Får Leikvolls minnepris

Forfattar Ingvild Holvik får Jan Roar Leikvolls minnepris 2017.

Jan Roar Leikvolls minnepris vert med denne tildelinga delt ut for tredje og siste gong. Prisen er på 50 000 og går til ein nynorsk, skjønlitterær forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gjeve ut fire titlar.

Dei to tidlegare vinnarane av prisen er Lars Petter Sveen (2015) og Kjersti Rorgermoen (2016).

Jan Roar Leivoll, som prisen har namn etter, døydde i 2014.

Les også: I Leikvolls litterære hule

Prisvinnaren

Får prisen: Ingvild Hovik. Foto: Samlaget

Ingvild Holvik er født i Bergen i 1976 og bur no i Tromsø, kor ho arbeider som konsulent i Norsk Forfattersentrum. Ho debuterte med romanen Lykkefeltet i 2010. Hennar andre roman, Premien for alt, kom i vår. Holvik har òg omsett Attila Bartis’ Stillheten til norsk frå ungarsk, eit arbeid ho vart nominert til Brageprisen for.

Frå grunngjevinga til juryen:

«Prisvinnarens litterære produksjon utmerkar seg ved å vere skarp, smart, usentimental – nådelaust kynisk den eine augneblinken, overrumplande morosam den neste. Mest av alt er dei to romanane forfattaren har utgjeve til no, prega av ei særmerkt evne til å handtere kvardagsspråket i kunstnarleg samanheng, og til å formidle alt det vonde som finst mellom menneska gjennom dette språkets prisme.

Vi har ynskja å beløne litterært vågemot, språkleg klarsyn og viljen til å bóre djupt i menneskesinnets irrgangar, og alle desse kvalitetane finst i rik món i både Lykkefeltet og Premien for alt

Les også: Leikvoll minnes i Hviterussland

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) publiserte i løpet av seks år fire romanar som viste ein forfattar som ikkje var redd for å gå sine eigne vegar. Bøkene hans utgjer ein unik forfattarskap i norsk samtidslitteratur. Denne prisen er meint å støtte forfattarar som tidleg i forfattarskapen viser sjølvstende og litterært mot.

Jan RoarLeikvoll. Foto: Tove K. Breistein/Samlaget