– Eg kunne svart «Fiskehuset» på alle spørsmåla

Ingeborg Romslo (Foto: privat)

Bokhandlar Ingeborg Romslo synest det er stas med ein forfattar frå Ål som attpåtil har innfridd forventingane.

Butikksjef hos Norli-butikkane Ålingen og Gol, Ingeborg Romslo, seier ho kunne svart Stein Torleif Bjellas roman Fiskehuset på alle spørsmåla vi stiller, men ho har da nokre andre titlar i ermet også.

– Kva for bøker anbefaler du for tida?

– Mange skal berre ha dei lokale godbitane, og dette året har Dølaminne fått konkurranse frå Fiskehuset med å bli årets bestselger i Hallingdal. Det er og fleire store romanar både når det gjeld antall sider og innhald, Karl Ove Knausgård, Vetle Lid Larsen og ikkje minst georgiske Nino Haratischwilis Det åttende livet.

– Eg synes og det er kjekt å kunne anbefale gode nynorske bøker, Jon Fosse har jo sine lesarar, Marit Eikemo si bok Team Tuva gir og eit perspektiv på kva menneske betyr for kvarandre, Sigmund Falch sine humoristiske tekstar til gamle svartkvitt bilete er ein favoritt hos mange, og så har vi jo sjølvsagt Fiskehuset som er ein god nynorskroman ispedd noko dialekt frå Hallingdal. Det er eit mangfold av biografiar å velje i denne hausten, her er det politikarar som viser nye sider, idrettsutøvarar som viser nye sider, og dronning Sonja har opplevd mykje vi får ta del i.

– Ellers er det mykje fine julebøker både for store og små, romanar som Et ønske til jul, og barnebokklassikere med både Mummitrollet og Marikken er trivelig å trekke fram i tillegg til nyare favorittar som Fantorangen og Peppa. Juleheftene er på plass no, mange av dei har mykje lesestoff og juleheftet Juleroser er fint.

– Vi er heldige som har eit mangfold av gode bøker frå flotte forfattarar og ikkje minst gode oversettarar til bøkene på ukjente språk, i tillegg er det eit mangfald av forlag som sørger for at vi har god bredde i våre butikkar. Her er julegaver til alle!

– Kva for bok gleder du deg mest til å lese?

– Boka Fiskehuset frå Stein Torleif Bjella så eg fram til at skulle koma i slutten av oktober, forfatter frå Ål er stas, og både bokmeldingar og sal av boka har innfridd. I tillegg ser eg fram til å roe ned med Jon Kalman Stefanssons diktbok Hjertet er en egensindig traktor som nettopp kom, eg er veldig glad i romanane han har frå heimlandet sitt Island -eit fantastisk land i mine auger!

– Kva for bok er den beste du har lest så langt i år?

– Stein Torleifs Fiskehuset innfridde absolutt, i tillegg vil eg trekke fram Stargate fra Ingvild H. Rishøi som var fin, trist og veldig bra.