Ein trøysterik stad å opphalda seg

Ingrid Z. Aanestad (Foto: Cato Lein)

BARNEBOKPROFILEN: – Eg vil ikkje trøysta gjennom å seia at alt blir bra eller at det som er vanskeleg ikkje finst. Men eg trur like fullt at bøker kan vera trøysterike stader å opphalda seg, seier Ingrid Z. Aanestad.

Ingrid Z. Aanestad er fra Klepp i Rogaland, og har studert ved Forfatterstudiet i Bø og seinare ved Litterär gestaltning i Göteborg. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut fleire romanar og essay.

Denne hausten er ho aktuell med sin første barnebok, Berre mor og Ellinor (Gyldendal).

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg hadde nokre bilete og setningar i hovudet som ikkje tilhøyrte vaksenroman-verda eg vanlegvis oppheld meg i. Eg fekk nevøar og ville skriva noko til dei, for dei. Eg savna sjøen. Eg tenkte mykje på korleis det er å leva nær eit stort hav og ein stor tristheit. Og eg tenkte på ei lita jente som samlar skjell. Ellinor er det finaste navnet kjærasten min veit, så eg lånte det og døypte jenta. Eg vil ikkje trøysta gjennom å seia at alt blir bra eller at det som er vanskeleg ikkje finst. Men eg trur like fullt at bøker kan vera trøysterike stader å opphalda seg, stader som kan romma motstridande kjensler og verkelegheiter. Det er både veldig fint og litt vanskeleg å vera berre mor og Ellinor som bur i lag.

Tre barnebok-favoritter:

Bukkene Bruse på badeland av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund, God natt, natt av Gro Dahle og Svein Nyhus og Skog, eller noko som har med skog å gjere, av Eva Jensen og Anja Dahle.

Sjekk ut:

Dyksommar av Sara Stridsberg og Sara Lundberg.

Hvordan jobber du?

– Eg samlar ord, skriv, tenker, drøymer, glor ut vindauget, dreg til havet, lagar lister, skriv meir,  skaffar meg gode lesarar, redigerer og riv meg i håret i ein runddans som eg elskar det meste av tida og blir litt sprø av iblant.

Din egen favorittillustrasjon?

– Har eg lov å svara dei nydelege illustrasjonane Sunniva Sunde Krogseth har laga til boka mi? Jeg er også veldig begeistra for arbeidet til Mari Kanstad Johnsen og Skinkeape.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– ALT gjorde inntrykk, eg var vidopen og nyfiken og lettskremt. Hugsar mellom anna at eg blei så redd av å lytta til læraren min lesa høgt frå Løven, heksa og klesskapet i første klasse at mor mi måtte be henne finna ei anna bok til høgtlesing. Elles er bøkene til Astrid Lindgren noko av det som sit tydelegast i, med Ronja Røverdatter som favoritten.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Eg tenker at det vakre med skikkelsar i bøker er at dei finst og er verkelege nettopp i bøkene. Eg  møter dei når eg les.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg vil helst vera meg, men låner gjerne litt mot og villskap av Ronja.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Djupn, lettheit, energi og empati.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Over hava, med Pippi!