Nå takker Norlis innkjøpssjef Arild Rekdal av, etter mer enn 40 år i bøkenes tjeneste.
UKAS BOKFJES: Vår stafettpinne reiser videre. Sist sendte markedssjef for skjønnlitteratur Silje Tretvoll den videre til innkjøpssjef for skjønnlitteratur Arild Rekdal i Norli.
Hva jobber du mest med akkurat nå?
– Eg er jo i den spesielle situasjonen at eg no er i ferd med å avslutte eit langt yrkesliv i bokas teneste. Det er no 41 år sidan eg starta i min første jobb i bokhandel, i Noregs Boklag. Difor har det i det siste mest vore å nøste opp og sørge for at alle arbeidsoppgåvene er avslutta. Ha fine samtalar med mange faste kunder og alle dei fantastiske kollegaene som eg jobbar saman med. Samstundes prøver eg framleis å halde meg godt orientert om all den nye litteraturen gjennom å lese bokmeldinger og høyre på bokprogram på radioen. Klassekampens bokmagasin er t.d. ein fin plass å halde seg orientert. Alltid viktig å vere godt orientert om det nyaste i litteraturen. Det er noko kundene våre har krav på.
Bokbrøken: Hvordan er dine lesevaner – hvor stor andel av boklesingen er forbundet med jobb og hvor mye er ren fornøyelse?
– For meg er lesing stort sett rein glede. Det er sjeldan eg kjenner at lesing er jobb. Men det er også viktig for meg å lese variert. Eg har stort sett berre tid til å lese skjønnlitteratur og krim, men det er også viktig å ta seg tid til å lese forfattarar som til dømes Philippe Sands og Tara Westover.
Trekk frem en i bokbransjen du virkelig verdsetter – og hvorfor?
– Alltid vanskeleg når ein skal trekke fram berre eit namn, men ein person som eg er veldig glad for å bli kjent med gjennom mange år i bokbransjen er Cathrine Bakke Bohlin. Ho gjer ein fantastisk jobb som redaktør for omsett litteratur i Gyldendal. Ho har gjeve meg mange store leseopplevingar gjennom forfattarane og bøkene ho har gjort tilgjengeleg på norsk. Gjennom henne har eg også fått sjansen til å møte mange av desse forfattarane.
Hvis du skulle løfte frem en virkelig god bok du har lest det siste året – hvilken velger du, og hvorfor?
– Eg må også nemne fleire bøker fra siste år. Først og fremst Per Pettersons Mitt Abruzzo. Ei svært personleg bok som var ei stor glede å lese. Inspirerande med mykje varme og humor også. Det er mange forfattarar eg fekk lyst til ta fram etter å ha lese denne
boka. Ein annan favoritt er Jon Kalmar Stefansson. Hans roman Ditt fravær er
mørke er full av kjærleik og sorg og det magiske i livet. Nydeleg. Eg må også
nemne Stein Torleif Bjellas Fiskehuset. Lun og humoristisk på klingande Ål-dialekt.
Og til slutt, Hadley Freemans Den jødiske familien Glass. Nok ei strålande bok om ein jødisk familie i 1900-talets Europa.
Hva ville du helst blitt spurt om? Og hva ville du svart?
– Kva var det gjorde at du kom inn i bokbransjen?
Eg brukar ofte å seie at det var Tarjei Vesaas sin roman Fuglane som
er grunnen til at eg no har jobba i bokhandel i over 40 år. Norsklæraren
min på gymnaset i Molde, Per Amdam, var ein særs god og engasjert lærar som
opna augene mine for god litteratur og då spesielt gjennom Fuglane. Då tok eg til
å forstå kva god litteratur kan vere. Og her er eg i dag, 50 år seinare, i ein bransje full av engasjerte og dyktige menneske som formidlar god litteratur og store leseopplevingar.
Arild Rekdal sender stafettpinnen videre til Thomas Mala, redaktør i Press Forlag.