Eksistensens vegar og utvegar

Erlend Flornes Skarets nye bok handlar om ein mann som i eit anfall av meningsløyse sier opp jobben, kjøpar ein bil og køyrer sørover.

– Dei beste tekstane oppstår gjerne som følge av eit overskot, dei er ofte utvungne, slentrande og tilforlatelege av natur, seier ukens forfatter Erlend Flornes Skaret.

 

Forfatter: Erlend Flornes Skaret  (40)

Aktuell med: Nomade, Samlaget

Dette er ei bok om ein mann som i eit anfall av meiningsløyse seier opp jobben, kjøper ein bil og køyrer sørover. Ein roadroman om eksistensens vegar og utvegar.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Fordi dette var det eg hadde på hjartet.

 

Tre favoritter:

Stig Larsson (Ikkje å forveksle med Stieg Larsson): Autistene. Ein fandenivoldsk og poetisk

Don de Lillo: Kroppskunstneren. Etter å ha lese denne boka kjende eg ein sterk trong til å ete toast med smør og fikenkjøt, noko eg aldri før eller seinare har tenkt på.>

Knut Hamsun: Sult. Denne boka minnar meg på korfor eg har lyst til å skrive.

 

Uslipt diamant: 

Øyvind Ådland: Problemet med de to-tre studentene. I ei melding skildra Preben Jordal denne boka som løysemiddelskada påstandsprosa. Kanskje er det løysemiddel som er Ådland sin astmamedisin, det veit eg ikkje, men resultatet er i alle fall slåande, boka er finurleg og absurd.

 

Sist leste bok:

Robert Musil: Mannen uten egenskaper. Eg har begynt på denne boka fleire gonger, men aldri lese den ferdig. Kanskje denne gong. Boka er så velskriven og omfattande at eg tar meg sjølv i å tenke at alt eg skriv og har skrive om finst i betre versjonar i denne mursteinen av ei bok. Då kan eg lure på kva vitsen er. Heilt til eg kjem til å hugse på at eg jo aldri har klart å lese boka ut.

 

Hvordan jobber du?

9788252190663Eg startar gjerne utan nokon klar idé. Eg skriv vilkårleg om det som måtte falle meg inn. Dei beste tekstane oppstår gjerne som følge av eit overskot, dei er ofte utvungne, slentrande og tilforlatelege av natur. Etter ei stund med slik sidevegs drift, begynner det gjerne å utkrystallisere seg ei retning, eit narrativ eller eit tema. Dette vert så navet som den følgjande skrivinga krinsar rundt.

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Jo Sannem skriv godt om virtuelle stemnemøter. Etter å ha lese novellesamlinga hans, De vanlige, synst eg det er tryggast å halde seg til stemnemøter i det verkelege livet.

 

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Eg har sett at Kjell Askildsen står på bookmakerane sine lister, riktignok med høge odds, men det er berre bra, eg likar å tippe med hjartet.

 

Hvis du var kulturminister for en dag?

erlend2Då ville eg tatt kulturen på alvor og følgt opp resultat og tilrådingar i fjorårets «kunstnerøkonomiutredning», eg ville tatt omsyn til det store fleirtalet på Stortinget og gått inn for å betre dei dårlege økonomiske vilkåra for kunstnarar. Det er ikkje nødvendigvis slik at all god kunst spring ut av materielt elende.

 

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Eg brukar sosiale medier nesten på same måte som eg brukar e-posten min. Ikkje noko særleg meir. Facebook er instant pleasure; som god vestlending har eg større tru på slow pain.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

Eg trur eg er litt gammalmodig av meg. Eg har aldri skjønt korleis ein surfar på ein interessant måte. Eg likar godt nettstadar utan reklame.

 

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

 Eg veit ikkje. Har du sjekka med Nesbø og Ullmann? Eg vil nødig hamne i ein situasjon der til dømes Ullmann opnar døra med eit uttrykk i andletet som seier: Kva i helsikken? Har det rabla for agenten min no? Lønsj med denne fyren i Central Park?  Lang??

 

(Forfatterfoto: Tove Breistein)