Folkebibliotekene budsjett-vinnere

Sterk økning i støtten til folkebibliotekene, «forenkling og opprydding» i Kulturrådet og innføring av lavmoms for nyhetsmedier. Det er blant ingrediensene i Thorhild Widveys budsjettforslag.

Kirke, frivillighet og folkebibliotek er vinnerne i Kulturdepartementets budsjett, mens media må tåle kutt. Pengestrømmen til kulturformål flater ut.

Ser vi på hovedpostene får Den norske kirke en påplussing på 6,5 prosent (fra 1.854 mill. til 1.974 mill. kr), samfunns- og frivillighetsformål pluss 5,5 prosent (fra 1.890 mill. til 2.002 mill. kr), kulturformål pluss 1,1 prosent (fra 7.145 til 7.222). Medieformål kuttes med 3,4 prosent (fra 1.210 til 1.169 mill. kr).

 

«Tydelige prioriteringer»

I en pressemelding fra Kulturdepartementet, med tittelen Eit kulturbudsjett med tydelege prioriteringar, redegjør departementet for hovedsatsingene. Der heter det blant annet:

«Regjeringa sin kulturpolitikk skal leggje til rette for eit kulturliv som veks ut frå lokalt engasjement, prega av mangfald, fridom og integritet. Difor satsar regjeringa på ei bevisst spreiing av løyvingar ut i heile landet og å gå gjennom ordningar for å sikre at mest mogeleg av pengane blir brukt på å lage kunst og kultur, og minst mogeleg til unødig byråkrati og administrasjon.

I framlegget til kulturbudsjett aukar regjeringa løyvinga til 12,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 262 millionar kroner frå 2014. I tillegg får spelemidla til kultur-, idrett og frivillig sektor i 2015 ein auke på 473 millionar kroner, hovudsakleg grunna endring av tippenøkkelen.

 

Endring av tippenøkkel blir fullført – meir til idrett og kultur

Regjeringa fullfører opptrappinga av ny tippenøkkel, noko som inneber at 64 prosent av overskotet til Norsk Tipping frå 2015 skal gå til idrettsformål. 18 prosent skal gå til kulturformål og 18 prosent til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Dette inneber at 332 millionar kroner meir skal gå til idrett i 2015 enn i 2014. Tilsvarande er auken til kulturformål 122 millionar kroner. Ordninga der delar av tippemidlane går inn i statskassa på budsjettets inntektsside, vert foreslått fjerna.

– Det er viktig å gje idretten føreseielege rammer. Vi foreslår også å auke  tilskotet til momskompensasjon til idrettsanlegg med nesten 17 millionar kroner i forhold til i 2014, seier kulturminister Thorhild Widvey.

 

Talentutvikling

For å fremje utviklinga av nye norske kunstnarar ønskjer regjeringa ei meir målretta satsing på talentutvikling og internasjonal profesjonalisering av unge talent, og startar ein omfattande satsing på dette feltet. Regjeringa foreslår å bruke 30 millionar kroner til dette i 2015. Målgruppa for satsinga er enkeltpersonar og grupper med føresetnader for ei lang karriere innan kunst og kultur på høgt internasjonalt nivå.

 

Regional satsing

Regjeringa ønskjer å styrkje det regionale kulturlivet over heile landet. Ho foreslår difor å styrkje viktige institusjonar lokalt og regionalt for å sikre at kulturen blir bygd med ei lokal forankring. Regjeringa ønskjer å satse på programmerande scener, museum, det frie feltet og musikk.

– Å styrkje kultur- og kunstinstitusjonar regionalt skal medverke til maktspreiing og sikre eit profesjonelt kulturliv av høg kvalitet i alle regionane i landet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

 

Bibliotek

I budsjettframlegget for 2015 foreslår regjeringa ei kraftig opptrapping i støtta til å utvikle folkebiblioteka. Løyvinga blir forvalta av Nasjonalbiblioteket, og blir for 2015 foreslått auka med 20 millionar kroner til 48,5 millionar kroner.

– Det er folkebiblioteka som er dei viktigaste litteraturhusa våre, og det er viktig for regjeringa å bruke pengar på utviklingstiltak via Nasjonalbiblioteket. Biblioteka er våre mest brukte kulturinstitusjonar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

 

Gåveforsterking og skatteinsentiv

Regjeringa ønskjer meir privat finansiering og meir private pengar i norsk kulturliv. Fleire finansieringskjelder sikrar maktspreiing og vil gjere kulturlivet sterkare og meir uavhengig.

– Gåveforsterkingsordninga som vi innførte i 2014, har vore ein stor suksess som var brukt opp allereie etter åtte månader. Difor foreslår vi å styrkje og vidareutvikle ordninga neste år. Vi ønskjer å tredoble ordninga til 30,3 millionar kroner, med 20 millionar kroner. Dette vil kunne utløyse gåver for 150 millionar kroner til norsk kulturliv, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Regjeringa ønskjer også å stimulere til større økonomisk deltaking frå næringslivet i kulturlivet. Saman med Finansdepartementet vil Kulturdepartementet vurdere ulike skatteinsentiv og gåveforsterkingsordningar som kan utløyse meir privat kapital i kulturlivet.

 

Plattformnøytral merverdiavgift på aviser

Det er eit mål for regjeringa å modernisere det mediepolitiske verkemiddelapparatet. Det er eit ønske å få til mest mogleg likebehandling av media, uavhengig av teknologisk plattform. Regjeringa har difor avgjort at det skal setjast i gang ein prosess med sikte på å notifisere ein felles låg meirverdiavgiftssats på 8 prosent for papiraviser og elektroniske aviser til EFTAs overvakingsorgan (ESA).

– Ei omlegging til ein felles låg momssats krev overgangsordningar for media. Difor ønskjer vi å innføre ei overgangsordning for papiravisene på 5 år. Vi vil i prosessen med ESA vurdere nærare korleis vi skal definere  e-aviser og korleis overgangsordninga for papiravisene skal vere, seier Widvey.

 

Norsk Kulturråd – forenkling og opprydding

Kulturdepartementet foreslår å rydde opp  i forvaltinga og finansieringa av tilskot til kulturtiltak. Dette vil leggje til rette for ei meir heilskapleg og dynamisk forvalting av tilskot til kulturlivet. Mellom anna foreslår regjeringa å samle løyvingane til Norsk kulturfond under ein post (Post 55) og at Kapittel 320 post 74 blir avvikla frå 2015.

Mest mogeleg kultur – minst mogeleg administrasjon og byråkrati

– Vi vil ha ein kulturpolitikk som verkar. Eg vil vere sikker på at så lite som råd av pengane går til administrasjon og at så mykje som råd går til kulturopplevingar. Dette budsjettet er første steget på vegen dit. Vi tar ein del strukturelle grep fordi vi ønskjer å få meir pengar ut i landet for å sikre maktspreiing. Vi vil òg ha inn meir privat kapital, og etablerer ei ny satsing på talentutvikling. Vi utvidar òg ordninga med gåveforsterking.

Regjeringa si reform for effektivisering og avbyråkratisering gjeld sjølvsagt òg på kulturfeltet.

På Kulturdepartementet sitt felt er alle budsjettpostar og tilskotspostar gått gjennom for å leggje til rette for forenkling og god og effektiv pengebruk.»

 

Se også: Ingen innhogg i Norsk kulturfond