Med villsau utenfor vinduet

HJEMMEKONTORET: Agnes Ravatn savner alenetid. Men den pastorale utsikten fra skrivestua er det lite å si på.

Hvor er ditt hjemmekontor?

– Eg er så heldig å ha ei heil skrivehytte, eit par minutts rask gange frå huset vårt. Hytta ligg innpå eit sauebeite, der dei nyfødde villsaulamma våre akkurat no sprett rundt utanfor glaset, så det er rett og slett pastoralt. Eg har eit par timar her tidleg på morgonen stort sett kvar dag, før eg overtar ungane.

Hva jobber du med akkurat nå?

– Først og fremst med meg sjølv. Ein månad som fulltidsmor har vel begynt å tære litt på tålmotet. Eg innser at eg har behov for eit visst antal timar heilt for meg sjølv i løpet av ein dag, og dei timane er det ikkje alltid eg får akkurat no.

Hvilken bok leser du?

Hvem har ligget i denne sengen og andre noveller, i Gyldendals små grå-serie. Raymond Carver sine ekteskapsskildringar passar kanskje ekstra godt i heimeisolasjon.

En varm anbefaling blant bøkene du har lest de siste månedene?

– Tida er jo dyrebar no til dags, så eg tar berre sjansen på å lese bøker eg alt har lese før og som eg veit er gode. Dei siste par månadene har eg vore gjennom store deler av Trude Marstein og Carl Frode Tiller sine forfattarskap igjen. Begynnelser av Tiller og Ingenting å angre på av Marstein, for eksempel?

PASTORALE OMGIVELSER: Villsau med skrivestue i bakgrunnen.

Godt skrevet: En setning eller avsnitt i en bok, eller diktstrofe, som du setter spesielt stor pris på?

– Sisteverset av «Å, den som var en løvetann». Kanskje min favorittsong, eg elskar Alf Prøysen, og til mi store glede ber ungane om å få høyre den kvar kveld eg legg dei. Eg blir rørt av meg sjølv kvar gong eg kjem til «Så får jeg plass ved sengen din og ser på at du sovner inn/Og utenfor er natten blå, en løvetann kan lykken nå/Så over all forstand.»

Hvilken bok skulle du selv ønske at du hadde skrevet?

Full spredning av Nina Lykke, basert både på innhald og på salstal. Eg drøymer om å kjøpe ein ATV.

Hva savner du aller mest i disse corona-tider?

– Å komme opp på hytta i grålysninga, fyre i omnen og lage kaffi og vite at no har eg heile dagen til å sitte og pusle med skriving.

Hvem i bok-Norge vil du sende stafettpinnen videre til?

– Eg er veldig spent på korleis det går med min venn Erlend O. Nødtvedt, innesperra som han er i ein leilighet i Bergen saman med barn og gravid sambuar!

 

 

(Hovedfoto: Grethe Nygaard)