Dei 10 beste barnebøkene på nynorsk

Forfattar Atle Hansen er blant dei nominerte med boka Flukt. Her er han på bokbad med elevar frå Rimbareid barne- og ungdomsskule på Fitjar tidlegare i haust. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ein jury har nominert dei ti beste barnebøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag.

Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000 for å visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.

– Juryarbeidet har vore ei veldig kjekk, men verkeleg vanskeleg oppgåve! Det var mykje bra å velja mellom, og det var kjempevanskeleg å avgrensa utvalet til berre 10 bøker i kvar kategori, seier Liv Astrid Skåre Langnes.

Ho har leia juryen saman med Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom.

Dei beste barnebøkene blir offentleggjort først. Dei andre sjangrane vil bli offentleggjort seinare i haust.

Berre éi bok per forfattar

Juryleiarane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes fortel at juryen har arbeidd etter tre prinsipp:

– Eit av prinsippa har vore at boka skal vera utgitt etter år 2000, boka skal heller ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

– Når me først skal kåre dei beste bøkene innan nynorsk barnelitteratur er det heilt sikkert nokon som vil tenkje det er rart at me til dømes berre har med ei av bøkene til Maria Parr. Likevel har me valt å halda på prinsippet om ei bok per forfattar, seier Liv Astrid Skåre Langnes.

Troels Poesselt, Janne Karin Støylen og Trond Strand har òg vore med i juryen.

Samlar bøkene i katalog

I etterkant av dette prosjektet vil Nynorsksenteret samla bøkene i ein katalog.

– Her vil vi også presentere fleire av bøkene til forfattarane og andre bøker som ikkje har fått plass på denne lista. Her vil det også vera bøker som ligg utanfor prinsippa som me har retta oss etter, til dømes gode bøker før år 2000 og omsette bøker, seier juryleiarane.

Juryen har også sett på dei over 100 nominasjonane som har blitt sendt inn frå publikum i løpet av våren til Framtida Junior.

Her er dei nominerte barnebøkene:

Solveig Blindheim Bendixen: Teo i trøbbel

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

Harald Nortun: Eksperimentet

Bente Bratlund: Fly, Thea! Fly

Rune Belsvik: Verdas mest forelska par

Magnhild Bruheim: Motorsykkelmysteriet

Ingunn Thon: Ollis

Arnfinn Kolerud: Snillionen

Atle Hansen: Flukt

Linn T. Sunne: Happy

Eit løft for nynorsk barnelitteratur

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Garborgsenteret, Falturiltu, Nynorsksenteret, Diktardagane og Rom for ord har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til eit løft for gode nynorske lese- og litteraturopplevingar for barn i samband med Bokåret 2019.

Gjennom prosjektet skal det arrangerast 50 arrangement 50 stader i Noreg.