Om å være pårørende til en psykisk syk

Anne-Lise Frøland. Foto: Marius Fiskum

DEBUTANTSPALTE: Anne-Lise Frøland har så ærefrykt for tittelen, at hun ikke er komfortabel med å kalle seg forfatter. Men etter å ha fått skriveinspirasjon av en av Virginia Wolfs rollefigurer, er hun nå aktuell med sin første roman – om psykisk uhelse.

– Kort fortalt: hva handler boken din om?
– «Tynne rivner av lys» handlar om fleire ting, men først og fremst om å vere pårørande til ein som er alvorleg psykisk sjuk. Og korleis dette kan arte seg frå sjukdommen startar og gradvis blir meir og meir alvorleg. Etter kvart som tungsinnet til Vegard dominerer større delar av kvardagen, veks mellom anna graden av isolasjon og ikkje minst arbeidsoppgåvene som sambuaren Solveig må ta seg av åleine på den gamle mjølkegarden dei har overtatt. Naturlegvis melder det seg også fleire etiske spørsmål undervegs knytt til både dette og til landbruket.


Anne-Lise Frøland:
Tynne rivner av lys

Skjønnlitteratur
Samlaget
185 sider

– Hvorfor skrev du akkurat denne boken? 
– Eg er opptatt av etikk, og då menneske som finn seg i meir eller mindre umoglege situasjonar. Som menneske tek vi heile tida store og små val både for oss sjølv og for andre, nokre av desse får konsekvensar og andre ikkje. Mot slutten av «Tynne rivner av lys» tar Solveig, eller Solli som dei fleste i boka kallar ho, eit val. Og det var dette valet som sette i gong arbeidet med romanen for min del.

– Har du alltid hatt en forfatterdrøm? 
– Det har eg nok, men eg trudde ikkje heilt på at det var ein reell veg å gå. Derfor tok eg først turen innom lektorstudiet i nordisk, med tilleggsfaga historie og filosofi. Etter nokre år som lærar skjønte eg likevel at det ikkje var verre enn at eg prøvde. Faktisk var det karakteren Lily Briscoe i boka «Til Fyret» av Virginia Woolf, omsett av Brit Bildøen, som fekk meg til å ta sats.

– Hvordan føltes det å endelig kunne kalle seg selv forfatter?
– Eg veit ikkje om eg er heilt komfortabel med å kalle meg det endå, kanskje av ærefrykt for tittelen. Det eg likevel kan seie er at etter å ha tatt lausrivne lærarjobbar og vikaroppdrag i tre år og forklart til alle at det er fordi eg skriv på ein roman, så er det veldig godt å endeleg kunne «legge fram beviset». Sjå her liksom, eg har ikkje berre drive dank, eg har faktisk laga noko!

– Hva leser du helst selv? (Har du kanskje noen forfatterforbilder du gjerne vil trekke frem?)
– Eg les mykje forskjellig, både prosa, dikt, drama og essay. Eg kan kjøpe ei bok og så la ho ligge i årevis før eg les ho, gjerne fordi eg oppdaga at ho ikkje passa meg der og då likevel – men det betyr ikkje at ho ikkje kjem til å passe på eit seinare tidspunkt. Dei forfattarane eg har hatt mest glede av siste åra er Sara Stridsberg, Olga Tokarczuk og Linn Ullmann. Den siste boka eg las var dramaet «Jeg er SYLv» av Cecilie Løveid, den slukte eg.

Eg trur det eg er spesielt oppteken av, og søkjer i det meste av det eg les, er forteljingar om trass og opprør. Nyleg starta eg også på boka «Sin egen herre» av Halldór Laxness, den første replikken i denne boka er «Nei», slikt frydar eg meg over.

– Hva er det beste skrivetipset du har fått på veien til å bli forfatter?
– Å lese. Lese mykje og lese breitt. Og å skaffe seg eit miljø av andre skrivande, kor ein både les og blir lest.

– Beskriv din skriverutine?
– Den skiftar alt etter kor i prosessen eg er. Når eg er heilt i starten av eit prosjekt går eg veldig mykje tur. Det er då eg tenker best. Konsekvensen av dette er at eg skriv svært mykje på mobilen. Sist eg sjekka hadde eg over 12 000 notat, mykje av dette er sjølvsagt handlelister og anna, men ein god del er faktisk førsteutkast til scener i ulike tekster. Når teksten går frå nyfødt-stadiet over i redigeringsfasen jobbar eg derimot på PCen. Då sit eg gjerne pal frå åtte til fire-fem, i stille. I denne fasen er eg så konsentrert at eg ikkje ensar stort. Ein annan ting er at eg gjerne venter ei stund frå eg har fått tilbakemelding på teksten frå redaktør eller andre lesarar, før eg går i gong med å redigere. Dette fordi eg trur det er viktig å la kommentarane få søkke inn og virke ei stund i underbevisstheita før eg går laus på teksten. Ofte fordi kommentarane til saman kan peike på eit større problem, som eg kanskje ikkje hadde sett elles.

– Hvilke bøker gleder du deg selv til å lese i år?
Eg gler meg sjølvsagt til å lese Stridsberg si nye bok, men så gler eg meg også stort til å lese «Metamorfoser», gjendikta av Thea Selliaas Thorsen. Elles har eg ein djup kjærleik for Skald sin serie med omsette klassikarar, så eg kjem garantert til å lese noko derifrå, kanskje Pirandello.

– Hva vil du at leserne skal sitte igjen med etter å ha lest boka di?
– Nokre av dei som allereie har lese har gitt tilbakemelding på at dei satt igjen med fleire ting dei måtte tygge litt på. Det er eg eigentleg nøgd med. Eg håper eg har klart å vise fram ein situasjon, som er kompleks nok til at ein nettopp må tenke seg litt om. Kva hadde ein eventuelt gjort annleis om ein sjølv var Solveig? Eller ein av dei andre karakterane for den del.

– Har du noen planer for «den vanskelige andreboka»?
– Det har eg. Faktisk er eg allereie godt i gong med ho, og den er ganske annleis enn den første. I denne boka skal vi til sør-Spania og sjølv om også denne boka har mykje mørke i seg, er ho nok hakket meir humørfylt og fandenivoldsk. Eg har mellom anna latt meg inspirere av Leonora Carrington si bok «Høyreluren», omsett av Gunnstein Bakke. Dette er ei, etter mi meining, uimotståeleg morosam og smått absurd bok som alle burde lese.