Til Bloksberg med Basso

I "Heksejakt" tar Aino Basso med seg yngre lesere inn i et av Europas mørkeste kapitler; hekseprosessene.

Hekseprosessene er et svart kapittel i mang et lands historie. Men at heksebrenning noe som hører fortiden til, er en feiloppfatning. Heksejakt er fremdeles en realitet flere steder i både Asia, Sør-Amerika og Afrika. 

 

I Heksejakt forteller historiker Aina Basso om hekseprosessene i Europa og Norge, og leserne får stifte bekjentskap med hekser som Jeanne d’Arc og norske Anna Pedersdotter. Basso stiller spørsmålet om hvordan i alle dager noe slikt kunne skje, og hvorfor det fremdeles foregår den dag i dag.

 

 

Forfatter: Aina Basso (37)

 

heks

 

 

Aktuell med: Heksejakt og heksebrenning i Europa (Samlaget).

 

Dette er ei bok om dei dramatiske hekseprosessane ca. 1400-1700, med linjer inn i vår eiga tid. Kven var desse «heksene» som blei brende på bålet rundt omkring i Europa? Og korleis kunne noko slikt skje?

 

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

Eg har vore fascinert av hekseprosessane sidan eg sjølv var ung og har tidlegare utforska temaet både som historiestudent og i ungdomsromanen Inn i elden (Samlaget 2012). Då forlaget spurde om eg var interessert i å skrive ei faktabok for barn og unge om same tema, trong eg ikkje å tenke meg lenge om. Og det har vore eit både givande, lærerikt og ikkje minst spennande arbeid!

 

Tre barnebok-favoritter: 

– Maria Gripe: Agnes Cecilia – en selsom historie. Eg var veldig glad i bøkene til Maria Gripe då eg var yngre. Eg likte godt blandinga av realisme, mystikk, historie, romantikk og spenning, samstundes som bøkene tok opp tema kring identitet, vennskap, kjærleik og svik. Agnes Cecilia er eg enno ikkje lei av.

– Roald Dahl: Heksene. Roald Dahl var ein annan favoritt då eg var lita. Eg likte dei elleville og spennande bøkene hans, som også inneheldt ein stor varme og rettferdssans. Heksene er både morosam og spennande. Dei såkalla heksene frå historia var nok ikkje like ekle som heksene til Roald Dahl.

– Marit Kaldhol: Ho som ror. Ei av dei bøkene eg hugsar best frå barndomen er Farvel, Rune av Marit Kaldhol, fordi den var så uendeleg trist og fin. I vaksen alder har eg lese fleire av barne- og ungdomsbøkene hennar og den som står hjartet mitt nærast er diktboka Ho som ror, om ei jente som mister mor si og ror seg innover i fjorden og bakover i tida, til ei gløymt bygd der ho får møte både mor si og andre av formødrene.

 

Sjekk ut:

Av dei nye stjerneskota på barnebokhimmelen er eg særleg begeistra for Håkon Øvreås og bøkene hans om superheltane Brune og Svartle, herleg illustrert av Øyvind Torseter. Eg gler meg allereie til boka om Blåse – som eg håper kjem om ikkje altfor lenge.

 

Hvordan jobber du?

Når eg skriv romanar veit eg ein del om temaet, litt om personane og litt av handlinga før eg set meg ned og skriv. Men eg vil ikkje bestemme alt på førehand, til dømes liker eg ikkje å vite korleis det skal ende. Og ofte dukkar det opp nye karakterar undervegs, som får ei viktig rolle i boka.

Når eg skriv faktabok er eg langt meir strukturert og arbeider utifrå ein nokså detaljert disposisjon på kapittel- og underkapittel-nivå.

 

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Astrid Lindgren: Mio min Mio – fordi den viste meg at verda inneheld både venleik, varme, kjærleik, sorg, urettvise og vondskap. Eg grøssa, gråt og fryda meg om kvarandre. Og så gjorde det så ufatteleg godt når det gode sigra til slutt.

 

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

Sidan eg var veldig glad i og fascinert av Anne frå Bjørkely, må eg nesten velje henne. Ho er tøff, varm, lojal, spontan, fantasifull, kreativ, intelligent og ambisiøs. Ei slik jente ein berre må bli glad i – ei venninne for livet.

 

Og hvem ville du helst selv ha vært?

Eg trur eg helst vil vere meg sjølv. Eg klarer meg lenge med å få besøke andre verder og personar i bøkene.

 

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

Det viktigaste er at forfattaren har noko på hjartet, som skin sterkt gjennom til lesaren. Som barn likte eg både dei triste, romantiske, morosame og spennande bøkene. Eg trur mangfald er det viktigaste. At det finst ei bok for ein kvar lesar – og til ei kvar tid.

 

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

Ja, takk – begge delar!

 

 

Hovedfoto: Tove K. Breistein
-- annonse --