Ei pause på 1000 dagar

– Eg hadde lyst til å skrive om overgangen frå barn til ungdom, og kor vanskeleg det er å vere seg sjølv når alle rundt deg definerer deg som noko anna enn det du sjølv gjer, sier Inger J. Sæterbakk.

Inger Johanne Sæterbakk arbeitar som kommunikasjonsrådgivar og journalist, og har tidligare utgitt romanen Magnhild (2013). 1000 dagar er Sæterbakks første roman for ungdom. Her møter vi Johanna og Georg som har vore bestevener heile livet, men no treng dei ei pause, ei pause så lenge ungdomsskulen varar – 1000 dagar. Ho kan ikkje risikere at dei andre trur ho er forelska i Georg. Han er ikkje kul nok.

 

Navn: Inger Johanne Sæterbakk

Aktuell med: 1000 dagar (Aschehoug)

 

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

Eg hadde lyst til å skrive om overgangen frå barn til ungdom, og kor vanskeleg det er å vere seg sjølv når alle rundt deg definerer deg som noko anna enn det du sjølv gjer. Johanna, hovudpersonen i boka mi får ein slags sjokkstart på ungdomsskolen der alt handlar om forelskelse og kropp, og ho skjønnar at ho er heilt i utakt med dei andre jentene. For ho har ikkje vore opptatt av dette i det heile. Ho heng jo berre rundt med bestevenen Georg og gjer dei tinga ho har lyst til. I staden for å stole på seg sjølv og kven ho er, begynner ho å komplisere det som eigentleg har vore eit ganske ukomplisert og fint liv, og ho surrar til den trygge og gode venskapen med Georg. Eg håpar og trur at det er noko fleire kan kjenne seg att i, både frå barndommen og andre situasjonar i livet.

Tre barnebok-favoritter:

Ein tidleg favoritt: Geitekillingen som kunne telle til ti.

Favorittforfattaren som eg slukte alt av: Anne-Cath. Vestly.

Favoritt som vaksen: Tonje Glimmerdal (Samlaget).

Hvordan jobber du?

Eg hadde ingen gode skriverutinar, men så var eg på forfattarseminar på Ascehoug og høyrde Tyra Tronstad snakke om korleis ho kombinerte skriving og vanleg jobb. Då skjønte eg at måtte gjere som ho, og skrive før eg drar på jobb. I tillegg til å jobbe i helger og feriar, prøver eg no å skrive skjønnlitteratur frå 6 til 8 om morgonen, før eg går på jobb i Norges Bondelag og skriv om landbrukspolitikk. Det er ein god start på dagen å skrive med eit friskt og utkvilt hovud, men det kan vere skikkeleg vanskeleg å rive seg laus når eg har komme godt i gang. Eg les mykje av andre og går lange turar når skrivinga stoppar opp. Elles er eg ganske dårleg på å skrive ned planar og synopsis, og har ein plan om å bli litt betre til neste bok. Og så er eg veldig heldig som har verdas beste redaktør som hjelper meg å få det beste ut av teksten min når eg sjølv surrar det litt til.

Din egen favorittillustrasjon?

Eg er lommekjent i Bakkebygrenda. Ingenting gir julestemning eller sommarstemning som illustrasjonane av jula og sommaren i Bakkebygrenda.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Eg hugsar at eg las Kryssord av Erna Osland då eg gjekk på barneskolen, og den boka gjorde sterkt inntrykk på meg. Det er ei bok om ei jente som blir utsett for seksuelle overgrep av far sin og om korleis ho gradvis greier å seie ifrå om kva som har skjedd. Brødrene Løvehjerte gjorde såpass inntrykk på meg at eg aldri greidde å lese ho ferdig, fordi eg fekk sånn mareritt. Første gongen eg las heile boka var då eg gjekk på universitetet og ho var pensum på nordisk grunnfag…

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

Alle ville vel hatt ein storebror med like mykje omsorg som Jonatan Løvehjerte.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

Då eg vaks opp ville eg vere alle eg las om. Helst på same tid. Alle ungane i Bakkebygrenda, alle på Tiriltoppen, Pippi, Tommy og Annika, og Lotta i Bråkmakergata. Til og med Pelle og Proffen ville eg vere, sjølv om eg synst dei levde eit heilt i overkant spennande liv.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

Det opplagte svaret er vel ei god historie og tydelege karakterar som blitt tatt på alvor av forfattaren, same kor ute dei er. Eg har alltid vore mest glad i bøker som har foregått i ei realistisk ramme. Likevel synst eg dei beste barnebøkene har ein karakter som er litt grenselaus og har noko magisk over seg. Alle treng ikkje vere Pippi, men det er deilig å sleppe inn i hovudet på nokon som lar fantasien leve sitt eige liv.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

Eg held ein knapp på Pippi. Eg har alltid hatt litt ambivalente kjensler for ho: Eg har ledd meg i hjel av ho og synst litt synd på ho på same tid. Eg trur eg kunne hatt godt av ei litt grenselaus ferd med Pippi, og så kunne vi kanskje fått prata litt om korleis ho eigentleg har det.

 

 

(Foto Sæterbakk: Stine Friis Hals)