Bragepris til Olaug Nilssen

Foto: Bent R. Synnevåg/Samlaget

Brageprisen for skjønnlitteratur går til Olaug Nilssen for romanen "Tung tids tale".

– Eg har ønska meg denne talerstolen så dere må tåle to sidar med tekst, sa Olaug Nilssen då ho fekk prisen i Dansens Hus i kveld. Ho takka blant anna sin son og dei ansatte på Samlaget.

Tung tids tale er ein politisk roman. Det er ei synleggjering av omsorgsoppgåver man ikkje kan klare aleine. Statuetten er Daniel sin, men prisen er til også til alle andre små, sa Olaug Nilssen i sin takketale. – Prisen er til alle spesialskoler og avlastinsintitusjonar, sa ho også.

– Eit rørande brev

Vinnarromanen er formet som eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati.

I Tung tids tale (Samlaget) er forteljaren ei sjukemeld trebarnsmor som har sett sin førstefødde utvikle seg frå ein uvanleg oppvakt smårolling til ein autistisk, lite kommunikativ niåring som må passast på døgnet rundt.

«Ein ny dimensjon»

Dette seier juryen om årets vinnarroman:

«Tittelen er henta frå Halldis Moren Vesaas sitt kjende dikt frå 1945, men Nilssen legg ein ny dimensjon til oppfordringa om å gi av lukka si: Kva det kostar å vere den som skal stråle varme og løfte børa for andre – og kva det kostar å skaffe hjelpa ein sjølv treng. I eit direkte, men fortetta og rytmisk språk teiknar Olaug Nilssen opp ei rekkje slåande scener som set seg fast i lesaren. Gjentakande, monotone setningar står til sisyfosarbeidet med kvardagslege rutinar og pedagogiske metodar som gir få resultat.

 

Kompromisslaus

Andra gongar flyt orda raskt og gjenskaper den emosjonelle dramatikken som kan oppstå i basketak med ein vilter unge som berre av og til gir slik respons den utslitne mora så sårt treng. Nilssen er kompromisslaus i omtalen av sosiale tabu, som det å bli slått og biten av barnet sitt. Eller angsten for å slå tilbake. Einsemda i å merke at vener ikkje vil høyre meir om den vanskelege kvardagen. Mot denne mørke bakgrunnen glimtar det fram ei og anna magisk stund av fellesskap mellom mor og barn – men utan at lesaren får gløyme slitet som har gått føre og kjem etter. Tung tids tale er ei både rå og nyansert, kamplysten og sorgtung historie om kjærleik som krev alt ein har å gi.»

 

Også på teater

Olaug Nilssen debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr. Ho er blitt kåra til ein av Norges ti viktigaste unge forfattarar. Det såre temaet frå Tung tids tale er også dramatisert i teaterstykket Stort og stygt som har gått på Det Norske Teatret og Den Nationle Scene. Romanen hennar Få meg på, for faen blei filmatisert i 2011.

Olaug Nilssen er fødd 1977 i Førde, og busett i Bergen.

(Saken oppdateres)