LUKE 18: Brynjulf Jung Tjønn har høstet mange lovord for høstens diktsamling «Kvit, norsk mann».
Brynjulf Jung Tjønn (f.1980) er oppvokst i Feios i Sogn og Fjordane. Han debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002. Han har senere utgitt flere romaner, samt den kritikerroste barnebokdebuten I morgen skal vi sitte i solen (2009).
For ungdomsromanen Så vakker du er ble Jung Tjønn tildelt Brageprisen 2013. I fjor fikk han P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige.
Brynjulf Jung Tjønn jobber som forlagsredaktør i Samlaget.
Årets diktsamling Kvit, norsk mann er varmt mottatt. VGs Trine Saugestad Hatlen mener at alle burde lese den og gir samlingen en soleklar terningkast 6! Vår egen Anders Neraal har boka som en av årets tre anbefalte diktsamlinger, og omtaler den som en av årets viktigste og beste bøker – uavhengig av sjanger.
Les hele: Dikt under juletreet
– Gratulerer med svært god mottagelse, Brynjulf.
– Det at boka har fått så gode meldingar, er eg sjølvsagt veldig glad for. Men direkte tilbakemeldingar frå lesarar betyr enda meir. Nokre har sagt til meg at Kvit, norsk mann også er boka om deira liv. Mange har sagt at dei kjenner seg igjen i det eg skriv, enten dei er adopterte eller har ei anna form for minoritetsbakgrunn. Andre kan kjenne igjen utanforskapet sjølv om dei er kvite, norske menn og kvinner.
– Hvilken reaksjon er vanligst?
Den reaksjonen eg kanskje får mest, er at mange ikkje har tenkt over at adopterte opplever rasisme. Og at dei vil endre måten dei tenkjer om og snakkar til andre med minoritetsbakgrunn etter å ha lest boka.
– Hvor blir du så å tilbringe jula i år?
– Julaftan er vi heime i Oslo, medan vi dreg på hytta på Nesfjellet i romjula og feirar nyttår der. Det er noko vi har gjort fast dei siste åra. Då er vi også sikra kvit jul.
– Det blir ikke jul uten … hva?
– Pinnekjøt. Eg er vaksen opp på gard på Vestlandet og det må alltid vere lukt og smak av pinnekjøt.
– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?
– Utanom alle dei gode barne- og ungdomsbøkene på Samlaget, så må det vere Vi puster fortsatt av Yohan Shanmugaratnam. Eg las boka i sommarferien og klarte ikkje å leggje ho frå meg. Ei utruleg velskrive og velkomponert bok om utanforskap, rasisme og om det å vere fleirkulturell i Norge. Ettersom eg sjølv er redaktør, les eg også, diverre, ofte med redaktørblikket, og her var det ikkje eit einaste ord eller setning eg ville ha endra.
– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?
– Alle barne- og ungdomsbøkene som kom ut på Samlaget i år. Vi har ei knallsterk liste. Men som barnebokredaktør i Samlaget ynskjer eg helst ikkje å framheve einskildetitlar. Eg vel difor i staden tre av dei aller viktigaste bøkene i Norge akkurat no: Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof, Melanin hvitere enn blekemiddel av Sumaya Jirde Ali og Den norske skyld – en beretning fra rettssaken mot Phillip Manshaus av Anne Bitsch.
– Beste julegaven du noensinne har fått?
– Sjølvlaga gåver frå barna. Men den gåva som kanskje var viktigast for meg då eg var ung, var ein elektrisk skrivemaskin.
– Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2023?
– Kvifor nynorske bøker er så bra.
– Hvis du kunne satt en bok på pensum i norske skoler i 2023, hvilken ville det vært?
– Norsk nok redigert av Mala Wang-Naveen. Slik 2022 har utvikla seg, er det ikkje tvil om at vi alle treng å få meir kunnskap om korleis det kan vere å vekse opp i Norge med fleirkulturell bakgrunn. Tekstane er velskrivne, dagsaktuelle og lettlesne, og passar ypparleg for skuleelevar.