Elsker EPA-traktorer

Redaktøren snakker gjerne om bøker i sommerferien.

SOMMERGJESTEN: I dag har vi besøk av Maria Horvei, redaktør for oversatt skjønnlitteratur i Aschehoug.

Maria Horvei (f. 1988) er skribent, kritiker og forlagsredaktør. Fra 2018 til 2021 var hun redaktør i tidsskriftet Vinduet. I dag er hun redaktør for oversatt skjønnlitteratur i Aschehoug. I fjor høst debuterte hun med romanen Gratulerer med dagen på Gyldendal. Boka fikk gode kritikker og ble nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– Hvor tilbringer du ferien i år, Maria?

Eg er hytteeigar på tredje året, så det blir fire veker på den svenske innlandsrivieraen. Lite yacht, men desto fleire EPA-traktorer. Elskar det!

– Hva må en god sommerferie inneholde?

Ei passe saftig sakprosabok, ein morosam klassikar og ein av vårens romanar du ikkje har rukke å lese endå.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Om eg for skams skuld skal halde unna dei eg sjølv har jobba med, så trekk eg gjerne fram Gunnhild Øyehaugs nyaste essaysamling Hjartet i skalkeskjulet. Noregs beste essayist, eg berre slenger det ut der.

Når det gjeld feriebunka, og jamfør svar på spørsmålet over, skal eg lese Circus of Dreams, John Walsh si sladrete memoarbok om den britiske litteratur- og forlagsverda på 1980-talet, Nancy Mitfords The Pursuit of Love frå 1945 og Tsitsi Dangarembgas Nervøse tilstander, som nyss er omsett til norsk.

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

Takk for påminninga om å sette på autosvar! Det er det eg kjem til å gjere.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Eg er utruleg svak for ei stor skål pasta midt på bordet, og så mange mindre skåler med oliven og slikt rundt. For å gje det ein litterær twist, kan det til dømes vere Nora Ephrons tomatpasta.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Då ville eg sjølvsagt ha invitert quizaget mitt Prydbusk til sommarsamling. Her skulle me ha mimra om kor fint det var å vinne litteraturquizen på Lillehammer for nokre veker sidan og drukke kvitvin frå høge karaflar.

– Ditt beste ferieminne?

For nokre år tilbake var eg Seattle og vedda med reisefølget om at kven som helst i den passe slitne sportsbaren me satt i ville vite kven Knute Rokne var. “Han er heilt utruleg kjend i Amerika”, sa eg. “Det er berre noko vossingar trur”, sa reisefølget. Enden på visa var at eg ikkje berre vann veddemålet, men òg vart påspandert ein runde av eit par tilfeldige amerikanske fotballfans fulle av Knute Rokne-trivia.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Eg sender ein kollektiv blomebukett – nei, vent, dei skal få éin kvar – til forlagsverdas kanskje aller mest unsung heroes: vaskarane og korrekturlesarane. Med tanke på at dei er dei einaste i Noreg som kan kommareglane, syns eg dei får sjokkerande lite kudos.

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Allernådigst spurt om eg fekk sleppe. Kulturfeltet fortener ein beinhard påle, og eg hadde knekt som ein kvist.

– Hvis du kunne satt én bok på pensum i norske skoler; Hvilken og hvorfor?

Camara Lundestad Joofs Eg snakkar om det heile tida. Grunngjevinga seier seg vel nesten sjølv, men det er altså eit utruleg godt, ope og tilgjengeleg stykke litteratur om rasisme i Noreg.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

NY UNGDOMSTREND: NÅ SKAL “ALLE” LESE TONI MORRISON
– Helt på sin plass, sier glad oversattredaktør.

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg? 

“Du vil ikke trekke frem én krimserie folk bør ta med seg på ferie, da? Helt lov å si noe fra eget forlag.”

– Og da svarer du?

– Jo, herlighet, sidan du spør! Mick Herron sine bøker om dei avdanka MI5-agentane i Slough House er heilt avsindig skarpe, og sjukt morosame. Er du berre bittelitt glad i spionar og britisk humor, er dei verdt minst ein kilo overvekt.

Se tidligere sommergjester her!