– Bøker er ei sårbar vare

SOMMARKLASSIKAR: Simone Stibbe i Skald gir ut verdsklassikarar på nytt og drar "heim" til Tyskland i ferien. Foto: Øystein Vidnes

SOMMARGJESTEN: Simone Stibbe drar til den austtyske landsbygda og drøymer om antipasti, kvitvin, middag med Gertrude Stein - og boklov.

Simone Stibbe er forlagssjef i Skald, som gjer seg spesielt synlege med sin vakre klassikarserie i ny, nynorsk omsetjing. Siste bok er Johann Wolfgang von Goethes Valskyldskapane. 

– Kor reiser du i ferien?

Vi reiser alltid til Tyskland i sommarferien, sidan eg er oppvaksen i der og har både familie og venner der. Så vi gjer litt det same som dei tyske turistane som kjem til Noreg: pakke bilen full, ta Kiel-ferja og dra på rundreise, berre at vi ender opp langt ute i distriktet i eit sommarhus på den austtyske landsbygda.

– Kva må ein god sommarferie innehalde?

Folk ein er glad i, god mat og sakte dagar der ein får kople ut, lest og berre nyte tida i lag. Og så er det jo flott med fint vêr.

– Kva bok er den beste du har lese så langt i år? Og kva for ei ligg øverst i bokbunken i ferien?

Sjølv om eg er inhabil på fleire enn ein måte her, så er det faktisk Stefan Zweigs Sjakknovelle og andre tekstar i Øystein Vidnes’ nyomsetjing som eg tykkjer er det aller beste eg har lest så langt i år, tett følg av Mikkel Bugges Eg er ny. Øvst i feriebunken ligg ei bok eg plukka opp på Tysk-norsk litteraturfest tidlegare i år: Olga Grjasnowa Gott ist nicht schüchtern på norsk kanskje Gud er ikkje sjenert, om borgarkrigen i Syria og det miste alt og flykte frå heimen. Den gler eg meg til å lese i sommar. Og så blir det gjerne fleire tyske samtidsforfattarar.

– Bøker på papir, på brett eller på øret?

Eg les veldig mykje manus på skjerm resten av året, så i ferien er det berre papir som gjeld. Eg les på ein heilt annan måte når eg les bøker på papir. Eg roar ned, forsvinn litt mellom permane. Og så er det herleg å ikkje måtte tenkje på å lade ein dings eller kvar veg sola står, men berre ta fram boka akkurat når eg vil.

– Kva står på bordet om du får velje ditt perfekte sommarmåltid?

Italienske antipasti supplert med mange gode ferske grønsaker og eit glas kvitvin.

– Kven ville du invitert til bords, om du ikkje kunne velje familie eller kjærast?

Helst hadde eg invitert Alice B. Toklas og Gertrude Stein. Det hadde sikkert blitt ein festleg kveld. Men du tenkte kanskje på folk som framleis er i live? Margaret Atwood, trur eg, men eg er usikker om ho liker kvitvin. Eg måtte kanskje finne fram ein whisky …

– Kven i Bok-Norge vil du helst gi ein blomsterbukett?

Eg hadde plukka ein bukett til Jon Fosse. Ikkje fordi han feirer jubileum i september, men fordi han er ein så utruleg raus og hjartegod fyr. Han er alltid der med gode råd når eg lurer på noko, og eg er usikker på om verdsklassikarserien til SKALD hadde blitt til utan hans godord og støtte.

– … og kven ville du gitt ein neve brennesle?

Hagebloggar Maria Berg Hestad. Ho seier nemleg at brennesle er ein av dei beste ingrediensane når ein skal lage gjødselvatn av hageavfall, og ho har ikkje brennesle i hagen sin sjølv. Eg trur ho hadde blitt glad for ein ekstra stor neve.

– Hvis du fikk vere kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?

Det må nesten bli å utarbeide ei skikkeleg boklov. Slik bransjen har ordna seg per i dag, med bokavtale som er styrt av bransjeorganisasjonar, er etter mitt syn ein leik med elden. Det er sikkert mykje ein kunne sagt om den tyske modellen også, men bransjeetikken og ikkje minst stoltheita over å vera bokhandlar eller forleggar er ein heilt annan der. Eg trur, vi må lære oss at bøker er ei sårbar vare, akkurat som kortreist mat.

– BOK365 kårer denne sommaren tidenes norske romanfigur. Kven ville du ha valt?

Ragnar Hovlands Dr. Munk:

«Det var ein fyr som hadde sagt til meg: Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko når du er ferdig.

Det var det som gjorde utslaget for meg. Eg måtte finne på noko å gjere, det var greitt, men bli til noko ville eg ikkje. Eg var ein type full av sjølvrespekt.»

 – Kva hadde vore tittelen på boka om ditt liv?

Frå ungpioner til forleggar.

– Kva spørsmål burde vi ha stilt deg?

Kanskje eit spørsmål der eg hadde kunne late som om eg var klok og lur.