Den uimotseielege Eldrid Lunden

Eldrid Lunden.( Foto: Cato Lein)

NORDISK RÅD: Er det denne boka Eldrid Lunden skal få prisen for? Ho er ikkje den sterkaste i hennar bunke av finsilt dikting.

Nordisk Råds litteraturpris blir delt ut tirsdag. BOK365 melder fleire av dei nominerte bøkene.

 

Det er noko uimotseieleg over døden.

Det er noko uimotseieleg over bøker om døden, skrivne av erfarne, kloke menneske som har kjent han streife forbi med sitt bytte i klørne. Bodil Malmstens Det här er hjärtat, Torgeir Rebolledo Pedersens Åstedsblomster og Naja Marie Aids prosabok Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake er alle i tematisk slekt med Det


Eldrid Lunden:
Det er berre eit spørsmål om tid
Skjønnlitteratur
Aschehoug
76 sider

er berre eit spørsmål om tid. Kalenderdikt 2014-2018, spesielt første og siste avdeling i boka.

Det er noko uimotseieleg over Eldrid Lundens plass i den norske bokheimen, ein teig ho sjølv har rydda, eit hus ho har bygd på tradisjonens tufter, på vætestiar frå urder i Sunnfjord, modernismens framgang, tilhørigheit i Profilgenerasjonen og nær tjue eigne utgjevingar. Frå gjenoppdaginga av natur og menneskenatur i 1968 og oppbrotsforteljinga i bok to – til no. Og til å vere professor emerita i skrivekunst og ha inspirert betydelege, norske forfattarskap frå sine nær tredve år i Bø. Og av betydelege prisar er vel Nordisk Råds litteraturpris den einaste ho manglar.

Tileigna mannen

Den nominerte boka er tileigna Reidar Ekner, svensk litteraturhistoriker, kritiker og forfatter og Eldrid Lundens ektemann. Han døde i 2014. Desse dikta er skrivne mellom da og 2018 og er eit vell av stilar frå forteljande dikt, små, men store. Dikta har minne, sitat og noko nær aforismer. Dette skapar ein god rytme i boka, ho er lett å gå vidare i.

Kva er eit kalenderdikt? Tida som går? Dikta i boka om fotografi, skisser og bilete frå verdskunsten? Omgrepet «kalenderdikt» er også ein tittel av Jan Erik Vold frå 1995.

Ei stramheit prega sytti- og åttitalsdikta til Eldrid Lunden. I den nyaste boka er uttrykket lausare og mindre konstaterande, mindre på jakt etter ei sanning, noko å slå fast i kvart dikt. Summen av dei viser ein diktarperiode med ei openheit mot kva som kan kome til diktaren. For meg står dødsavdelingane sterkast fram, som dette diktet:

Du kjem lydlaust opp

bak meg. Du sit ved

skrivebordet framfor meg

Du ser ikkje opp

*

Eg kan framleis oppleve nærværet ditt

lyn som ikkje er til å skilje

frå mørker

Eit anna særmerke i boka er referansane til verdskunsten, måtar for kommunikasjon og poetisk tenking som mellom andre Cecilie Løveid og Helge Torvund har nytta i sine seinare bøker. Lunden ekskluderer ikkje lesaren sin. Desse dikta utvidar rommet ho har fyllt før ho starta destilleringa ned til ei enkelt bok.

Skal Eldrid Lunden få Nordisk Råds litteraturpris for denne boka? Ho har levert tydelegare, og i mine auge, sterkare enkeltverk. Likevel: Kvifor ikkje denne boka? Ho er ikkje så lett å seie i mot.

VIDAR KVALSHAUG