– Fekk bokidé frå James Joyce

EIN GJENLESAR: Tidlegare kritikar og no omsetjar og forfattar av fire bøker. Foto: Rolf M. Aagaard

Leif Høghaug omsette James Joyce, skreiv noko i margen og så var romanen "Kælven" fødd. Boka er skrive på hadelandsdialekt.

Forfatter: Leif Høghaug

Aktuell med: Kælven (Samlaget)

 

Kvifor skreiv du akkurat denne boka?

Eg byrja skrive romanen fordi eg heldt på med eit litterært prosjekt som eg framleis held på med og som eg kjem til å halde på med ei god stund framover: å omsetje James Joyces Finnegans Wake, ei bok mange meiner det er umogleg å omsetje. Umogleg? Nei, det er på ingen måte ei umogleg oppgåve eg har teke på meg. Også her handlar det om å finne rytmen. Også her handlar det om å utforske språk, skape språk. Det siste storverket frå Joyce si hand er ikkje eit «fullenda verk», men eit verk som står i tilvertingas heilage teikn og som på kvar av dei 628 sidene oppmodar lesaren til å gjere noko med dei rare orda og dei rare setningane; gjere noko – og skrive i margen.
Så, det eg gjer: Eg omset Finnegans Wake, og eg skriv i margen. Og det var då eg var omlag halvveges i det såkalla penneknektkapitlet … ja, då var det at ideen til Kælven melde seg i form av eit margnotat, eit margnotat som pussig nok fekk meg til å tenkje på Knut Hamsun. Det er derfor dei to første setningane i Kælven speler på dei to første setningane i Hamsuns Pan.

Tre favorittar:

Altså bøker? Eg har så mange favorittar, og Finnegans Wake er den største av dei alle. Men må eg velje tre, og viss eg tillèt meg sjølv å «gløyme» Joyce nokre sekund, så vel eg tre romanar frå det nittande hundreåret: Wuthering Heights (1847) av Emily Brontë; Adventures of Huckleberry Finn (1884) av Mark Twain; På Guds veje (1889) av Bjørnstjerne Bjørnson. Tre romanar som på kvar sin måte trødde fram som nyskapande.

Uslipt diamant:

Det kjem jo an på kva ein meiner med «uslipt diamant». Kan hende nokon vil peike på ei bestemt bok og seie ho er ein «uslipt diamant» av den enkle grunn at ho (boka) burde ha vore redigert betre … Ja vel. Men også redigeringa er ein prosess, og rekk opp handa den redaktøren som (med andre handa på hjartet) vil sverje på at han eller ho verkeleg meistrar slipekunsten fullt ut. Eller: Den boka som blir peika på, er ein diamant av ei bok som i fråvere av merksemd og lovord må kallast «uslipt» …
Eg vil ikkje peike på bøker som «burde ha vore redigert betre»; ei publisert bok er slik ho er, og det er meiningslaust å snakke om ein kvalitet som kunne ha vore der viss boka bare hadde vore «strammare», «slankare» eller på anna vis meir anorektisk. Men diamantar som urørde av merksemd og lovord skin for seg sjølv … Slike bøker kan eg peike på, og her og no vel eg å peike på ein roman eg var så heldig å vere redaktør for, ein særs god og «ufullenda» roman som framleis ventar på kritikarane: Oleg Soloveichics skam, eller De europeiske sorteringsprosesser (2013) av Dagfinn Carlsson.

Sist leste bok:

Eg er ein gjenlesar. Eg les opp att – gjenles – bøker eg har lese mange gonger før. Gleda ved gjenlesinga, gjentakinga … Eg er ein middelaldrande mann. Eg trivst med å bli eldre. Og eg håpar eg får eit like rynkete ansikt som Samuel Beckett. Ja, eg trivst med å lese opp att bøker eg har lese mange gonger før. Sist gjenlesne bok: Mason & Dixon av trollmannen Thomas Pynchon. (Mitt kjæraste leseminne frå tida mi som litteraturkritikar: Mason & Dixon, rykande fersk i 1997.)

Korleis jobbar du?

Jamfør over – om kvifor eg skreiv Kælven. Kvar arbeidsdag sit eg på kontoret mitt, på Glasslåven Kunstsenter, Granavollen, Hadeland, og her leitar eg etter rytmen i språket, og finn eg den, finn eg rytmen, då er det mogleg å skrive. Rytme. Alt handlar om rytme. Det er rytmen som gjer det mogleg å utforske språk, skape språk. I Kælven heiter rytmen hadelandsdialekt. Og under dette namnet gjer rytmen det mogleg å utforske – og samstundes skape – eit særskild språk, eit særskild uttrykk. Eit døme: Forteljaren i Kælven seier det var han «som tjuvlånnte grasklypparn»:

«Grasklypparn. Den sto parrkert midt på en plen uttaførr et ællminnli toetasjes bolihus væ en ta dæssa småvæga, gutun, je slæpte skrotten langs og d’var tydli at hæn som førje kvæl hadde parrkert’n akkurat der (sønn i huset, tenkte je, eldste sønn i huset), hæn hadde ikke røkki å fullføre oppgaven, førr mellom stakkittgjærdet og der grasklypparn sto, der hæve graset seg frodi og vilt opp mot skyfrie himmal, blått, årntli blått over kåbbåihatten min, d’var en nydli mårrå og je plystre og åpne porten og je fækk meg ikke tæll å tru d’var folk inni huset æller inni garrasjen æller nonn anna stann på eiendommen og ætter å ha glana litt så drog je dom mæ meg, beina, je plystre og var gla og følte meg mer ellektrisk enn på lenge, ja mer mekkanisk og da eine beinet ville bårra seg ner i nyklyppe del ta plen og andre beinet der grasklypparn sto røvv og rusten like frammaførr meg, hånei kunne da ikke snu nå, je hadde jo bestæmt meg […].»

Kva for ein litterær skikkelse ville du helst hatt stennemøte med?

Såkalla fiktiv eller såkalla verkeleg? Eg vel ein litterær skapning vi vil seie er ein fiktiv skapning: Zarathustra i Friedrich Nietzsches Also sprach Zarathustra. Kan hende blir det eit eksplosivt stemnemøte.

Kven blir neste norske nobelprisvinnar i litteratur?

Jon Fosse. Han er den største norske dramatikar sidan Henrik Ibsen. Men som vi alle veit: Ibsen blei aldri nobelprisvinnar i litteratur. Han skulle hatt prisen, Ibsen. Så han er i godt selskap, Fosse, så lenge nobelprisen ikkje er hans.

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?
Både og. Det får halde, det, at eg svarar «både og» på dette spørsmålet.

Ein jordbærstad utanom det vanlege på nettet:

Altså ein stad på nettet der det er fint å vere? Jacobin, jacobinmag.com. Dei amerikanske jakobinarane seier mellom anna dette om nettstaden sin (og tidsskriftet Jacobin): «Jacobin is a leading voice of the American left, offering socialist perspectives on politics, ecomomics, and culture.»

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Gudane veit kva ein bør gjere etter at ein har vore på fjelltur saman med dei amerikanske jakobinarane og Nietzsches Zarathustra. Ein fjelltur til? Eller ein lang lunsj? Nei, spør gudane!