Sin eigen stil, yeah

VONDE BLOMAR: Nok ei original bok fra Gunnhild Øyehaug, men med velkjende grep. Foto: Helge Skodvin

Gunnhild Øyehaug liknar berre Gunnhild Øyehaug, men ho legg seg mot modernisten Baudelaire og krydrar med både surrealisme og andre epokar.

Ein antologi frå 1979, redigert av Kjartan Fløgstad, Karin Gundersen, Kjell Heggelund og Sissel Lie, ser stort på det og tar tidleg Bob Dylan inn i det utvida surrealismeomgrepet. Charles Baudelaires eine store modernistiske diktsamling Ondskapens blomster kom femti seksti år før surrealismen fekk feste i litteratur og kunst mellom verdskrigane, men ein eller annan stad på vegen høyrer også Gunnhild Øyehaug heime. Og i samtida, sjølvsagt, for ho er sin eigen stil og sjanger også i årets Vonde blomar. 


Gunhild Øyehaug:
Vonde blomar
Skjønnlitteratur
Kolon
102 sider

Bøkene veks på seg

Årets novellesamling liknar meir på ei anna bok enn den dei to andre novellesamlingane Knutar og Knutar + (2004 og 2012) og Draumeskrivar (2016). Essaysamlinga Stol og ekstase (2006 og 2019) ga fire noveller til Knutar-prosjektet, og fekk kritikaren James Wood til å kalle Øyehaug «a Norwegian master of the short story». Det er dit eg vil. I Stol og ekstase dyrkar Øyehaug sine største styrker, nemleg aukinga, det å sette noveller inn i nye samanhengar pluss den skarpe, esaayistiske tilnærminga til lesing, skriving og korleis ein skal oppfatte ei historie.

Les bokmeldinga: Dette er les-says

Øyehaug er ein snurrig novellist. Ho nektar seg lite, men lagar avdelingar av noveller der dei diskuterer, korrigerer og kranglar med kvarandre – eller dei byr på ei auking – ei utbygging av perspektivet eller skifte av perspektiv. Tråden er fire noveller på rad og eit godt døme på eit spennande språk- og tankearbeidearbeide. Gunnhild Øyehaug har «vanlege» noveller som kan kome med såre og snurrige observasjonar som:

Kva var det eg kjende, kvifor måtte eg plutseleg gråte, kvifor kjendest det som om eg hadde kjærleikssorg, som jo er ei merkeleg form for sorg sidan et du har mista framleis finst?

Essay og novelle er lik sant

Akkurat som i essaysamlinga frå i fjor, vitjar boka diktarar, epokar, andres titlar og lagar eit stadig større rom for Øyehaugs eiga dikting. Vonde blomar er ei slik bok som kan sette deg til veggs og få deg til å tenke: Kva er det her eg missar? Kva er det eg ikkje får tak i? Men det same kan ein vel seie om ei samling med noveller med menneske som er tause for kvarandre ved eit kjøkenbord – på tjueåttande året. Det er berre å gje seg i kast ein runde til. Teksten kan opne seg, endre seg.

Når du har lese Vonde blomar, tar du essaysamlinga. Dei grip over i kvarandre. Gunnhild Øyehaug har ein forfattarskap med ei plan.

VIDAR KVALSHAUG