Ingvild Skølt vil gi et innblikk i livet på innsiden av legefrakken i sin debutroman.
Fastlege Ingvild Skølt (f 1991) topper Norlis liste over mest solgte romaner med debutboka «Du vil kjenne eit lite stikk».
Mottakelsen har vært over all forventning, skriver hun i en epost til Bok365.
– Å få gje ut bok på Aschehoug har vore stort nok mål i seg sjølv, allereie her går ein draum i oppfylling. Så den gode responsen er rett og slett ein skikkeleg bonus! Førehandssalet har vore formidabelt, mykje grunna eit engasjert nettverk. Eg har røter og tilknyting fleire stader i landet, og har like greit hatt lanseringsfestturné med bokbad i både Oslo, Hemsedal og Honningsvåg. Det har vore fantastisk gøy, skriver hun og legger til:
– I tillegg er tematikken i boka brennaktuell, Hanne si usikkerheit er lett for dei fleste å kjenne seg att i og mange er nyfikne på kva som skjer innanfor sjukehuskorridorane.
– Kort fortalt: Hva handler boken din om?
– Me møter Hanne, som startar i sin fyrste jobb som turnuslege ved Granmo sjukehus. Her går ho rundt med gode intensjonar og altfor stor kvit frakk, medan ho prøver å redde liv og unngå å få kjeft frå trøytte bakvakter.
Boka er ein slags moderne legeroman anno 2025. Det handlar om å finne sin plass i vaksenlivet, om jakta på kjærleiken, og det å stå åleine med tyngjande ansvar. Om frykta for å gjere feil, og om kva som skjer når det aller verst tenkjelege faktisk hender.
– Hvorfor skrev du akkurat denne boken? Hvor kom inspirasjonen fra?
– Eg er sjølv fastlege, og har alltid blitt fascinert av menneskemøter. Som helsepersonell kjem ein tett innpå heilt framande i både sårbare, absurde og dramatiske situasjonar, og eg hadde lyst til å skildre noko av dette for folk som befinn seg utanfor sjukehuskorridorane.
I tillegg håpar eg å vise korleis ting kan kjennest på innsida av legefrakken. For mange nyutdanna legar er jobben overveldande og tøff, men det blir lite snakka om. Dessutan bryt det med det tradisjonelle biletet folk har av den autoritære og sjølvsikre legen. Som hovudpersonen Hanne tenkjer; «I staden kjem dei, snille og greie jenter med 6-arar i sidemål og religion. Petite og smalskuldra, fora opp på grønkål og chiafrø. Dei som smilar for mykje, grin når dei burde diskutere og subbar rundt i klede med meir plass til pondus enn hofter.»
– Har du alltid hatt en forfatterdrøm? Og hvordan føltes det å endelig kunne kalle seg selv forfatter?
– Ja! Eg har alltid tenkt at det må vere skikkeleg kult å skrive ei ordentleg bok. Men no kjennest det litt som å snike seg inn i noko eg eigentleg ikkje kan, i utgangspunktet er eg jo lege. Å bli kalt «forfattar» gir framleis kribling i magen, men eg prøver å ta tittelen til meg.
– Hva leser du helst selv?
– Det går mykje i nyare norske romanar. Lars Saabye Christensen har vore eit stort førebilete heilt sidan eg las «Halvbroren» på ungdomsskulen. Elles vil eg nemne Marie Aubert, ho er ein meister i å ta moderne nordmenn på kornet.
– Hva er det beste skrivetipset du har fått på veien til å bli forfatter?
– Skriv! Det er ikkje så farleg eller høgtideleg. Det hjelper lite å tenkje ut ei bok, orda må ned på papiret og ut i verda.
– Beskriv din skriverutine?
– Eg jobbar som fastlege, har tre små barn og har vore på flyttefot fleire gonger under skriveprosessen. Det har dermed vore uråd å lage seg heilage skriverutiner. Mantraet har vore å skrive når eg kan, og ikkje vente på magisk inspirasjon eller fagre omgivnader. Innspurten av romanskrivinga gjekk føre seg i ei innestengd kjellarstove, med visne potteplanter, flytteeskar og klesvask på alle kantar. Det gjekk også bra!
– Er det noen andre debutbøker du personlig gleder deg til i år?
– Gler meg til å lese «Gater jeg har levd» av Nikolai Torgersen og «Et jentebarn» av Martin Tilrem.
– Hva vil du at leserne skal sitte igjen med etter å ha lest boka di?
– Ei god leseoppleving! Det er så mange eg kjenner som seier dei ikkje har lest bøker sidan covid. Det er stort om dei kan finne fram til boka mi, og igjen oppdage at litteratur er fine saker.
– Har du noen planer for «den vanskelige andreboka»?
– Eg har tenkt ein del, stikk i strid med eigne skriveråd. Men eg skal snart skrive også!