Statsminister-boka - førtifem år gammelt manus endelig bok
Einar Økland skrev Statsminister-boka for nesten femti år siden, men boken ble aldri utgitt den gangen. Ukens forfatter gir æren til hjernen, sjelen, Gud og tradisjonen, som leverer impulser helt urekvirert.
Forfatter: Einar Økland
Aktuell med: Statsminister-boka (Det Norske Samlaget, jan. 2014) Barnebok i lett psykedelisk stil, skriven 1969, ikkje utgitt før nå.
Hvorfor skrev du akkurat denne boken? Var djupt inspirert av korleis folk-rock duoen The Incredible String Band nytta barnlege stemningar .
Tre favoritter:
- Hans E. Kinck: Alt. Den personlege blandinga av poesi og essayistisk prosa. Og så den topografiske kjensla.
- A. A. Milne: Ole Brumm og vennene hans (1947). Ei grunnbok for mi sjølvforståing.
- Harry Martinson:: Alt. Den poetiske omgangen med kunnskapar – og det ambulerande blikket for styrtande paradis.
Uslipt diamant:
- Nutta Haraldsen. Avsluttar snart eit større referanseverk om norske postkortillustratørar og om utgjevarane deira. Eit nybrotsarbeid.
Sist leste bok:
- Dave Gelly: Stan Getz . Nobody else but me. Informativ, innsiktsfull musikarbiografi med hovudvekt på alle plateinnspelingar og lydopptak jazzsaksofonisten etterlet seg – og om utviklinga og venleiken i desse.
Hvordan jobber du?
- Først og fremst: Hjernen/sjela/Gud/tradisjonen jobbar med meg og leverer heilt urekvirert og når som helst impulsar, innskot, tankar, forestilingar som eg forkastar eller brukar. Reint praktisk skriv eg helst like etter frukost og sluttar utover mot lunsjtid. Skrivinga skjer helst i heimen, men stundom reiser eg til eit hotell i ein storby og skriv der. Eg vekslar støtt mellom lågt og høgt medvit. (like Donne’s «two fools»).
Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med? Kjerringa Crazy Jane i W. B. Yeats’ seine dikting. Ein av dei få fiktive personane i poesien.
Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur? Kjartan Fløgstad
Facebook og sosiale medier – fest eller kolera? Eg er både for sosial og for asosial til å vere med der.
Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet: Min søkemotor.
På bar med Knausgård eller middag med Dag Solstad? Når ein er ute i lag med Solstad, merker ein ikkje om ein er på bar eller i middagsselskap. Det har skjedd med meg mange gonger , men det skjer altfor sjeldan.
(Forfatterportrett: Tove K. Breistein)