Bokanmeldelse: Kampen mot Makta

SCENEVANT: Brit Bildøen (foto: Tove Breistein)

Brit Bildøen har levert ei stillfaren forteljing, metta med livstyngd og lengt, der ho utforskar valfridom – og mangel på dette ­­­– ved vegval i livet.

Eit stort konkret tema er sorga over det siste avslaget i ein adopsjonsprosess, som blir skildra ganske så klinisk gjennom ulike formelle brev mellom ekteparet, advokaten deira, Barne- og ungdomsdirektoratet og departementet.

Ei kvinne i femtiåra lever eit ganske isolert liv som medarbeidar på ein avsidesliggjande stasjon for fugleobservasjon- og registrering. Ho er omsetjar, og ho har hund. Ho er i eksil, vil gøyme seg for alle dei uuthaldeleg sterke kjenslene. Forfattaren teiknar også ettertenksomme bilete av natur og omgjevnader, men menneska er meir distanserte. Nesten utan unntak smyg hovudpersonen seg unna dei. Frustrert ser ho kroppen sin som ei evig bør, ein runddans av ønska eller uønskt livmorblod, beiske tårer og til sist ukontrollerbar sveitte. Ho er femtiseks år, og har innsett at ho har sagt nei altfor skjeldan. No har ho på mange vis fått nok, og vil helst røske fortidsminnene vekk som ugras. Ho vil ikkje vite korleis det går med gamle vener, og i alle fall ikkje om ektemaken har funne seg ei ny, og kanskje fruktbar, kvinne.


Brit Bildøen:
Tre vegar til havet

roman
Samlaget

Tre liv i eitt

Kvinna har greidd å skape seg ei enkel og ganske monoton komfortsone når ho blir konfrontert med ein bunke gamle brev frå ei anna tid, brev ho sjølv skreiv – eller var det kanskje ei anna kvinne? Var det ho som braut seg inn hjå saksbehandlaren, gong på gong, og gjorde ugangn? Er ho same kvinna som nesten vart borte i djup psykisk sjukdom?  Bildøen sin hovudperson svarar seg sjølv på dette, både poetisk og stadfestande: «No er eg meg sjølv igjen. Ikkje meg sjølv slik eg var før. Men meg sjølv slik eg er no.» Språket er rett fram, fjellstøtt og personleg, særleg når forteljarstemma skildrar i første person.

Krusningar i overflata

Som i tidlegere romanar greier Bildøen å opne truverdige rom i eit menneskesinn, og formidle den indre striden og vilkåra som har forma personane. I denne boka skaper er frustrasjon og raseri berre krusningar i overflata, sjølv når kjenslene kokar og hovudpersonen har lyst til å stikke ihel, stikke ut augo på «fienden», endar ho som den tragiske kjerringa i eventyret med å klippe, klippe. Handlingane er prega av avmakt og ein grunnleggjande vilje til å vilja andre vel. Rett nok blir ein daud katt lagt på ei trapp, men dyret var funne ihelkøyrd. Som Olaug Nilssen i romanen Tung tids tale, reflekterer forteljarstemma her over kor hjelpelaus ein  kan kjenne seg i møte med dei som eigentleg skal hjelpe i ein sårbar situasjon  – og kor mykje verre det kanskje er for dei som ikkje ein gong har språket i si makt:. «Ho tenkte med gru på dei som måtte legge absolutt heile livet sitt i hendene på ei statleg myndigheit. Dei som måtte stikke heile hovudet inn i gapet til den norske løva. Alle dei som søkte om asyl eller livsopphald. Alle dei som blei ramma av ulykker eller sjukdom og trong hjelp. Så mange som var avhengige av eit ja frå ein kommunal eller statleg etat for å ikkje gå under, for å komme vidare i livet sitt. Og som kanskje ikkje hadde dei same ressursane og kreftene som dei, som kanskje ikkje eingong hadde språket.»

Det er kanskje her romanen kjem litt til kort, dersom målet er å løfte skildringa av barnløyse og tapt adopsjonskamp til noko meir universelt om tapet av draumar og forsoning med sorga. Historia blir då for eksplisitt. Dei mange dokumenta saug all energi ut av hovudpersonen, og dei gjer også litt same skade på romanen.

 

MAY GRETHE LERUM

 

(Foto: Tove Breistein / Samlaget)