Debattbøker under lupen

Fra venstre: Hans Olav Brenner, Mathilde Fasting, Jørn Øyrehagen Sunde, Maria Amelie og Stian Bromark.

I morgen er debatt- og samfunnsbøker temaet i Faktasjekken på NRK P2. – Listene er fantastiske, men altfor hvite, påpeker Maria Amelie.

Lørdag 24. juni gikk startskuddet for programserien Faktasjekken – jakten på Norges beste sakprosa på NRK P2. Deltakere i ti ulike panel skal sammen med programleder Hans Olav Brenner i ti sendinger gjennom sommeren snakke om sakprosaen betydning etter 2. verdenskrig.

I morgen skal det altså handle om debatt- og samfunnsbøker. Et panel bestående av Kaia Storvik, nestleder i Agenda, Mathilde Fasting, idéhistoriker og prosjektleder i Civita, Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved det juridiske fakultet ved UiB og Stian Bromark, forfatter og journalist, har plukket ut 25 bøker, som skal debatteres i Faktasjekken.

 

Hvit som snø?

De tre sistnevnte blir også deltakere i radiosendingen, sammen med forfatter og journalist Maria Amelie, som noen uker før opptaket kom inn fra venstre med innspillet: hvorfor er listen over de beste bøkene hvit som snø? Hun skrev følgende til redaksjonen:

«Har sett på NFF undersøkelsen og lurer på hvor er forfattere med minoritetsbakgrunn? En sånn type liste skal kunne inspirere flere til å skrive, og belyse hvilke forfattere som har vært med på å utforme Norge. Det jeg ser i dag er en fantastisk bra liste, men den er så hvitt som snø og den gjenspeiler ikke mangfoldet vi har i Norge i dag. Jeg sier ikke det på grunn av mine egne bøker, men på grunn av andre forfattere som har bidratt i den offentlige debatten som Faizullah Muradi, den afghanske tolken som fikk lov til å bli i Norge, Edin Kadribegovic om krigen i Bosnia, Amal Aden med hennes bøker som har vekt mye debatt, Mahmona Khan om da pakistanere kom til Norge, Prableen Kaurs bok for ungdommer om tiden på Utøya eller iranske Sedegheg Gharagozlian som forteller sin historie Tro Håp og Kjærlighet til Tove Skagestad om revolusjonen i Iran og tiden i Norge.

Det er kanskje ikke bøker som er skrevet like godt som de dere har nominert, men de har vært med på å berike norsk sakprosa på sin måte. Håper dere har anledning til å nevne noen av dem i programmet.»

Og voila – Maria Amelie er også gjest i lørdagens sending.

 

Viktig pamflett i topp

Forut for programmet utfordret vi også retthistoriker og paneldeltaker Jørn Øyrehage Sunde skrive rapport om sitt arbeid med Faktasjekken.
Her følger hans tekst – i tillegg til hans foreslåtte bøker, med kort begrunnelse helt til sist. (Dette er kanskje for de mer kondisjonssterke av våre lesere på nett – men regner det ute, er det interessant stoff å fordype seg i):

Det var ikkje vår oppgåve å avgjera kva som var dei beste samfunnsdebattbøkene sidan Andre verdskrigen, men å leggja til rette for at NFF sine medlemmar skulle kunne gjera eit best mogeleg val. Så både ved utveljinga av titlar på 15 bøker, og ved utveljing av den endelege lista på 25 titlar, såg eg det som mi oppgåve å gje eit bidrag frå ein jurist sin ståstad. For det er alltid slik at ein fyrst tenkjer på det ein kjenner best.

Juridisk litteratur, og litteratur som kjem det juridiske ved, utgjer ikkje ei gruppe faglitterære titlar som ikkje generelt er fremst i folk sitt medvit. Difor var eg nøye på at mine innspel til den lista som NFF sine medlemmar skulle velja frå hadde bidrag frå juridisk litteratur og litteratur som kjem det juridiske ved.

Erkjenninga av at ein fyrst tenkjer på det ein kjenner best, var òg årsaka til at eg valde titlar frå heile perioden frå Andre verdkrigen og til i dag. Eg hadde grunn til å tru at dei som hadde ei interesse av å delta i avstemminga var, vel etablerte fagpersonar som i beste fall var fem til ti år yngre enn meg, men mest truleg opp mot tjue år eldre. Det vil seia at dei var inne i si mest intense faglitterære modning frå 1970-talet til byrjinga av 2000-talet. Eg ønskte at mitt utval av titlar òg skulle minna dei på heile den faglitterære produksjon som har funne stad etter Andre verdkrigen. Det er ganske opplagt at dette vil gjelda den eldste litteraturen. Men faktisk gjaldt det like mykje den yngste, fordi det er så lett å oversjå seine bidrag sidan dei enno ikkje har fått festa seg og påverka det faglitterære medvitet.

Erkjenninga av at ein fyrst tenkjer på det ein kjenner best påverka valet mitt av titlar òg på ein tredje måte. Faglitterær litteratur kan spela ei rolle for samfunnsdebatten både kvalitativt og kvantitativt, men det er gjerne den litteraturen som får stor spreiing og mykje merksemd som er lengst framme i folk sitt medvit. Men ein skal òg ha i minnet at det finst faglitterær litteratur som ikkje når vidt, men som har stor påverknad hos dei einskildpersonar den når, eller i særlege grupper. Desse einskildpersonane eller gruppene kan så vera viktige for samfunnsdebatten. Utval av titlar på 15 bøker som mitt bidrag til den endelege lista, og ved utveljing av den endelege lista på 25 titlar, var prega av at eg ønskte litteratur som spelte både ei kvalitativt og kvantitativt rolle for samfunnsdebatten.

Men korleis kunne eg vita kva titlar som faktisk har spelt ei rolle for samfunnsdebatten? Den kvantitative påverknaden kan ein måla og slutta seg til gjennom opplagstal, bokmeldingar, debattar, etc. Den kvantitative er det derimot vanskelegare å sjå verdien av fordi den ikkje lét seg like lett måla. Og største delen av faglitterær produksjon har ikkje all verdas høge opplagstal, den vert ikkje ofte bokmeldt, og utløyser få – til tider ingen – debattar. Dette er problematisk i ei tid då høge tal er det same som viktig. Samstundes viser historia oss at denne typen vulgæremperi ikkje er til stor hjelp når vi skal avgjera kva som er viktig og ei. Årsaka kan ein kort forklara med eit omgrepspar utvikla at den tyske sosialhistorikaren og ensyklopedisten Reinhart Koselleck, nemleg erfaringsrom og forventingshorrisont. Vi kan ikkje føresjå det vi ikkje har erfart. Men det vi ser føre oss er ikkje eit resultat av ei erfaring – i så fall ville framgang og utvikling vera umogeleg – men samanverknaden av eit uttall erfaringar. Det gjer òg at einskilde erfaringar kan verta vitige lenge etter dei er samla, fordi dei andre samanverkande faktorane kjem til seinare. Faglitterær litteratur er ein type erfaring som set sitt preg på folk sitt erfaringsrom. Nokre gonger representerer den ei erfaring som straks og i stor grad interagerer med andre erfaringar, og påverkar forventingshorrisonten. Men det mest vanlege er at den føyer seg inn og utøver meir eller mindre påverknad over tid, og gjerne i samanhengar som er vanskeleg å føresjå på førehand. Det er dette siste som er vanskeleg å måla og slutta seg til. Men overser ein faglitterær verksemd sin verdi utover opplagstal, bokmeldingar, debattar, etc., så vil ein langsamt snevra inn den individuelle og kollektive forvetningshorrisonten, og like langsamt strupa framgang og utvikling. Difor må ein ikkje sjå seg blind på tal, men òg halda i gang ein diskusjon som ikkje gjev sikre svar, men som sikrar ein filtreringsprosess som gjev ein jamn straum av faglitterære utgjevingar som kan gjera teneste som bidrag til samfunnsdebatten.

 

  1. Andenæs: Omkring rettsoppgjøret (Tanum) 1945
    • Med sine 31 sider, er dette meir rein pamflett enn ei bok. Men den var svært viktig. Andenæs skreiv dette skriftstykket etter ein demonstrasjon på Youngs-torvet for strengare straffer under krigsoppgjeret, og han freista å forklara logikken i kritsoppgjeret for ein brei offentlegheit.
  1. Torstein Eckhoff: Rettsvesen og rettsvitenskap i U.S.A (Akademisk forlag) 1953
    • Denne boka vart ikkje opplevd som viktig då den kom, men den har vist seg å vera det. Eckhoff reiste på Justisdepartementet sitt stipend for å studera juss eitt år i Washington. I staden sat han på Library of Congress og studera amerikansk rettsrealisme. Det er ein tradisjon som promoterte ei pragmatisk jusshandheving framfor det formelt korrekte. Denne tradisjonen skulle visa seg å passa særs godt med eksisterande norsk praksis, som gjennom Eckhoff fekk ei teoretisk legitimering, og som gjer at norsk juss den dag i dag er særs uformell og føremålsretta, og ulike mykje av jussen elles i Europa.
  1. Jens Evensen: Muligheter og rettigheter på havbunnen : dyphavet – et nytt ekspansjonsfelt : debatt om rettsprinsippene for en internasjonal havbunn-deling mellom nasjonene (Elingaard) 1970
    • Ein kan ikkje undervurdera Jens Evensen og kva han har betydd for norsk velstand. Han var sentral i fiskerigrensesaka i 1949-1951, og så i arbeidet med å få ein avtale med engelskmennene om kontinentalsokkelen i Nordsjøen. På begge felta kom han til å endra internasjonal rett når det gjaldt naturressursutnytting, og i begge tilfella til Noreg sin fordel. Dette skrivet, som er meir ein pamflett en ei bok med sine 59 sider, brakte ut til den breie offentlegheit spørsmålet om råderett over kontinentalsokkelen.
  1. Torstein Eckhoff: Rettskildelære (Johan Grundt Tanum Forlag) 1972
    • Det var så vidt Torstein Eckhoff vart tilsett på Juridisk fakultet i Oslo, og det var med enno mindre margin han vart professor. Hans adopsjon av amerikansk rettsrealisme var ikkje populær. Men, når han fyrst hadde vorte professor, var det han som undervist alle norske juristar i juridisk metode i fleire tiår, og han skreiv boka som alle juristar las i enno fleire tiår. Ingen juridisk teoretikar har påverka norsk juss meir enn Eckhoff med sin versjon av den amerikanske rettsrealismen. Boka er ei lærebok, som er ein eigen sjanger, men den er så mykje meir enn det.
  1. Carsten Smith og Lucy Smith: Norsk rett og folkeretten (Universitetsforlaget) 1982
    • I denne boka hevda Carsten og Lucy Smith eit syn på tilhøvet mellom nasjonal og internasjonal rett som var ekstremt radikalt i si samtid, og delvis er det framleis. Kort fortalt gav dei internasjonal rett forrang føre nasjonal rett. (Det er langt frå så enkelt, men deira syn vart og vert i alle høve oppfatta slik). I 1982 var dette eit ganske aparte syn, med det skulle visa seg å vera nærast profetisk, og skulle bli i stor grad ein realitet 18 år seinare.
  1. Kaj Skagen: Retten som ingen kunne målbinde – En forsvarstale for Arne Treholt (Ex libris) 1985
    • Eg har sjølv skrive ei kritisk bokmelding til denne boka då den vart gjeven ut på ny i 2011. Men eg skreiv òg at då boka kom i 1985, var den ekstremt viktig fordi den var ei stemme mot eit farleg einsidig syn på Arne Treholt og hans virke i den norske offentlegheit.
  1. Vilhelm Aubert: Continuity and Development in Law and Society (Universitetsforlaget 1989)
    • Jens Evensen er den viktigaste praktikaren mellom norske juristar etter andre verdskrigen, og Torstein Eckhoff er den viktigaste teoretikaren i ein norsk kontakt. Men mellom norske juristar på ein internasjonal arena, er kanskje Vilhelm Aubert størst. (Med konkurranse av Atle Grahl-Madsen og Torkel Opsahl). Han vart nok størst i USA, fordi den norske pragmatismen innan jussen passa så godt med amerikansk rettsrealisme, men hans rettssosiologi var viktig i Europa òg. Hans måte å undersøkja og framstilla jussen som verkande samfunnskraft og ikkje formelle system, var klargjerande og danna skule.
  1. Espen Schaaning: Den onde vilje – En kriminal-filosofisk pamflett (Spartacus) 1998
    • Denne pamfletten på 80 sider på ut i ein serie som Spartacus laga for å skapa debatt. Schaanning skriv polemisk og skarpt, og går i pamfletten til rettens med den juridiske grunnføresetnaden om individet sin frie vilje, som er ein førestand for straff. Eg var og er kritisk til Schaanning sin argumentasjon, men dette var eit sårt tiltrengt debattinnlegg. Schaanning fekk seinare presentera sine argument i Lov og Rett (som vanlegvis er ein ganske lukka arena der bare praktisk retta juristar slepp til).
  1. Rune Slagstad: De nasjonale strateger (Pax Forlag) 1998
    • Den store institusjonen for Slagstad, som sikrar eit norsk liberalt samfunn, er Høgsterett, og juristane er det liberale sine våpendragarar. Georg Johannesen omtalte denne boka som «Slagstads overjordiske reise». Det er eit godt poeng, for Slagstad har i den eit mål, og reisa dit skjer på ein brei veg som går rett fram, jamn og rydda for alt som kan koma i vegen for reisa fram til målet. Samstundes er det boka sin store styrke, og Slagstad sitt poeng om at i Noreg har filosofi fått gjennomslag gjennom institusjonell praksis, har mykje for seg.
  1. Erling Sandmo: Mordernes forventninger – Kriminalitetshistoriske essay (Universitetsforlaget) 1998
    • Sandmo var, som Schaanning, ein del av eit aktivt og spanande miljø rundt tidsskriftet Arr på 1990-talet. For fyrste gong på lenge fanst det eit heilt miljø (om enn ikkje så stort) som – inspirert av Focault – utfordra juristane og juristmakt. Ein kan seia at dei var Slagstad sin motsetnad. Sandmo sin analyse av sanning og sanningsdanning opp gjennom historia, men rettssaker som kjeldemateriale, vakte nok likevel mest debatt mellom historikarar. Det heile kumulerte i den famøse sanningsdebatten i Historisk Tidsskrift. Eg trur ikkje ein kan seia at Sandmo vann debatten, men hans syn kom likevel til å prega norsk historiografi meir enn det til motstandarane hans.

 

  1. Knut S Vikør: Mellom Gud og Stat – Ei historie om islamsk lov og rettsvesen (Spartacus) 2003
    • Denne boka avfødde ingen stor debatt, men burde ha gjort det. Boka er ikkje lettlest, men med tanke på kor komplisert den islamske rettstradisjonen er, så gjorde Vikør mykje for å bidra inn i den norske offentlegheit med sårs tiltrengt informasjon. Hadde fleire lest boka, hadde vi vorte spart for ein del enkel utsegn om sharia-lovgjeving.
  1. Øyvind Østerud, Fredrik Engelstad og Per Selle: Makten og demokratiet – En sluttbok fra Makt- og demokratiutredningen (Gyldendal akademiske)
    • Maktutgreiing vakta mykje debatt, sjølv mellom juristar. Men eg trur ingen på byrjinga av 2000-talet enno forstod konsekvensane av ei internasjonalisering av jussen. Den diskusjonen som har dukka opp i dag, mellom anna i kjølvatnet av mi eiga bok om Høgsteretts historie 1965-2015 frå 2015, kan delvis seiast å vera ein seinverknad av dei erkjenningar som maktutgreiinga kasta fram.
  1. Ivo de Figueiredo: Fri mann – Johan Bernhard Hjort, en dannelseshistorie (Aschehoug) 2004
    • Dette er ein biografi, som er ein eigen sjanger. Men det er òg ei bok om norsk juss si danningsreise frå det kaos som prega ein konservativ juss i kjølvatnet av Venstre sin liberale revolusjon, og på veg inn i Arbeidarpartiet sin sosiale revolusjon, til den stabile etterkrigsjuss på veg inn i det trasnasjonale menneskerettsregimet som skulle utløysa ny uro i byrjinga av vårt eige tusenår. Eg veit ikkje om boka var tenkt som ein spegel på politikk og juss i samtida, men den er det.
  1. Frode Ulvund: Fridomens grenser 1814-1851 – Handhevinga av den norske “jødeparagrafen” (Spartacus Forlag) 2014
    • Det var fleire som skreiv om dette illiberale trekket ved den liberale norske grunnlova av 1814, men Ulvund er mellom dei min favoritt. Han skreiv ei bok som vekt meir debatt enn faghistorikarar sine bøker vanlegvis klarar, og han baserte den på inngåande kjeldestudiar og nye opplysningar. Midt oppe i alt hip hurra i 2014, var dette ei viktig bok.
  1. Hans Petter Graver: Dommernes krig – Den tyske okkupasjonen 1940-1945 og den norske rettsstaten (Pax Forlag) 2015
    • Denne boka er viktig i eit norsk som ein internasjonal perspektiv. For ingen stad i Europa har ein verkeleg sett på domstolane under andre verdskrigen. Og oppgjeret etter krigen var prega av dommarar som dømde dommarar, som så alt for godt forstod dommarperspektivet, og dermed dømte for mildt. Boka har diverre får ein alt for stor aktualitet, etter at styresettet i Russland, Ungarn, Polen og Tyrkia har tatt ei autoritær vending, og har brukt lydige domstolar som instrument for å gje det autoritære legitimitet.