– Ein Oskar i livet skulle alle ha

Maria Parr (Foto: Julia Marie Naglestad)

Maria Parr er tildelt sin tredje bragepris, denne gangen for barneromanen "Oskar og eg".

Maria Parr (f. 1981) fikk i 2009 sitt store litterære gjennombrudd med Tonje Glimmerdal. Boken skaffet henne både Kritikerprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen. Brage fikk hun også i 2017 for Keeperen og havet. I kveld mottok hun sin tredje Bragestatuett, denne gangen for barneromanen Oskar og eg (Samlaget – illustrert av Åshild Irgens).

Juryen skriver i sin begrunnelse:

«Det er mykje ein skal få til når ein er ung. Finna seg sjølv og kor ein høyrer til. Kva ein kan, og kva ein må læra seg. Veksa inn i noko – og veksa frå noko anna. Vinnarboka har dette strekket i seg: Å vera på sin plass i livet, men samstundes å vera i rørsle.

Vinnaren skildrar opplevinga av å vera nett her, i mellomrommet. Det vert skrive fram kraftfullt og rikt på bilete. Språket er friskt som sjøsprut, rasande som torevêr og lint som sommarvind. Eit språk tett knytt til naturen medan det samstundes speglar livet. Der er kvardagen, med alle dei viktigaste tinga, store eller små.

Gjennom stor forteljarkunst frå nett den vesle kvardagen fremjar årets vinnar fantasi, kjensla av å høyra til og kjensla av å meistra noko. Vinnaren fortel òg om å mista noko når me veks, men framleis kan spegla oss i barndommen slik den var, gjennom ein liten bror. Slik viser boka magien i barnelivet, der forståinga av verda er ny kvar dag.

Årets vinnar har skrive eit vedunderleg portrett av noko av det viktigaste i livet for eit barn: fellesskapen med eit sysken. Ein Oskar i livet skulle alle ha.»