Ein norsk sjørøvar

SKRIV OM SJØRØVARAR: Anders Totland (Foto: Privat)

BARNEBOKPROFIL: Anders Totland er aktuell med bok om norske sjørøvarar. Og sjølv skulle han gjerne reise over dei sju hav med Pippi.

Anders Totland er kokk, organist og journalist. Han debuterte som forfattar i 2015 med Vampyrane i Eplehagen. Han har også skrevet en rekke faktabøker for barn. Denne hausten er han aktuell med ei om norske piratar.

 

Forfattar: Anders Totland

Aktuell med: Norske sjørøvarar (Gyldendal – Illustratør: Kristian Krohg-Sørensen)

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg har alltid vore fascinert av sjørøvarhistorier, alt frå underhaldande bøker om gamle skattar og tokt, til moderne filmar og seriar som Pirates of the Caribbean og Black Sails. Eg veit ikkje heilt kva det er, men eg trur kanskje det er noko med mystikken og det ulovlege i desse historiene som på ein eller anna måte har ei enorm tiltrekningskraft.

– Då eg var ferdig med den forrige sakprosaboka mi for unge, hadde eg skrive to bøker om sjukdom på rappen (Lepra, 2020 og Pest og plage, 2021), og hadde veldig lyst til å gå litt tilbake til tematikken fråd ei to første bøkene, Den norske slavehandelen (2018) og Nattmannen (2019), som begge handla om brutale menneskelagnader og korleis samfunnet behandla folk.

– I tillegg ville eg veldig gjerne skriva noko litt meir lystig. Og sjølv om det på ingen måte er lystig med røving og henging og alt det grusame som eg skriv om i boka om sjørøvarane, er det likevel noko med den store avstanden i tid som gjer det underhaldande på ein litt lettare måte, synes eg. Det er i alle fall veldig gøy å både lesa om og skriva om – sjølv om det absolutt er brutalt.

Tre barnebok-favoritter:

Ei kjedeleg bok, Brødrene Løvehjerte og Tonje Glimmerdal.

Sjekk ut:

Vindeltorn av Tone Almhjell.

Hvordan jobber du?

– Eg jobbar litt i rykk og napp, og har som regel mange nok ballar i lufta til at det alltid er noko å ta tak i. Når eg skriv desse sakprosabøkene for unge, er den største jobben å finna eit emne som det ikkje er skrive om for denne målgruppa før, som forlaget vil ha, og ikkje minst som eg sjølv synes er interessant og spennande nok til å bruka eit års tid på.

– Når eg først har funne det rette emnet, gjenstår tre ledd i prosessen: Samling, sortering og spissing.

– Først samlar eg alt eg kan finna av relevante kjelder, og kan i lange periodar forsvinna heilt inn i doktorgradsavhandlingar, masteroppgåver og gamle bøker og dokument som kanskje, på ein eller anna måte, kan bidra til å kasta lys over det eg skal skriva om. Deretter prøver eg å sortera kva som må med, og kva historier som funkar i dette formatet.

– På dette tidspunktet har eg som regel eit ganske omfattande utkast på pcen, som like gjerne kunne ha vore utgangspunktet for å skriva ei tjukk sakprosabok for vaksne. Men det er ikkje det som er mitt prosjekt, så neste ledd i prosessen er å plukka vekk alt som ikkje må med, til eg står igjen med 10 kapittel på i underkant av 1000 ord kvar, der eg prøver å formidla viktige og spennande sider av vår eiga historie for eit ungt publikum.

Din egen favorittillustrasjon?

– Eg er så heldig at eg får jobba med nokre av landets beste illustratørar og teikneserieskaparar, noko som verkeleg løftar historiene på ein måte som eg aldri kunne klart med ord. Akkurat no er nok favorittillustrasjonen min frå kapittelet om sjørøvarane som plyndra Bergen på slutten av 1300-talet, teikna av Kristian Krohg-Sørensen som har illustrert tre av dei fem bøkene i denne serien. Dei to andre er det Martin Ernstsen som har illustrert.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Det må ha vore noko av Roald Dahl. Kanskje Charlie og sjokoladefabrikken. Eg berre elskar det absurde og meiningslause i Dahl sine bøker. I motsetning til så mykje anna i livet, med både skule og søndagsskule og pianoundervisning og eg veit ikkje kva, opplevde eg aldri at bøkene til Roald Dahl skulle læra meg noko som helst. Det var ikkje eit forsøk på å få ungane på rett sti, men berre deilig og skamlaus underhaldning. Og eg elska det.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– For nokre år sidan skreiv eg ei bok som heiter Ut i rommet (2019), der eg sende dottera mi Alva til månen saman med Neil Armstrong og gjengen. Sidan eg er på turne for å formidla litteratur til andre sine ungar store deler av året, skulle eg gjerne hatt litt ekstra tid med både henne og dei andre ungane mine. Så det måtte blitt Alva.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Charlie (og fått sjokoladefabrikken med på kjøpet).

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Anar ikkje. Heldigvis finst det like mange forskjellige ungar, eller kanskje endåtil fleire enn det finst vaksne, og difor er det òg behov for ulike typar bøker.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Det måtte blitt Pippi. Lett! Så hadde eg kanskje fått møta nokre sjørøvarar òg.