Merete Pharo er tilsett i eit vikariat i Samlaget.
– Vi er svært nøgde med å få Merete inn som salskonsulent for barne- og ungdomsbøkene våre, med si lange erfaring frå m.a. Tronsmo, sier informasjonssjef i Samlaget, Karin Helgøy.
Pharo skal inn for Mari Reinholt Aas, i eit vikariat som sals- og marknadskonsulent i Samlaget.
Pharo er kjent for mange i bransjen som bokhandlar på Tronsmo gjennom ei årrekke. Ho kjem frå eit vikariat i Solum Bokvennen og har gått på Fagskolen for bokbransjen.