Sommaren er tida for klassikarar

Forlagsredaktør Janne Nygård (foto: Mariell Øyre)

DAGENS SOMMARGJEST: Forlagsredaktør i Skald Forlag, Janne Nygård.

Janne Nygård (f. 1989) er forlagsredaktør i Skald. Ho kjem frå Jølster og bur i dag på Nesodden der ho også arbeider frå. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda og har ein master i nynorsk skriftkultur. Janne har tidlegare arbeidd i Det Norske Samlaget og i tidsskriftet Syn og Segn.

– Kvar held du til i ferien, Janne?

Litt heime på Nesodden, men mest i duskregnet på Vestlandet. I fjellbygda Jølster der eg vaks opp, og i sommarhuset i havgapet i Bremanger, der bestemor og bestefar bur i nabohuset og byr på natronkaker og yatzy.

– Kva må ein god sommarferie innehalda?

Eit viktig punkt er å nyte alt arbeidet eg har lagt ned i hagen om våren. Lese i sola blant sjølvsådde sommarblomar til lyden av summande insekt, hente tomatar og agurk i drivhuset og sjå graset vekse seg høgt. Det må vere bad i sjøen, løpeturar på tørre skogsstiar, men òg byturar til kafear og museum ein ikkje har tid til å besøke elles.

– Kva bok er den beste du har lese så langt i år? Og kva ligg øvst i bokbunken i ferien?

Den boka som har gjort mest inntrykk på meg i år, trur eg må vere Kerstin Ekmans Min bokvärld, ei samling essay om sterke lesaropplevingar. Det var så forfriskande klokt om korleis bøker ikkje er noko ein konsumerer eller blir ferdige med, men er ei kjelde til å oppleve verda på nytt og på nytt gjennom eit heilt liv. Øvst i feriebunken ligg faktisk den norske klassikaren Av måneskinn gror det ingenting av Torborg Nedreaas, som eg av ein eller annan grunn aldri har lese før. Ho skreiv og gode essay som går i dialog med Ekman når det gjeld kor viktig det er å få møte stor litteratur tidleg i livet. For meg er sommaren tida for klassikarar, før hausten slår inn med sine bølgjer av nye bøker.

– Automatisk fråværsmelding eller litt e-postsjekking frå stranda?

Eg prøver å sjekke e-post minst mogleg, men litt jobbing blir det. Det er så mange spennande manus i bunken!

– Kva står på bordet viss du får velja det perfekte sommarmåltidet ditt?

Grønnsaker frå hagen som ein enkel crudités som alle kan dele til forrett, så eit stort fat med grilla fisk og skaldyr, og mengder av jordbær til dessert. Med champagne til, sjølvsagt.

– Kven ville du invitert til bords, viss du ikkje kunne velja familie eller kjærast?

Om eg ikkje heller skal be inn vener, ville eg sendt ein invitasjon til Olga Ravn, Rebecca Solnit og Rachel Cusk. Eg trur vi ville hatt veldig mykje å snakke om.

– Det beste ferieminnet ditt?

Her kunne eg ha svart den sommaren eg og mannen min gifta oss og reiste til Italia dagen etter. I tre veker reiste vi frå Ischia og Napoli i sør, til Milano i nord, gjennom ørten vingardar og strender, utan ei bekymring i livet. Eller då eg sette meg på eit fly til Japan for å besøke mannen min som var på eit forskingseksperiment i Himeji, eg kom med toget om kvelden og det var så romantisk å ha reist halve kloden rundt for å møte han der. Eller kanskje den gongen vi budde i California og tok ein getaway til Hawaii … Men etter at vi fekk barn, er dei beste ferieminnene frå late dagar på den lokale stranda, lett kaos med vannmelon i kjølebagen og ulesne bøker strødd rundt om i sanden, og eg ville ikkje hatt det annleis.

– Kven i Bok-Noreg vil du helst gi ein blomsterbukett?

Alle forfattarane som jobbar på, sjølv om løna er låg.

– Viss du fekk vera kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?

Eg ville først ha utvida innkjøpsordninga for sakprosa generelt, og så gjort innkjøp av nynorsk sakprosa for barn og unge til ei automatisk ordning. Så hadde eg tatt ein kaffikopp på det, før eg hadde gått gjennom resten av lista over ting som må gjerast. Det hadde blitt ein travel haust!

– Viss du kunne sett éi bok på pensum i norske skular; Kva og kvifor?

Ei diktsamling, kanskje, med dikt som gjer at elevane sit att med fleire spørsmål enn svar. Det trur eg er sunt. Vi les for lite poesi!

– Kva overskrift håpar du å sjå på Bok365 til hausten?

«Vaksine for skjermavhengigheit oppdaga – boksalet opp 278 prosent over natta!»

– Kva spørsmål burde eg ha stilt deg?

Du burde spurt meg om kva penn eg tok med på ferie. Då ville eg svart at eg tok med meg ein nydeleg blå TWSBI Eco kjøpt hos Lexis Papper i Lund, fylt til randen med Pilot sitt Iroshizuku-blekk i fargen Shin-kai (djupt hav). Interessa for fyllepennar har auka med alderen. Eg omfamnar det og nyt kvart pennestrøk!