Grinebitarar og gleder

POET OM POETAR:Helge Torvund vel ut fem bøker som har vore viktige for han.

Helge Torvund har fem poesibøker som sine favorittbøker. "Kjend som ein sur grinebitar, balanserer han dette elegant med gleder; som det å vakne til lukta av egg og bacon, synet av ein fontene, lyden av eit orkester som gjer seg klar til konsert", skriv han om ei av dei.

J.B: Priestley: Delight

Kanskje kjenner du skodespelet «Det er fra politiet» (An inspector calls) av Yorkshireforfattaren J. B. Priestley? Her skal eg trekkje fram ei litt annleis bok av denne forfattaren: Delight. I denne boka skildrar han 114 små og større ting som han har hatt glede av. Kjend som ein sur grinebitar, balanserer han dette elegant med gleder; som det å vakne til lukta av egg og bacon, synet av ein fontene, lyden av eit orkester som gjer seg klar til konsert, å kjøpe bøker når ein er ung, og, som han skriv; me klagar og klagar, men me har jo faktisk sett epletre, pæretre, kirsebærtre og mandeltre som blømer i solskinet.

Vasko Popa

Ei heilt ny, revidert og utvida utgåve som kom ut på New York Review of Books i år, med dikt av  den store serbiske poeten Vasko Popa i engelsk språkdrakt, gjendikta av den fine poeten Charles Simic. Han er ein poet etter mitt hjarta, og skriv med stort alvor, leikande, humoristiske tekstar med røter både i folkepoesien og surrealismen.

Bordduken strekkjer seg
inn i æva

Gösta Ågren: Samlade dikter 1955 – 2015

Ein av mine finske favorittar kom ut i 2016 i eit massivt format på 545 sider med «Samlade dikter 1955 – 2015». Ågren skriv dikt der alle moglege aspekt av livet får innpass; politikk, økologi, filosofi, kjærleik, død, natur, kunst. Svært formmedviten, ofte veldig morosam. Alltid viktig:

Mitt i grönskan/ser man röda, vid-/öppna rop. Denne form/av smärte kallas rosor.

Torgeir Schjerven: I anledning dagen

Ei av fleire diktsamlingar av Torgeir Schjerven som har gitt meg mykje glede. Han er ein storarta poet som, eg veit ikkje kvifor eg kjenner det slik, nesten ser ut til å skriva betre enn han er klar over. Dikta hans kan ta så veldig av, famna om så stor livskjensle og erfaringsmengd at det vert naudsynt for poeten å kalla seg «uprest» for å jorda dikta: «Jeg spør: hvilken tro er det som skinner/på den svære søppeldunken der og kaster/ skyggen av den over gjerdet».

Dainin Katagiri: Each moment is the universe

Ei bok av Dainin Katagiri som nok ikkje er sommerlesing for kven som helst, men for meg er ei bok eg vender tilbake til, igjen og igjen. Katagiri reflekterer kring tidsopplevinga på ein måte som for meg har opna seg litt etter litt. «Tida er inne,» skriv Katagiri. Og tek for seg liding, venleik, og forgjengelegheit slik at det hender eg forstår litt meir av noko som for meg kjennest veldig viktig å ha med meg.