Frå Dagbladet til Samlaget

Heidi Molstad Andresen (Foto: Geir Dokken)

Heidi Molstad Andresen er tilsett i ei nyoppretta stilling i Samlaget.

Heidi Molstad Andresen (52) frå Ål er tilsett i ei nyoppretta, fast stilling i Samlaget som forlagsredaktør og prosjektleiar for forlagsinitierte fakta- og gåvebøker og brei sakprosa.

Molstad Andresen kjem frå stillinga som journalist i Dagbladet Magasinet, der ho har arbeidd i 15 år og også har jobba som redigerer og utgåvesjef. Tidlegare har ho mellom anna vore reportasje -og magasinansvarleg i Hallingdølen, og leia eit nynorsk -og dialektprosjekt i regi av Buskerud Mållag. Ho har hatt ulike verv i mediebransjen, og mellom anna vore leiar av SKUP.

– Heidi har massevis av erfaring med ideutvikling og å redigere og formidle engasjerande historier til eit breitt publikum. Vi er hoppande glade for å ein slik ressurs med på laget, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Molstad Andresen seier ho ser svært fram til å gjere comeback til nynorsken til hausten:

– Eg gleder meg stort til å få jobbe med nokre av dei beste skribentane i landet og med eit så mangslungent mandat. Me treng ikkje fortelje folk at nynorsk er eit levande bruksspråk. Me skal gje dei eit variert utval bøker som er så gode, spennande og aktuelle at dei ikkje kan la vere å lese dei.