Vi nynnar deg ein song

Jakob Sande (foto: Jon Bleie)

LYRISK: Jakob Sande til minne.

For ein forfattar Jakob Sande (1906-1967) var. Dikta og novellene hans fortener gjensyn, gjenlesnad og gjenhøyr.

Sande var både refsande satirikar og blødande, hudlaus romantikar. I samlingane hans finn ein både skildringar av det groteske og det ømme, men drivkrafta i – så å seie – heile hans produksjon, fann han i kampen for den svake, den undertrykte og for dei utstøytte. Både for slike som i tekstane om «Vesle Daniel» og «Marian, det bleike barnet» – men til sjuande og sist også for seg sjølv; mobba som han vart dei siste leveåra.

Ein ekstra dimensjon til tekstane hans gir alle dei fenomenale tonesetjingane – eg nemner Geirr Tveitt, Kurt Foss & Reidar Bøe, Alf Cranner, Lars Søraas d.y. Jon Eikemo – saman med Vidar Sandem, gjorde i 1991 ein storarta innsats på Det Norske Teatret for å relansere lyrikaren i førestillinga: «Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg…».

Biografiane til Norvald Tveit «Jakob Sande. Ein diktar og hans miljø» (Dreyer,1975) og Ove Eide «Jakob Sande. Liv. Dikting» (Samlaget,2006) er begge eit «must» for ein Sande-patriot – særleg er sistnemnde svært rikhaldig og detaljert. Verd å lese er også portrettet sambygdingen Herbjørn Sørebø – begge kom frå Fjaler i Sunnfjord – gav i: «Storm frå vest. Jakob Sande – veit eg.» (Samlaget,2000).

Sande var medlem av Visens Venner, og då han slokna, skreiv visevenen, lyrikaren og NRK-journalisten Hartvig Kiran (1911-1978)  eit svært rørande minnedikt. I staden for å gjengi ein av Jakob sine eigne tekstar – vel eg her å presentere dette:

sande bøker

TIL JAKOB SANDE

Du var still den siste kvelden vår, kvart dyrekjøpt minutt

til du braut opp seint på natt og gav oss handa.

Ikkje song du dine viser, ikkje rørde du din lutt.

Tru du visste då du sat der at din landlov snart var slutt

og at skuta låg og venta ned ved stranda?

 

Vi sku fulgt deg om vi visste, vore med og kasta loss,

sett deg smile, som så ofte, gjennom tårer.

Vi sku sunge deg ei vise som ei helsing i frå oss:

om det underfulle hjarta, om eit anker og ein kross

og om havsens dei miskunnelege bårer.

 

Men du kjende vel kan hende det var einsemd som du trong

i den stund du høyrde skipsklokka kalle?

Kan du høyre der du siglar at vi nynnar deg ein song?

Du må helse vesle Daniel og Lasse og May Wong

og ditt hav som ligg og ventar på oss alle.

 

Hartvig Kiran

 

Hartvik Kiran, «Mi eiga lyre.»,  Tekstar i utval ved Halldis Moren Vesaas, (Samlaget,1979)
Foto: Knut A. Brandal