Frode Grytten fornyar seg

DAGENS DOBBEL: Frode Grytten med både plate og bok og han er meir progressiv enn på lenge. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Dobbel lp og ny bok med dikt eller "protestsongar", som han kallar det. Frode Grytten er ein forfattar i stadig utvikling. Sjå video nederst i meldinga.

Lyden av Frode Grytten. Den slepande stemma hans. Trøytt. Monoton. Oppgjeven, men med ein del fant på lur når han får opp dampen. Ingeniørnynorsk frå Odda der dei skriv «sier», «bare» og «noen». Den lyden har ganske mange høyrt det siste tiåret, anten på litteraturfestivalar og kulturhus med forfattaren Pedro Carmona-Alvarez og andre musikarar under namnet Frode Grytten Beat Band. Eller med musikkpålegg i programmet Salongen i P2 der han har formidla nydelege tekstar som ikkje er heilt dikt, ikkje heilt songar, men taking blues,


Morten Qvenild / Frode Grytten:
Landet bortanfor landet – Område 51
Morten Qvenild: Song, hyperpiano & maskinar · Frode Grytten: Røyst ·Ivar Grydeland: Pedal Steel, gitar og banjo · Hanne Hukkelberg: Song
Grappa Musikkforlag

lesne tekstar med stor musikalitet. Her kjem det ein tredje versjon av Frode Grytten.

Landet bortanfor landet – Område 51 er tittelen på plata og det er jazzpianisten Morten Qvenild er musikalsk maestro. Samarbeidet starta som eit tingingsverk til Kongsberg Jazzfestival. Område 512 er ein hemmeleg del av ørkenen i Nevada der forsvaret testar ut fly og våpensystem pluss teknologi for NASA. Område 51 er ei skjult underjordisk verd som ikkje er på kartet, men som er befolka med personell som ikkje står på offisielle lønningslister, ifølge presseskriv. Og det er her Qvenild og Grytten diktar seg inn.

PÅ TURNE: Morten Qvenild og Frode Grytten skal på turné etter jul med plate og bok. Foto: United Stage Norway

Lang tradisjon i Norge

Vi har hatt mange slike samarbeid mellom musikarar og bokdiktarar i Norge. Jan Erik Volds framføringar med diverse jazzband, Levi Henriksens første plater med resitasjonar før han lærte seg å synge og ikkje minst Lars Saabye Christensens Norsk Utflukt og kollektivet Buicken der også Tom Stalsberg har ein sentral plass. Jon Fosse og Karl Seglem har lagd plater, og det finnes ein rekke andre døme. Morten Qvenild og Frode Gryttens samarbeide er noko av det mest vellukka eg har høyrt i sjangeren, nettopp fordi Grytten ikkje berre blir ståande rett opp og ned som ein opplesar, men han er ein del av bandet. Flyt og balanse, som det heiter i flow-bransjen.

Kosmisk og politisk

Stemma hans blir vrengt i miksen for å passe dei kosmiske tonane, romfartslydane, klikkinga frå radarar. Plata får den sindige Grytten til å låta desperat, som om noko enda større enn teksten er sett i spel. Enkelte av spora får meg til å tenke på eit nydeleg prosjekt John Surman og Karin Krog jobbar med der Surman hentar inn lyd frå radioamatørar over heile verda og tar det inn i komposisjonane. Eg høyrer referansar til David Bowies spaceodyssear og Major Tom, eg høyrer flikar av HP Gundersens storslagne band The Last Hurrah(!!), filmatisk Tom Waits, Qvenilds eigen trio In the country, Giant Sand, Calexico og landskapet mellom progressiv jazz og kosmisk country.

Tekstane på dei åtte og lange låtane er politisk ladde, men som all god diktekunst – dei er på menneska, menneskeheita og dei menneskelege erfaringane si side. Undergrunn og Morgonfuglen er to høgdepunkt, altså side A på lp 1. Likevel er det totalen i prosjektet som imponerar mest. Flowen, ikkje enkeltsongar. Kor heilheitleg Qvenild har laga alt. Eit tingsverk har ein type dramaturgi, ei dobbel lp-plate ein annan. Og ein tredje type dramaturgi finn vi i boka som også er ute no:

Riv seg laus frå det venta

Er det dikt? Det også, men det er forteljingar, brokkar, langtekstar sett opp på ein måte som likar poesibøker, men la oss halde på forlaget si nemning, «protestsongar». Her mistar vi noko av desperasjonen og oppgittheita i stemma til Grytten når han må lesast. Om noko av energien forsvinn, har vi dess meir å boltre oss i. Berre åtte av desse protestsongane er på plata og boka er sett opp med grovpiksellerte bilete og illustrasjonar. Som mellomspel er det tekstar som anten er


Frode Grytten:
Landet bortanfor landet – Område 51
Skjønnlitteratur
Oktober
122 sider

autentiske loggar frå det militære eller dikta tekstar som inneheld kodingar, fart, tidspunkt, høgdemeter, posisjonar, men som alle skal illudere å vere den tekniske utskrifta av ei bombing, truleg droneslepp eller flyslepp av bomber. Desse stikka har titlar med namnet på den drepne. Når ein nærles desse små stykka, er det uforståeleg, kaldt, teknisk og syns å ha lite med noko menneskeleg å gjere og det er nok hensikta. Mennesket er i tittelen, døden er i teksten.

Eg og du og Amerika, Bruce

Boka er ikkje like stram som plata. Her er det plass til røvarhistorier som Kvar blei det av klokka til Buzz i alt mylderet og det er fleire dikt som er titla etter samfunnssnakkara som Thorbjørn Jagland, Asle Toje, Geir Lundestad og Janne Haaland Matlary.

Så har vi typen episke songar/dikt som både nemner Bruce Springsteen og slektar på hans berømde intro til The River på den svært sterke live-boksen 1975-86. Om faren, sonen, krigen og dei vala som blir tatt. Helsing til Amerika er eit slikt stykke. Case eit anna. Fleire av songane legg seg inntil på materialet på The Rising, Bruce-plata som kom etter 11. september, og det er skuleskytingane, Utøya og døden forårsaka av samfunn og enkeltmenneske og våpen som er den raude tråden i denne raude boka. Aller sterkast er langdiktet AK-47. 

Forfattar i utvikling

Det er mykje å ta inn og boka viser også at Frode Grytten (som blir 59 år neste veke) er i ei rivande utvikling som diktar etter at han kom til Oktober. Mange av heltane hans har vore i opprør mot det beståande (les romanen Brenn huset ned om The Clash eller novellesamlinga Menn ingen treng om einsame utanformenn) og forfattaren har rive seg laus frå konvensjonen om at ein kunstnar er mest progressiv som ung. Kva finn han på neste gong?

VIDAR KVALSHAUG

 

Her er opninga på både plata og boka, sjølve forelegget for begge verka, teksten Undergrunn:

Her er det ikkje noko land, seier geologen

Her har du ingenting å gjere, seier vakta

Her finst ingenting, seier skiltet

Bare ein coyote

Bare ein stjernehimmel

Bare ein sølvmåne over sovande sviller

Ei tapt strekning på kartet

Land som ikkje er

Under føtene

Under radaren

Under grunnen

Svart land

Svart flekk

Svart budsjett

Svarte løgner

Bare dei som er vakne mens du søv

Bare dei som fyller dagen med natt

Bare dei som går på jobb for å beherske himmel og død

Bare dei som går på jobb i landet bortanfor landet

Se video: