Bragepris til Erlend Skjetne

Erlend Skjetne (foto: Leikny Havik Skjærseth)

Erlend Skjetnes fortelling fra et flyktningmottak i Nord-Norge gikk hjem hos årets Brage-jury: – Dette er en pris for flyktninger som står på for å gjøre vårt hjemland også til sitt, sier han.

Årets beste norske barne- og ungdomsbok? Det er Erlend Skjetnes Eit anna blikk fra Flamme Forlag.

– Jeg hadde ikke trodd at jeg kom til å vinne, sier Skjetne.

Han er glad for at historien han har prøvd å formidle har funnet gjenklang hos leserne.

– Dette er en pris for flyktninger som står på for å gjøre vårt hjemland også til sitt.

Brage-juryen sier følgende i sin begrunnelse:

«Unge Anwar fortel historia frå eit flyktningmottak for mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan, langt nord i Noreg, kaldt og mørkt. Gutane på mottaket gruar seg til å fylle 18 år, og dei er spente på om dei får opphaldsløyve i Noreg. Får dei til slutt lov til å byrje på nytt i eit framand land? Kva kostar det, og kva har dei allereie betalt? Anwar observerer dagleglivet på mottaket, og me får innblikk i korleis tilværet blir etter at Walid flyttar inn på same rom. Anwar ynskjer ein venskap med Walid og kjenner ein likskap med han trass skilnadene dei imellom. Walid ber på vonde røynsler, og han slit med å forstå og tilpasse seg det norske samfunnet. Gjennom Anwar sine skildringar får me nettopp «eit anna blikk» på korleis det er å kome makteslaus, språkvill og framand til eit nytt land og ei framtid i uvisse. Denne uvissa vert nøkternt, men kjenslevart skildra i kontrasten mellom Anwar og Walid sine møte med omsutspersonar og verjer, lokale velferdstilbod og lokalt busette.»

«Eit leikande nynorsk»

Juryen roser prisvinnerens språklige grep: «Erlend Skjetne nyttar eit leikande nynorsk for å få fram skilnadene mellom norske standarduttrykk og norsk for eit observerande, framandspråkleg øyre. Han gjev lesaren innblikk i ein situasjon som vi ikkje høyrer så mykje om og som er vanskeleg å forstå. Såleis meistrar Skjetne å gje ei røyst til dei som vil verte norsk, men ikkje kan. Nokon får aldri høvet til å prøve.»