– Eg ville skape julehygge

Christian Wiik Gjerde (Foto: Carl Christian Raabe)

BARNEBOKPROFIL: Christian Wiik Gjerde syns jula er så forbaska fint, og han håper boken hans kan inspirere til julestemning og julehygge.

Christian Wiik Gjerde er frå Tjørvåg i Sunnmøre, men bur i Oslo og arbeider som journalist. Han debuterte i 2016, med Jakta på firkløveren. Nå kjem han med ei bok om julen, som han håper vil inspirere til like fine juler han hadde han var barn.

 

Forfatter: Christian Wiik Gjerde

Aktuell med: Jul på Bukken hotell

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Det er noko med jula som er så forbaska fint. Då eg var barn var desemberdagane fram mot julekvelden så magiske. Det var lukter, aktivitetar, forventningar og gode historier som eg fekk dele saman med familien. Det er vel det eg hadde lyst å få fram i Jul på Bukken hotell. Eg ville skrive ei historie som kan inspirere og skape julehygge og julestemning til familien. Eg tenker at så lenge eg klarer å gi lesaren ei stemning har eg gjort noko riktig.

– Det er bror min som har skrive ordet Klinkekuler på bokomslaget til Håkon Håkonsen. Kvifor han gjorde det anar eg ikkje.

– Tre barnebok-favoritter:

Håkon Håkonsen av Oluf Vilhelm Falck-Ytter – må innrømme at eg såg filmen først, men for ei fin leseoppleving det var.

Heksene av Roald Dahl – treng INGA forklaring.

Fem-gjengen av Enid Blyton  – desse bøkene gjorde meg til ein bokslukar. Eg las og las og las.

– Sjekk ut:

– No når eg har vore i mi eiga skriveboble så har eg ikkje heilt oversikt over dei siste bøkene som er ute. Derfor tek eg fram ei gamal bok. Sist då eg jobba som lærar las eg Linus i Svingen av Kjetil Indregard. Den fungerte som berre søren! Eg hadde aldri lese den før, men vil påstå at det er ein liten klassikar som fortener å bli lese av dei nye unge.

– Hvordan jobber du?

– Sidan eg har ein 100 prosent journalistjobb, så blir det kvelds- og helgejobbing og feriar når det kjem til skrivinga. Eg startar ofte med nokre karakterar eg ser føre meg. Så lagar eg karakterkort, utviklar dei og puttar dei inn i eit univers. Universet kjem litt undervegs. Men eg brukar gjerne ein stor plakat som eg klistrar på veggen, og så er det berre å henge opp Post-it i vilden sky. På den måten utviklar dramaturgien seg (tre-akts-modellen). Eg får ei viss aning om kapittelinndeling og kor vendepunkta skal vere.

– Og så er det berre å skrive. Då må eg sitje heilt åleine. For når eg skriv så snakkar eg høgt og latar som eg er karakterane. På den måten kjem dialogane best fram, og blir mest levande. Og musikk er fint for å finne den rette stemninga i kapittelet eg skriv. I mi første bok høyrde eg ekstremt mykje på musikken til Skjærgårdsdoktoren som låg på Spotify. I den aktuelle juleboka har det gått i julemusikk. Midt på sommaren! I fjor sommar okkuperte eg mamma sitt lysthus. Tok med litt julepynt for å tvinge meg til å kjenne på julestemninga når eg skreiv. For eg må ha ei stemning i kroppen når eg skriv. Eg prøvde meg til og med på ein jule-te, men drakk berre halve koppen.

– Din egen favorittillustrasjon?

– Det er så mange flinke med så mange ulike uttrykk. Ingrid Dos Santos har illustrert mi siste bok så utruleg fint.

Katrin Berge med «Menneske og dyra»

– Men eg vil plukke fram Katrin Berge. Ho kjem frå same kommune som meg. Herøy kommune på Sunnmøre. Ho teiknar med blyant og gjerne insekt, dyr og natur på ein superrealistisk måte. Eg skulle ønske vi kunne samarbeide på eit prosjekt ein gong. (Vil du det, Katrin?) Skal eg velje ut ein illustrasjon, så er det eit glicée-trykk eg har kjøpt av kunstnaren som heiter «Menneske og dyra». Når eg ser på det, dukkar det opp så mange tankar og historier.

– Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Kroppen av Trond Viggo Torgersen ligg i bokhylla heime hos mamma. Boka er som ein gamal person. Sliten og full av rynker samtidig som ho er veldig, veldig klok. Nokre av sidene var ekstra spanande, for dei er oppbrukt og borte-vekk.

– Eg blei visst inspirert av sidene som manglar, for bakarst i boka har eg teikna ein grøn penis med ein sædkladd.

– Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Håkon Håkonsen – den nye dekksguten på seglskuta Flora. Herregud for ein fyr! Han har opplevd skipsforlis, piratar og funne skattekister stappfulle av gull. 

– Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg skulle ønske eg kunne seie Håkon Håkonsen, men eg er ikkje tøff nok. Det blir nok bestefaren til Trille i Maria Parrs Vaffelhjarte. Han har trehjuling og er ein skikkeleg koseleg vaffeletande mann, med beina godt planta på jorda.

– Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

Eit driv som gjer ting spanande. Og så må det vere humor og varme og kanskje noko som pirrar fram tårene.

– På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Eg er fan av både Harry og Pippi. Eg trur eg hadde starta reisa med Pippi, og kødda til kompassnåla og fått oss fram til Galtvort. Det hadde sikkert Pippi likt, kjenner eg henne rett. Og så kunne Pippi og eg kome ridande inn i matsalen på Lille Gubben, medan Herr Nilsson sat i fanget mitt. Eg har alltid hatt lyst på ei ekornape, skjønar du.