– Utruleg skuffande

Vidar Lund (Foto: Magni Hjertenes Flyum / Bibliotekforening)

– Framlegget til boklov er utruleg skuffande for biblioteka og bibliotekbrukarane, seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening.

I det endelege framlegget har Kulturdepartementet fjerna kravet om leveringsplikt av digitale lydbøker til biblioteka. – Vi er særs skuffa over at dette vart det endelege framlegget, og vil bruke høyringa på Stortinget for å få dette på plass igjen, understrekar Lund.

– Dette er ein skikkeleg nedtur etter at statsråden har snakka varmt om kor viktig boklova er for biblioteka. Denne boklova gjer dessverre ingenting nytt eller betre for bibliotekbrukarane, seier Lund.

– Ein framand og farleg måte å tenkje på

Norsk Bibliotekforening krev at biblioteka må få kjøpe lydbøker og e-bøker til same prinsipp som fysiske bøker, det vil seie at ein får kjøpe ei digital bok som blir lånt ut til ein lånar av gongen så lenge biblioteket ønskjer å ha boka i samlinga.

– Opphavarane får allereie kompensasjon for at biblioteka låner ut bøkene gjennom bibliotekvederlaget. Dette vart gjort om til ei teknologinøytral ordning i siste forhandling. Då er det berre rimeleg at biblioteka sine innkjøp og blir behandla teknologinøytralt, seier Vidar Lund.

I høyringsrunden i haust støtta Norsk Bibliotekforening framlegget til ny lov, ut frå at ho sikra at biblioteka kan byggje breie samlingar og ikkje prioritere bestseljarane.

– Det prinsipielt verste med regjeringa sitt framlegg, er at dei let det vera opp til forlaga kva bøker biblioteka skal låne ut. Dette er ein heilt framand og farleg måte å tenkje bibliotek på. Biblioteka er fyrst og fremst for lånarane, og skal kunne tilby alt som blir publisert i Noreg.