Eit bokbad i blod, sæd, kloakk og liksafter

SENDER SJOKKBØLGJER GJENNOM SANSEAPPARATA: Maren Uthaug (Foto: Thomas A)

ANMELDT: I eit tid der få har kjent særleg verre stank enn partnaren sin dynepromp, og nesten ingen har sett ein død og naken menneskekropp på nært hald, greier Maren Uthaug å senda sjokkbølgjer gjennom alle sanseapparata til lesaren.

Det er overraskande lett å få sympati for forteljaren i boka, åleinefaren Nicolas, sjølv om me på dei aller først sidene får vita at han er nekrofil – og at han har skumle planar for barna sine.

Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten, med start frå tidleg 1800-tal. Då driv Christian Christensen 1 i land på ei lita øy etter skipbrot, og blir del av eit samfunn der avgrensa ressursar krev at nokon må døy før ein nyfødd får leva. Slikt blir det mange spedbarnsdrap av, og den blonde kjempa med dei gudeliknande blå augo utfører oppgåva både kjøleg og ømt. Han blir stamfar til ei slekt som brødfør seg av andres død, bokstavleg tala.

Organisk


Maren Uthaug:
Ein lykkeleg slutt
roman
Samlaget
333 sider
Omsett frå dansk av Ingvild Holvik

Når ein rører seg mellom sju generasjonar pluss deira næraste, er det lite rom for bipersonar. Det gjer ikkje noko, sidan rekvisittane og miljøskildringane er såpass sterke som i denne romanen.

Noko verre er det at dei sju har fått så strikte og einsidige personlegdomstrekk at dei minner om Askepotts sju dvergar: Ein drep spedbarn, ein jagar gjenferd, ein brenn for å brenna folk, ein snakkar med spøkelser, ein måler livet med glaslinjal og notatblokk. Likevel fungerar teksten på organisk vis, det blir aldri stivt eller knirkete, sjølv om forfattaren er litt for ivrig etter å dela også researchen sin.

Koleraen

Forfattaren er fødd i Noreg, av norske foreldre, men skriv på dansk. At bøkene kjem på nynorsk, kan framstå som eit litt undarleg val, sidan det skriftlege bokmålet ligg nærare dansk. Likevel er det lite å utsetja på Ingvild Holvik si språkdrakt. Det blir kanskje mest smak og behag når setningar som ”Eg har berre ei dårleg førekjensle” skurrar i desse øyro, slik det også gjer når ein vel hankjønnsforma der hokjønnforma er likestilt.

Etterat Koronaen vart kåra som årets nyord, er det finurlig av oversetjaren å bruka bestemd form også om koleraen – sjølv om forfattaren kanskje skreiv ”bukka under for kolera”.

Nekromantikk

Den nest siste Christensen i rekkja, forteljaren, kysser og penetrerar kalde lik med stor varme og respekt.

Han skjemst over avviket sitt, og delar noko av avskya dei fleste lesarar vil kjenna. Men han undrar seg også over kvifor det han driv med er straffbar likskjending, i ei tid der det er heilt greitt å røska organ ut eller gjera obduksjonar og vampyrar og andre der levande døde igjen pregar alle former for populærkultur. Her finst mange tankevekkjande samanstillingar, som denne:

“Både Tornerose og Snøkvit var døde, eller i alle fall

i ein dvale som likna døden, då ein ung prins syntest

dei var så uimotståelege at han berre måtte kysse dei.

Ingen, verken stor eller liten, har nokon gong tenkt at

det var ekkelt då prinsen bøygde seg ned og la munnen

mot dei kalde leppene.”

Tabu i endring

Slike finurlege referansar til vår tids etikk og herskande moralfilosofi er elles tydelegast i tema kring pest og pandemi. Boka er skriven før koronaen kom, noko som gjer det ekstra spanande å lesa om korleis samfunnet bryt saman – gjerne på ulikt vis i ulike klasselag. Skremmande er også forteljinga om at under ein koleraepidemi hadde folk overlevd oftare ved å unngå legane og medisinane deira.

Det store hovudtemaet er likevel korleis synet på den lekamlege døden endrar seg når vitenskapen sakte fortrengjer eineretten prestane hadde på både kropp og sjel. Det er i dette landskapet forfattaren spinn sine fine leietrådar, og på både pedagogisk og underhaldande vis skildrar utviklinga der ulike tabu avløyser kvarandre – ofte av praktiske årsaker, som då pest og massedød opna opp for å avskaffa forbodet mot kremasjon.

Meistrar

Ein del av boka handlar om Christian 3 som kan sjå dei døde, og attpåtil forelska seg i ei av dei. Der kan ein nesten høyra melodien frå filmen Ghost når to svært umake par inngå avtale om å lånebyta kroppar. Referansane er tydelege til populærkulturelle kioskveltarar som Twilight-sagen, og forfattaren legg seg nesten klamt tett mot Anne Rice sine skildringar av nekrofil kjærleik og øm kannibalisme.

Likevel meistrar ho handverket sitt så godt, og evnar å løfta teksten meir mot den divisjonen der George Saunders toppa ligaen med romanen Lincoln i Bardo.

Det er både skrekkeleg vanskeleg og svimlande lett å sjå for seg romanen som film. Men sex-scenenene er lysår unna det moralsk desinfiserte Hollywood – her kan til og med Lars von Trier koma til å krevja smusstillegg.

Humor og analspasmer

Lesarar får mykje kuriøs kunnskap på kjøpet, og ikkje så reint lite humor.  Ugløymeleg er til dømes stakkars Cristian 2, som hatar alkohol, men sidan han er bedemann må han drikka dei drammane han får og bli forgifta fleire gonger i veka.

Ein viss kvalme må påreknast også for lesaren, men her blir ein raskt herda. Tidleg kjem til dømes  skildringar av mor som ved middagsbordet også serverer barna historieleksjonar om korleis russiske soldatar drog ned buksene på dei døyande fiendane, for å trenge inn i dei og nyta dei siste dødskrampane deira. Og:

“Kinamannen kveler gåsa langsamt, og idet den er

i ferd med å ande ut, penetrerer han den og ventar

på at dei siste dødskrampane skal tilfredsstille han»,

sa ho og skar kjøttkaka si i små bitar som ho skuffa

innpå.”

For lesarar med sterk mage er det berre å setja hjørnetennene i denne rå romanen, så liksafta skvett.

MAY GRETHE LERUM