske sladreblad. Ein burde hatt fleire liv. Slik at ein også kunne vere meir uverksam og gjere ingenting. Eg trur på det Brecht skreiv, at det er viktig å røyke langsamt og tenkje fort.

Først tanke, så vilje

– Hvordan kom tidsskriftet i gang?

Først som ein tanke, deretter som ein vilje. Krabben uttrykkjer eit ønskje om å gjere stas på poesikritikken, men også på poesien. Viss ein skal utvikle kritikarpraksisen med basis i faglege perspektiv, må ein utforske, øve og ha plass. Og det er viktig for Krabben å betale skikkeleg honorar for bokmeldingane. Håpet er at Krabben kan bli ein arena som rekrutterer både nye folk som skriv poesikritikk og nye lesarar. Ein freistnad på å gjere kritikken meir tilgjengeleg, er at ein kan strøyme og høyre på bokmeldingane på Krabben. Konkret består Krabben av at det kvar veke til fast tidspunkt blir publisert ei bokmelding av ei poesibok. Ein kan også abonnere på nyheitsbrevet til Krabben som kjem ein gong i veka.

Svensk inspirasjon

– Hvem er å regne som initiativtagere?

– Krabben er eit kollektivt prosjekt. Eg blei kontakta av den svenske poeten og kritkaren Magnus William-Olsson, me kjende litt til kvarandre frå før. Eg har drive ein poesiblogg, Humbaba, i ein del år, og Magnus William Olsson spurde om eg kunne ønskje å ta Humbaba eit steg vidare. Magnus William Olson og poesikritikknettstaden Örnen och Kråkan har vore ein viktig ressurs. Det same har svenske Kritiklabbet. Dei var avgjerande for å sparke Krabben i gang. Sidan eg har ein aversjon mot å lage søknadar og eigentleg hadde bestemt meg for at eg var slutta med det, trong eg hjelp og støtte i arbeidet med å skrive søknadar. Elles har Krabben fått med seg eit flott redaksjonsråd, som består av poetar, folk som forskar på poesi og poesikritikarar: Hildegunn Dale, Stein Arnold Hevrøy og Katrine Heiberg. Dei er fine, gode og dyktige folk. Det er ei glede å jobbe med dei.

– Har tidsskriftet noen form for affiliering?

– Dei beste støttespelarane til Krabben er alle dei gode lesarane og lyttarane. Men Krabben søker samarbeid med andre institusjonar og miljø, me ønskjer å vere opne. Som sagt så har Krabben eit samarbeid både med Örnen och Kråkan og svenske Kritiklabbet. Og me er i gong med å planlegge fysiske arrangement i samarbeid med ein institusjon og ei foreining. Eg kan ikkje seie meir om det enno, men det vil forhåpentlegvis skje i vår. Elles er Krabben så heldige å bli støtta økonomisk av Fritt Ord og Bergen kommune. Me jobbar heile tida med å finne alternative kjelder for å finansiere poesikritikken for å ha fleire bein å stå på.

Lese, lytte og årskalender

– Hvor høyt ligger lista?

– Krabben har mange vyar. Krabben ønskjer å utvikle ein utforskande poesikritikk med faglege perspektiv. Krabben vil samarbeide med andre, og gjerne bruke nye format. På Krabben kan ein for eksempel både lese og strøyme kritikkane. Ein kan altså høyre poesikritikk på mobiltelefonen på bussen på veg til jobb. Dei fysiske arrangementa i regi av Krabben vil bli publisert som podkast på Krabben. Krabben vil også vere til stades på papir. Me skal lage ein Årskalender for lyrikk. Her vil me prente årets bokmeldingar frå Krabben og supplere med oversynsartiklar om norsk samtidspoesi. Håpet er at dei ulike aktivitetane til Krabben verkar saman – til gangs for poesien, poesikritikken og det lesande publikummet.

– Vil Krabben være åpen for alle?

– Eg er glad for at du spør om nett det. Det er viktig for Krabben å vere tilgjengeleg og gratis for alle som vil lese og høyre bokmeldingar av norsk samtidslyrikk. Dette tilgjengelegheitsprinsippet kjem Krabben aldri til å forlate på den digitale plattforma – sjølv om me rett nok tenkjer at papirpublikasjonen Årskalender for lyrikk skal seljast.

 Rune Christiansen: Jeg går i sorg 

Som eksempel på innhold og format henter vi den seneste anmeldelsen fra tidsskriftet:  Eit utstrekt landskap og som omtaler Rune Christiansens nylig utkomne samling Jeg går i sorg (Oktober).

Bare å bokmerke Krabben, samt melde seg på nyhetsbrevet. Du finner også Krabben på Facebook.

 

223 Delinger