– Alle barndommar er like viktige

Maria Parr er i gang med skriving att, etter å ha hatt skrivesperre.

Maria Parr meiner det ligg noko demokratisk i å visa fram ulike typar barndommar. Ho har byrja å skriva igjen, og er denne veka hovudforfattar under Nordisk Bibliotekveke.

 

Etter Vaffelhjarte i 2004 og Tonje Glimmerdal i 2009 har det vore stopp med bøker frå Maria Parr. I haust kjem ho rett nok med ei flott bok med klassiske eventyr som ho har omsett til nynorsk. Men kva tid kjem ho med ei ny bok?

– Eg har jo fått to ungar i mellomtida, og kan vel innrømma at eg har hatt litt skrivesperre. Men no synest eg det er kjekt å skriva igjen. Eg føler eg er på sporet igjen. Det er utruleg kjekt.

Kva tid neste bok kjem vil ho ikkje lova, men ho er i gang, og håpar å skriva for fullt når ho er ferdig med morspermisjonen.

 

«Å ta frå håpet frå ungar går ikkje an»

Dei to første bøkene hennar har skapt mykje «styr», som ho sjølv kallar det. Parr debuterte med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk.I 2009 gav ho ut andreboka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009.

Teateroppsettingane basert på bestseljarane har gått for fulle hus på teaterscener i Oslo og Bergen.

 

Like forskjellige som vaksne

I 2011 laga NRK tv-serie av Vaffelhjarte, boka som er no er seld til 27 land. Andreboka Tonje Glimmerdal har kome på 16 språk. I Russland er Jo Nesbø den einaste forfattaren som kan måla seg med Maria Parr.

Sist veka var ho festivalforfattar under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.

Men kva synest ein av verdas mest populære norske barnebokforfattarar – og som attpåtil har master i emnet – er gode bøker for barn?

– Mange gløymer at ungar kan vera like forskjellige som vaksne, og at dei likar forskjellige bøker. Men det eg meiner er felles for god barnelitteratur er at han snakkar til ungar – i augehøgde med ungane. Det kan gjerne vera mørkt og trist, men det bør vera håp. Å ta håpet frå ungar går ikkje an.

 

MariaParr2

 

Jenter med fart og sjølvtillit

Torsdag sist veke snakka ho om heltar og heltinner på Falturiltu-seminaret på Høgskolen Stord/Haugesund.

I Vaffelhjarte var det Lena som hadde fart og sjølvtillit. Personleg kjenner Maria Parr seg mest att i den forsiktige kameraten Trille.

Tonje Glimmerdal skulle først heita Tore. Men så las ho om masteroppgåva til Nina Méd om kor få heltinner det var i nyare norsk barnelitteratur.

– Eg blei så flau at eg forandra det, seier Maria Parr, som meiner Tonje gjorde boka betre.

– Ein skal ikkje avgrensa ungar, og då må ein heller ikkje vera så einspora. Ungane må kunne lesa om alle typar menneske. Alle barndommar er like viktige. Alle har noko som er verdt å visa fram, understrekar ho.

 

– Ingen superbarndom

Maria Parr fortel om ei oppleving som barn då familien var på besøk i Hunderfossen familiepark utanfor Lillehammer. Der fekk ho ein mjølkekartong som ho berre hadde sett på tv før.

– Eg hugsar enno kjensla av at eg var på eit filmsett, og at dette var viktig sidan eg hadde sett dette på tv før.

Difor synest Maria Parr det var rørande å sjå tv-serien «Vaffelhjarte» bli spelt inn heime på Sunnmøre.

– Tenk at dei kom hit til oss, tenkte eg.

– Dei aller beste bøkene får oss til å ønskja at me er der. Eg hugsar eg las Astrid Lindgren som barn, og såg Saltkråkan på tv, og hadde så lyst til å reisa til Saltkråkan. No tenkjer eg at kanskje nokon kan tenkja seg å reisa til mitt heimemiljø.

Forfattaren synest det ligg noko demokratisk i det å ha filmar og bøker som viser fram ulike barndommar.

– Det finst ikkje nokon superbarndom, slår ho fast.

 

– Ein heilt kvardagsleg ting

Hovudpersonane i bøkene hennar har ei barnetru som elles i mindre grad kjem fram i den moderne barnelitteraturen. Lena og Trille leikar «Noahs sjark» og Lena spør om ho liknar Jesus når ho held eit lam i armane.

– Det er eit prosjekt for meg å skriva om vanlege ting. Og å tru er no ein vanleg ting, i alle fall på Vestlandet.

I barnelitteratur som ikkje er misjonerande, trur ho det er mange som er redde for å skriva om tru.

– Eg synest det blir feil å ikkje nemna det. Tru kan vera viktig i barn sine liv, og det er ikkje noko farleg å prata om.

Då NRK spelte inn «Vaffelhjarte», tok dei nokre rundar på om dei kunne visa referansane til kristendom. Men dei tok med fleire, som til dømes Jesus-bildet over senga til tante-farmor.

– Ein kan ikkje koma der at ein ikkje kan ha slike ting med. Å tru er ikkje noko ekstremt, det er ein heilt kvardagsleg ting, seier Maria Parr.

 

 

0 Delinger